Meny

Vestnes Senterparti vil jobbe for trivsel og vekst i heile kommunen. Sosiale, kulturelle og økonomiske tiltak må hengje saman for å skapa gode vilkår for alle, uansett bustad eller yrke. Senterpartiet meiner gode lokalsamfunn blir til gjennom eit levande folkestyre som gjev folk tryggleik og identitet. Vi vil at alle skal oppleve kjensla av å høyre til.

Senterparti vil føre ein ansvarleg økonomisk politikk i kommunen der målet er å tilby gode tenester til innbyggjarane, samst-undes som vi vil tilpasse tenestene etter den demografiske utviklinga. Senterpartiet er for nasjonale vegprosjekt som gjer transporten sikrare og raskare for næringsliv og innbyggjarar.

Vestnes må fokusere på det som gjer oss unik. Det er folka, geografien og industrien som er Vestnes si klare styrke. Stadig fleire ser ut til å ha gløymt at dette. Vi treng difor ein kommunal politikk som på nytt løfter både sentrum, bygdene og alle kommunens innbyggjarar.
Senterpartiet vil jobbe for å tilrettelegge attraktive tomter for auka busetting. Vi må styrke marknadsføringa av dette.

Senterpartiet meiner at alle skal ha reell friheit til å busette seg der dei vil. Vestnes kommune består av fleire bygdelag og ulike samfunn krev ulike løysningar. Kommunen skal legge til rette for mange variantar av det gode liv, og Senterpartiet skal bidra til å stille spørsmål og kome med løysningar som er tilpassa dei ulike behova i kommunen.

For å imøtekomme ulike ynskjer om bustad er det viktig med tomter i heile kommunen, av ulik storleik og med ulike kvalitetar. Vi vil strekke oss langt for at det skal være mogleg å etablere seg der ein vil. Kommunen skal behandle søknader om tomter innan rimeleg tid og ynskje om å etablere seg skal veie tungt. Dei som ynskjer å etablere seg skal oppleve ein imøtekomande kommune, som gjev råd og legg til rette

  • Oppvekst

Senterpartiet ynskjer at alle i kommunen skal ha gode oppvekst- og butilhøve. Vi vil satse meir på kvalitet i både skule og barnehage. Senterpartiet i Vestnes vil jobbe for at familiar skal ha moglegheit til barnehageplass når dei trenger det, og at barnehagar skal være ein del av lokalmiljøet der folk bur. Vi vil ha full barnehagedekning til ei kvar tid. Dette betyr at vi skal ha både store og små barnehagar.

Grunnskulen må styrkast med tilstrekkelege lærarkrefter og gode læremiddel. Kommunen skal leggje til rette for systemretta tiltak som hever læringsmiljø. Alle elever skal få undervisning ut frå sine forutsetningar. Vi er opptatt av at 6-åringane får ein skulekvardag som er prega av leik, og vil jobbe for at skulen vektlegg dette. Vi meiner innføring av skulemat kan være med å skape ein god læringsarena.

Ungdomsskulen må sikre at alle elever meistrar grunnferdighetar og får eit godt grunnlag for vidaregåande opplæring. Senterpartiet ynskjer ein ungdomsskule med fleire praktiske valfag og større moglegheiter for å velgje arbeidslivsretta valfag.

Det er behov for sterke fagmiljø rundt elevane, beståande av lærar, helsesjukepleiar, skulepsykolog, spesialpedagog, miljøarbeidar, rådgivar og sosionomar. Senterpartiet vil satse på skulehelsetenestene og tiltak som styrkar elevanes psykiske helse. Skulevegring, mobbing og psykisk uhelse er eit aukande problem som vi må klare å møte raskt med hensiktsmessige tiltak. Vi må sikre at kommunen har god kompetanse på å løyse utfordringar med skulevegring.

Vi vil fortsette å jobbe for ein NY FRITTSTÅANDE ungdomsskule samt få renovert andre skulebygg så snart som råd.

 

Kulturskulen treng også nye lokalar, og Senterpartiet vil jobbe for like moglegheiter for alle til å delta på ulike kulturtilbod.

 

  • Helse og omsorg

Innbyggjarane i Vestnes Kommune har krav på gode helsetenester og ei verdig omsorg. Vestnes har eit nytt flott helsehus og den demografisk utvikling pregar behovet for nokk plassar. Fasilitetane ligg til rette for ein god omsorgsteneste, men rekrutteringa av helsepersonell er ei utfordring.

