Gå til hovedinnhold

Bygging og sikring av infrastruktur – staten må ta rekninga

Eit moderne samfunn krev utvikling og vedlikehald av infrastruktur. Ein kombinasjon av eit klima i endring og for lite pengar til bygging og sikring av kritisk infrastruktur, er dårleg nytt. Vegar, bane, næringsområder og bustader, samt den digitale infrastrukturen må sikrast.

Senterpartiet har vore tydelege på at det er staten som skal bruke midlar på bygging av breiband og fiber, men regjeringa har ikkje sett det slik. No har kommunar og fylkeskommunar brukt store summar og bygd fiberlinjer for å sikre sine innbyggjarar den naudsynte tilkoplinga. Oppland Senterparti ynskjer at kommunar og fylkeskommunar skal kunne søke og få refundert sine kostnadar knytt til utbygging av breiband og fiber til sine innbyggjarar. Slik havnar rekninga for utbyggingane der den høyrer heime, og kommunane kan bli betre stilt økonomisk til å sikre og vedlikehalde infrastrukturen.

I 2017 kom direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap med ein rapport, med tiltak som bør bli gjennomførte innan 2022, for å beskytte samfunnet vårt mot ekstremvêr og ekstremvêrhendingar som ras og flom. Utrekningar frå NVE viser at dei naudsynte tiltaka vil koste fire milliardar kroner. I statsbudsjettet for 2019 vart det sett av 349 millionar kroner til arbeidet. Berre i Innlandet trengst det over 400 millionar kroner for å gjennomføre sikringstiltak. For mange kommunar i Innlandet er det særs urovekkande at det førebyggande arbeidet mot ras og flaum ikkje blir styrka i større grad. Dagens regjering prioritetar ikkje nok midlar og ressursar for å møte framtida med klimaendringar og konsekvensane dei medfører.

Oppland Senterparti vil jobbe for:

  • Ei statleg refusjonsordning, slik at fylker og kommuner som har lagt ut for bygging av breiband og fiber kan få dekt utgiftene sine.
  • Prioritering av meir statlege midlar til arbeid med flaum- og rassikring, slik at NVE har tilstrekkeleg med midlar for å gjennomføre naudsynte sikringstiltak.

Vedtatt av fylkesårsmøtet til Oppland Senterparti 2020