Gå til hovedinnhold

Bygg ferdig E6!

Skrevet av: Ole Tvete Muriteigen
Ordfører i Sør-Fron
zCg7de_Q

«Når blir E6 bygd ferdig gjennom Ringebu og fram til Otta?» spør mange.

Fase 2 av ny, trafikksikker og effektiv E6 gjennom Gudbrandsdalen som skulle startast opp i 2018, byggast for statlege kroner og fordele bompengane på heile strekka. Slik det var lovd ut gjennom Prop. 51S (2012-2013).

Fordi så mange av oss har fått nok grått hår av venting og bombetaling for uferdig veg, er spørsmålet av dei beste og på nytt aktuelt inn mot stortingsvalet i haust.

Svaret hittil er å peike på Nye Veier AS. Eg retter ikkje kritikk mot Nye Veier. Reguleringsplanarbeidet er starta opp på nytt, men spørsmålet er; kor lenge må vi vente på at planar blir realisert og prioritert?

Når vil ferdigstilling av det andre starta opp med og det å bygge seg stykkevis og delt nordover Gudbrands gode gamle dal få høg nok samfunnsnyttescore – i konkurranse med andre store vegprosjekt?

Skal E6 blir bygd ferdig, må statlege kroner øyremerkast og løyvast over statsbudsjettet.
Det ville eg foreslått og arbeidd knallhardt for om eg kom på Stortinget.

Når ein står der ny E6 ender i steinrøysa på Sjoa og ser skogplantinga frå 2017 som snart er hogstmoden skog, er det med blanda kjensler å tenke attende på at vegprosjektet fekk prisen «Vakre Veger» i 2018.
Resten av vegen, trafikantar, lokalsamfunn og lokalbefolkning fortener ferdigstilling i tråd med desse ambisjonane.

Neste Storting kan sørge for det – om viljen er der.

Etter så mange år med venting er det freistande å minne om Peer Gynt sitt svar til Knappestøperen i 5. akt: «Viljen – eg hadde jo viljen, eg! Jeg vilde og vilde – og derfor blev intet!»