Tillitssamfunnet – vår viktigaste verdi
Noreg er bygd på tillit. Tillit mellom folk, mellom innbyggjarar og styresmakter, og mellom lokalsamfunn og staten. Denne tilliten er ikkje noko som kjem av seg sjølv – ho er eit resultat av generasjonar med fellesskap, dugnadsånd og eit sterkt folkestyre.
Noreg hadde ikkje vore så godt å bu i, om det ikkje var for tillit og dugnadsånd.
I ei tid der mange land opplever aukande polarisering, mistillit til politikarar og framvekst av ekstreme haldningar, må vi i Noreg ta vare på det som gjer oss unike: eit samfunn der folk stoler på kvarandre. Tillit gjer at vi kan ha eit effektivt næringsliv, eit sterkt velferdssystem og eit samfunn med små skilnader. Som det blir peika på i «Meld. St. 15 (2023–2024) Felles verdiar – felles ansvar», er høg tillit ein av dei største styrkane Noreg har – men og noko som kan rivast ned på kort tid dersom vi ikkje vernar om ho.
For Senterkvinnene, og Senterpartiet handlar tillit om meir enn ord. Det handlar om å ha tenester nær folk, om at avgjerder blir tekne lokalt, og om at folk kjenner seg høyrde. Når makt og ressursar blir flytta bort frå lokalsamfunna, svekkjer det både folkestyret og tilliten. Difor kjempar vi for eit desentralisert Noreg – med levande bygder, sterke kommunar og nærleik mellom folk og makt.
Tillitssamfunnet krev og rettferd. Når økonomisk kriminalitet, sosial dumping eller forskjellsbehandling får breie om seg, undergrev det fellesskapet. Stortinget har nyleg understreka dette i behandlinga av meldinga «Felles verdiar – felles ansvar», der det blir slått fast at økonomisk kriminalitet ikkje berre skadar økonomien, men og tilliten i samfunnet.
Tillitssamfunnet er ikkje noko vi kan ta for gitt. Det må byggjast kvar dag – i møte mellom naboar, i lokaldemokratiet, i næringslivet og i politikken. Vi må halde fast på verdiane som har gjort Noreg til eit av verdas beste land å bu i: små skilnader, sterke fellesskap og eit folkestyre som lyttar til heile landet.
La oss halde fast på det som bind oss saman – ikkje det som splittar oss.