Gå til hovedinnhold

Tilrettelagte lokale avhøyr av mindreårige

Oppland Senterparti vil at ei ambulerande teneste skal kunne gjennomføre tilrettelagte avhøyr av mindreårige.

Avhøyr er ein del av politiet si etterforsking, og skal gjennomførast av ein spesialutdanna politietterforskar, med erfaring innan saksområdet. Ved ei eventuell straffesak vil barn og unge under 16 år ikkje behøve å vitne i retten.

I dag må mindreårige i fylket vårt møte ved ungdomshuset på Hamar for avhøyr. Det inneber at barn må reise med politibil tidleg om morgonen, saman med til dels ukjende tenestemenn. På Hamar møter dei nye folk som dei ikkje har kjennskap til. Dette kan påverke kvaliteten på avhøyret og etterforskinga, og er i seg sjølv ei belastning for barnet. Det er også ei belastning for det lokale politi og for helsepersonell.

Oppland Senterparti meiner at det, i visse tilfelle, må gjerast mogleg å gjennomføre avhøyr i  dei lokala som barnevernstenester og lensmannskontor disponerer lokalt. Personell, frå til dømes KRIPOS og frå Barnehuset på Hamar, må da møte her, i det vi kan kalle ei ambulerande teneste.

Dette vil spare lokale ressursar, men det aller viktigaste vil vera at det vil gi mindre belastning for barnet det gjeld.

Ei ambulerande teneste vil:

  • Gje mindre belastning for barnet
  • Mindre bruk av ressursar til transport
  • Betre kvalitet på etterforskinga
  • Betre total ressursbruk

Vedtatt av fylkesårsmøtet til Oppland Senterparti 2020