Gå til hovedinnhold

Kommunesamanslåing?

Skrevet av: Frode Rolandsgard, styremedlem i Oppland Senterparti og lokallagsleder i Vestre Slidre Senterparti
20251018_093000

På Gjøvik og Toten kan det gå mot samanslåing til ein storkommune med 60 000 innbyggjarar. Østre og Vestre Toten med 13-14000 innbyggjarar kvar kjenner seg for små. Det er tankevekkande. Men avstandane er små på Toten. Så kva skal vi meine her i Valdres? Skal vi meine noko før vi veit framtidige rammevilkår? Og viss vi meiner noko, er det mogleg for alle debattantar å sjå på både fordeler og ulemper?

Kva er fordelane med ei samanslåing? Noko innsparing i administrasjon og større fagmiljø kan absolutt vera positivt. Kommunereforma er likevel ingen sparereform, seier dei med erfaring. Avstandane i Valdres er store og ein ny storkommune vil krevje ein del mellomleiarar og rådgjevarar, som kan bety meir byråkrati og rapportering. Men større kommunar kan vera ein måte å overføre fleire oppgåver frå stat og fylke til kommunane. Slike oppgåver kan isolert sett vera positive, men kva for oppgåver er lite konkret. Kan dagens Innlandet feks klare seg utan ein regional koordinator av vidaregåande opplæring, altså fylkeskommunen, eller vil det tvinge fram ein statleg koordinerande aktør? Valdreskommunane og staten har alt samla rundt 2-300 regionale stillingar i Fagernes/Leira-området. Denne sentreringa av arbeidsplassar kan ein sjå på som sponsing av regionsenteret. Ved ei samanslåing vil dette auke ytterlegare. Kanskje vil Fagernes og omegn då bli ei endå sterkare drivkraft i Valdres? Nokon i næringslivet meiner ei samanslåing vil vera ein fordel for utvikling. Eg veit ikkje. Ein storkommune vil også måtte prioritere kor dei vil satse og då kanskje helst i sentrale strøk, og truleg mindre på næringsutvikling i utkantane. Men ja, for dei sentrale områda av Valdres vil ei samanslåing sikkert vera bra.

På ulempe-sida mi, er det at småkommunane i Valdres driv bra. Vi leverer gode tenester  og kontroller sjølve dei tenestene som er viktigast for folk, dvs barnehage, skule, helse, kultur og mange tekniske tenester. Vi bestemmer sjølv over dei største investeringane i nærområdet vårt, slik som idrettshallar, sjukeheimar, barnehage- og skulebygg, gangvegar etc. Så samarbeider vi med dei andre valdreskommunane om veldig mykje av dei litt meir perifere tenestene, slik som søppelhenting, brann, museum, VLMS, kartsystem, IKT, barnevern, regional utvikling etc. Dei små kommunesenterar i Valdres er klynger av kompetansearbeidsplassar og held oppe ein del andre funksjonar lokalt, slik som lokalbankar, daglegvare, legesenter, fysioterapi, bibliotek rekneskapskontor og frisør og er ofte innkjøpar av tekniske tenester frå lokalt næringsliv. Slik blir områda rundt Vang, Slidre, Heggenes, Bruflat og Bagn attraktive og vitale bustadområde. I Vestre Slidre har vi for eksempel i dag ein av landets beste skuler. Vi har eit breitt kultur- og idrettstilbod for ungar både gjennom kommunale tilbod og frivillige organisasjonar. Alt er forankra lokalt. Vi har hatt god folketalsvekst ei stund no og eg trur det skuldast desse gode oppvekstvilkåra.

Eg saknar at dei som er for samanslåing anerkjenner at mykje vil gå tapt rundt dagens kommunesenterar viss alt blir samla på Fagernes. Eg ser aldri at tilhengjarar av kommunesamanslåing nemner dette og det synest eg er skuffande. Klarar folk berre å sjå saker frå ei side?

Ei anna ulempe eg har tenkt på er at ei samla kommune blir veldig stor. Vi pratar om kanskje 2500-3000 tilsette. Dette blir ein koloss i Valdressamanheng. Det kan bli utfordrande viss kommunedirektøren eller ordføraren slår seg vrang. Det skjer. I dag må seks ordførarar og/ eller seks kommunedirektørar diskutere seg fram til regionale løysingar. Eg likar eigentleg dette, for det er modererande. Demokratisk? Tja, ordførarane må forankre alt i kommunestyra og alternativet med 3-4 kommunestyrerepresentantar frå Vestre Slidre i ein ny storkommune er vel heller ikkje ei betring av lokaldemokratiet.

Utgangspunktet mitt er difor at eg trur aktivitet i seks kommunar gjev eit samla større resultat enn i éin mellomstor ein og at det samarbeidet vi har gjennom regionale selskap løyser mange av dei utfordringane vi har i dag. På den andre sida ønskjer eg ei fagleg utgreiing velkomen. Var det opp til meg burde Valdreskommunane søkje statsforvaltaren om midlar til å greie ut framtidig organisering av kommunane. Austlandsforsking som har gjort liknande analyser tidlegare. Kanskje er det ikkje éin kommune som er det rette, men 2, 3, 4 eller faktisk 6?