  Senterpartiet vil at alle eldre og pleietrengande skal ha ein trygg kvardag heime, i omsorgsbustad, i bufellesskap eller på sjukeheim. Det skal tilretteleggjars for rett omsorgsnivå, til rett tid for den enkelte.

Senterpartiet ynskjer å tilby gode tenester på alle nivå i omsorgstrappa. Senterpartiet ynskjer å legge til rette for bufellesskap i heile kommunen med tenester frå heimesjukepleia. Vi ynskjer at eldre som har helse til det, skal kunne fortsette å leve livet i sin egen heim og samtidig være trygge.

For eldre som trenger ekstra tilsyn og tryggheit, kan bufellesskap samlokalisert med sjukeheim, være gode løysningar. Senterpartiet ynskjer at det leggast til rette for slike.

Gode dagtilbod som aktivisera og stimulera er viktig. Senterpartiet ynskjer gode dagsenter/aktivitetstilbod i hele kommunen. Vi vil bevare og utvide gode tilbod for menneske som har behov for tilrettelagt arbeid på grunn av en funksjonsnedsetting, både i aktivitetssenter og i det ordinære arbeidslivet.

Senterpartiet meina at det er behov for å sjå på struktur og organisering av bu- og habiliteringstenesta. Vi ser behovet for å styrke kvalitet og tryggheit for tenestemottakaren med tanke på kompetanse, stabil bemanning og føreseielege rammer.

 

  • Tryggleik

Uansett kor du bur i Vestnes, skal alle kjenne seg trygge og leve gode liv. Vi treng barnehagar, skular og helsetenester nær folk i heile kommunen.
 

God beredskap er lokalt forankra. Politi, brannvesen, helsetenester og frivillige redningstenester er viktige for den totale tryggleiken. Desentralisert organisering sikrar  god lokalkunnskap og kort responstid over heile kommunen.

Senterpartiet vil sikre drift og utvikling av brann- og ambulansestasjon i Vestnes, samt jobbe for at politiet skal få eigen tenesteeining i kommunen.

Frivilligheita er limet i samfunnet og vi vil leggje til rette for at frivilligheita skal ha gode kår. Vi ynskjer eit variert friluftsliv med god tilgang for alle.

 

  • Næring, samferdsel og miljø



Vestnes kommune er i ferd med å få eit sterkt miljø innan aquakultur, vi må derfor styrke kunnskapen om fiskerinæringa og få auka merksemda på sjømat. Senterpartiet vil styrke og legge til rette for maritim næring langs vår kystlinje. Vi vil derfor jobbe for Blå linje på Gjermundes VGS.

Det varierte næringslivet i Vestnes er med på å styrke kommunen i kampen om  arbeidsplassar og utvikling. For å skape levande lokalsamfunn treng ein arbeidsplassar og eit  næringsliv som hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt. For å få til dette må ein samarbeide  meir mellom utdanning og næring, mellom regionane og på tvers av næringar. Ein må derfor legge til rette for ny berekraftig næringsutvikling i kommunen.

Senterpartiet ynskjer å auke matproduksjonen og styrke landbruksnæring over heile kommunen med intensjon om auka nasjonal sjølvforsyning basert på norske ressursar. Vidareutvikle og styrkje næringsmiddelindustrien i og leggje til rette for at vi har tilgang på norske råvarer. 

Arbeide for at det skal etablerast beredskapslager med korn gjennom styrka gardslagring  og regional silokapasitet. Beredskap er meir en korn, det er også å leggja til rette for eit aktiv landbruk og sørge for god rekruttering til landbruket. Der er Gjermundnes VGS sentral. Vern av dyrkajord er her avgjerande.

 Vi vil redusere unødvendig kasting av mat og ynskjer å arbeide for å fjerne unødvendige standardiseringsordningar og nytte matressursane betre.

 

Senterpartiet er for nasjonale vegprosjekt som gjer transporten sikrare og raskare for næringsliv og innbyggjarar i samråd med næringslivet.

Senterpartiet seier ja til dei gode og jordnære klimaløysningane som både kutter utslepp og sørger for ny industri og arbeidsplassar. Konsekvensane av klimaendringane er for store til at vi kan kaste bort tiden på symbolpolitikk, moralske peikefingrar og avgifter som skyver klimabyrden over på folk som ikkje har valmoglegheiter.

Senterparitet i Vestnes vil at Vestnes kommune skal være aktiv og ta sin del for å nå klima måla. Ein føresetnad for å nå klimamåla er at framtidas energibruk blir meir berekraftig enn i dag. Aktiv skogforvaltning kan være ei hjelp til det.

 

Bilde1.jpg