Gå til hovedinnhold

Konfliktskapande og historielaust!

Bengt Fasteraune
Skrevet av: Bengt Fasteraune
Oppland
1506945157575

Rasmus Hansson frå Miljøpartiet dei Grøne (MDG), meiner det er ein god ide å innføre jaktfrie område i nasjonalparkane våre. Hovudargumentet til Hansson er at det store fleirtalet av nordmenn ikkje jaktar og at hovudformålet med nasjonalparkane er urørt og opprinneleg natur. Hansson skuldar i tillegg Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) for å «jakte konfliktar» fordi dei er ueinige med Hansson og MDG. For å ta det siste først: Når Rasmus Hansson fremmar forslag som dette vil det sjølvsagt føre til konfliktar. Dette veit Hansson! I sin iver og entusiasme over sitt eige fredingsforslag, «gløymer» Hansson det meste av det som naturleg nok gjer dette forslaget både konfliktfylt og historielaust.

Hansson har rett i ein ting, og det er at det er viktig å ta vare på nasjonalparkane våre. Dette har og vore gjort i tiår gjennom god lokal forvaltning. Nasjonalparkane består framleis av urørt natur sjølv om éin haustar av overskotet gjennom aktivitetar som jakt, fiske, bærplukking og utmarksbeite. Før desse areala i det heile tatt var påtenkt som nasjonalparkar, hadde dei vore forvalta på same måten i hundrevis av år. Den norske jakta er kunnskapsbasert, godt regulert og den norske jegerstanden held eit høgt nivå. Dei gjer éin viktig jobb som sikrar god forvaltning, også i nasjonalparkane. Lokale fjellstyre og villreinutval sørgjer for å regulere og stoppe jakta, når registreringar og teljingar tilseier at det er nødvendig å gjera det.

Hansson «gløymer» at nasjonalparkane utgjer ein del av sjølvforsyninga vår. I nasjonalparkar som til dømes Langsua, Jotunheimen og Rondane går det kvar sommar tusenvis av beitedyr på utmarksbeite. Vi har vondt for å sjå ein meir klimavennleg og kostnadseffektiv matproduksjon. Ein matproduksjon som er basert på tradisjonar og ikkje minst beiterettar gjennom hundrevis av år. For at dette skal fungere er det heilt nødvendig med god rovdyrforvaltning. Med Senterpartiet i regjering har heldigvis rovdyrforvaltninga fått ei betring. Dersom Hansson skulle få gjennomslag for sitt forslag om jaktfrie område vil det bli utfordrande, for ikkje å si umogleg, å gjennomføre god rovdyrforvaltning.

Avslutningsvis er det er viktig å bite seg merke til retorikken til Rasmus Hansson. Gjennom heile si argumentasjonsrekkja framstiller han dette fredingsforslaget som «bitte lite» og for å gjelde ubetydelege areal. Går ein inn på heimesidene til Oslo MDG, som er Hansson sitt lokallag, er dette fredingsforslaget noko dei ønskjer å rulle ut i ein langt større skala. I kommunar som til dømes Dovre, der 85 prosent av arealet er freda, vil eit slikt fredingsvedtak få store konsekvensar for dei som bur der, om Hansson og MDG skulle få gjennomslag for eit slikt vedtak og for ein slik politikk. Å forby jakt, noko som i realiteten vil opphøyra gamle jaktrettar, jegertradisjonar og kunnskap som strekker seg hundrevis av år attende i tid, samtidig som ein legg til rette for og oppfordrar til aukande ferdsel, er ingen farbar veg.

Bengt Fasteraune, stortingsrepresentant Oppland Senterparti, og Asbjørn Stensrud, Lillehammer Senterparti