Finansiering av sjukehusa våre

Regjeringa seier ja til å bevilge pengar til det omdiskuterte Mjøssjukehuset i Innlandet, stod det å lese på NRK sine nettsider den 2. august. Det er satt av mellom 18 og 19 mrd. kroner i statsbudsjettet for 2026 annonserte Jonas Gahr Støre på tomta på Moelv.
Det er bra at regjeringa vil løyve pengar til nødvendige investeringar i sjukehusbygg i Innlandet, det skulle berre mangle. Problemet er at dette er lån med renter som skal betalast attende. Det må vere økonomisk berekraftig før ein kan ta opp lån, heiter det, fordi eit lån på opp mot 20 mrd. kroner vil krevje store overskot i drifta for å kunne betale rentene.
Når ein les protokollen frå styremøtet i Sykehuset Innlandet HF frå den 10. mars, er både administrerande direktør og styret tydelege på at det er heilt nødvendig at føretaket (sjukehusa) tilpassar økonomien framover for å sikre den økonomiske berekraft. Samtidig blir det frå ein av styremedlemmane etterlyst dokumentasjon eller orientering om innsparing gjennom strukturelle endringar og korleis dette skal gjennomførast i praksis.
Helse Sør-Øst behandla i sitt styremøte den 10. april spørsmålet om dei skal sende ein lånesøknad til Helse- og omsorgsdepartementet. Styret her var tydelege på at kravet til effektivisering av Sykehuset Innlandet HF fortsatt vil vere betydeleg og at det må arbeidast godt med kostnadsstyring og realistiske kuttlister. Det er meir krevjande å handtere auka kapitalkostnader ved utbygging av nye, store sjukehus enn ved gradvis utbygging av eksisterande anlegg eller utbyggingar av meir moderat størrelse, påpeiker dei. Dersom Mjøssjukehuset skal bli ein realitet, meiner styret at det er behov for særskilt statleg støtte for å kunne gjennomføre dette prosjektet. Styret ba derfor om at deler av finansieringa må gjevast som eit investeringstilskot.
Helseforetaksmodellen er slik at sjukehusa må låne frå staten og betale attende med renter. Dette meiner Senterpartiet er ein heilt feil måte å finansiere sjukehusa våre på. Dei store investeringane i sektoren står i fare for å knekke økonomien til helseføretaka. Dette medfører at gode tilbod over heile landet står i fare for å bli lagde ned for å sikre investeringskapital, noko som vil gå ut over drifta og pasientane. Senterpartiet vil avvikle helseføretaksmodellen og ta sjukehusa attende til folkevald styring og offentleg forvaltning. Vi vil føre vidare statleg eigarskap med direkte finansiering, men overføre dagens regionale ansvar til folkevalde sjukehusstyre, valt av medlemmane i fylkestinget. Desse skal styre innanfor rammene nedfelte av Stortinget i nasjonal helse- og samhandlingsplan. Vi vil at kommunehelsetenesta og kommuneleiinga blir representert i styra i lokalsjukehusa for å sikre bedre samarbeid mellom kommunar og statleg helseteneste lokalt.
Vi må forkaste rekneskapsmodellen som stiller krav til overskot, men heller ha ordinær forvaltningsrekneskap. Vi meiner at vi skal ha ein mykje større del med rammefinansiering av sjukehusa og skille mellom drift og investering for å sikre både fornuftig og nødvendig drift og investeringar som trengs.
Utifrå det både styra i Sykehuset Innlandet og Helse Sør-Øst har uttala, vil det bli heilt nødvendig med ei finansiering av investeringane i Innlandet basert på ein større del som investeringstilskot og ikkje berre som eit lån på opp mot 20 mrd. kroner. Dette må regjeringa lytte til og det må både garanterast og øyremerkast i statsbudsjettet.
Aud Hove, 5.kandidat for Sp i Oppland