Meny

Ledelse

Aktuelt i
Vestnes

Kommunevalgprogram 2023-2027

Kommunevalgprogram 2023-2027

Vestnes Senterparti vil jobbe for trivsel og vekst i heile kommunen. Sosiale, kulturelle og økonomiske tiltak må hengje saman for å skapa gode vilkår for alle, uansett bustad eller yrke. Senterpartiet meiner gode lokalsamfunn blir til gjennom eit levande folkestyre som gjev folk tryggleik og identitet. Vi vil at alle skal oppleve kjensla av å høyre til.

Senterparti vil føre ein ansvarleg økonomisk politikk i kommunen der målet er å tilby gode tenester til innbyggjarane, samst-undes som vi vil tilpasse tenestene etter den demografiske utviklinga. Senterpartiet er for nasjonale vegprosjekt som gjer transporten sikrare og raskare for næringsliv og innbyggjarar.

Vestnes må fokusere på det som gjer oss unik. Det er folka, geografien og industrien som er Vestnes si klare styrke. Stadig fleire ser ut til å ha gløymt at dette. Vi treng difor ein kommunal politikk som på nytt løfter både sentrum, bygdene og alle kommunens innbyggjarar.
Senterpartiet vil jobbe for å tilrettelegge attraktive tomter for auka busetting. Vi må styrke marknadsføringa av dette.

Senterpartiet meiner at alle skal ha reell friheit til å busette seg der dei vil. Vestnes kommune består av fleire bygdelag og ulike samfunn krev ulike løysningar. Kommunen skal legge til rette for mange variantar av det gode liv, og Senterpartiet skal bidra til å stille spørsmål og kome med løysningar som er tilpassa dei ulike behova i kommunen.

For å imøtekomme ulike ynskjer om bustad er det viktig med tomter i heile kommunen, av ulik storleik og med ulike kvalitetar. Vi vil strekke oss langt for at det skal være mogleg å etablere seg der ein vil. Kommunen skal behandle søknader om tomter innan rimeleg tid og ynskje om å etablere seg skal veie tungt. Dei som ynskjer å etablere seg skal oppleve ein imøtekomande kommune, som gjev råd og legg til rette