Gå til hovedinnhold

Løysingane på klimautfordringa finn vi lokalt

Å stoppe klimaendringane er den største internasjonale utfordringa i vår tid. Norge og verda treng ei rask omstilling frå ein fossilbasert økonomi til ein økonomi basert på fornybare ressursar. Vi treng eit grønt skifte, der vi går frå bruk av svart, fossilt karbon, over til bruk av grønt karbon. Oppland Senterparti ynskjer ei stor satsing på lokal verdiskaping og bioøkonomi. Det vil bidra til  å løyse dei globale utfordringane og vil kunne skape svært mange nye arbeidsplassar i Innlandet.

Alt som kan lagast av olje kan også lagast av skog. Skogfylket Innlandet må ta ei leiande rolle i denne omstillinga. Det må opprettast eit nasjonalt grønt fond, til utvikling av teknologi som kan foredle det grøne karbonet.

Tradisjonelle trebygg med tre-isolasjon, laft eller massivtre er særs klimaeffektivt, fordi karbon her blir  bunde opp i lang tid. Offentlege byggeprosjekt bør i større grad nytte seg av tre. Det er viktig at skogplantinga vert halde oppe. Slik sikrar vi størst mogleg opptak av karbon, og nye råvarer i framtida.

Verdiskaping skjer i alle ledd. Difor er det også viktig å handsame meir avfall lokalt. Biobrensel-anlegg i Innlandet bør settast i stand til å handtere trevirke frå miljøstasjonane. Ved å halde resirkulert trevirke i regionen vil ein få mindre transport, og vi får lokal utnytting av ressursane våre. Det bør gjevast økonomisk stønad til anlegg , for innkjøp av reinseutstyr og handsaming av både reint og forureina trevirke.

Ein annan viktig faktor i det grøne skiftet vil vera lokal produksjon av varer og auka sjølvforsyning. Vi må ta meir av landet i bruk ved å satse på lokale bedrifter som nyttar lokale resursar. Vi må støtte opp om ei større nytting av utmarksbeiter. Det er også mogleg å utvikle kraftfór basert på lokalprodusert protein og karbohydrat, framfor importert soya.

Ei omstilling til eit meir miljøvenleg samfunn krev verkemiddel som gjer at næringslivet tek berekraftige val. Det bør innførast ei karbonavgift for vare-import. Det vil effektivt redusere unødvendig import, og det vil vri forbruk over til kortreiste produkt.

Oppland Senterparti vil:

  • Opprette eit bioøkonomifond til bruk i forsking, utvikling, innovasjon og ved nyetableringar
  • Innføre ei karbonavgift for vare-import
  • Bruke insentiv for at næringslivet skal motiverast til berekraftig åtferd
  • Stimulere til investering og utvikling i foredling av lokale råvarer
  • At ein ved alle offentlege nybygg må hente inn tilbod om å bygge i tre
  • Jobbe for at lover og forskrifter ikkje er til hinder for å bygge i tre
  • Stimulere til utvikling av ny teknologi for produksjon av fornybart drivstoff, og batteri-produksjon for tungtransport, tog, fly og båtar
  • Jobbe for ein høgare sjølvforsyningsgrad på fôr og mat, mellom anna ved auka bruk av beite og utmark
  • Stimulere til kraftfór-produksjon basert på lokale protein- og karbohydrat-kjelder
  • Støtte opp om utvikling av lokale biobrensel-anlegg for å nytte treverk frå lokale miljøstasjonar
  • Jobbe for ein klimanøytral infrastruktur i heile landet 

Vedtatt av fylkesårsmøtet til Oppland Senterparti 2020