Ein vidaregåande skule for framtida
I åra framover er det venta ein kraftig elevtalsnedgang i den vidaregåande skulen. Det er i ein slik situasjon særleg viktig å ha eit føreseieleg tilbod, av omsyn til elevar, tilsette og arbeidsliv. Allereie i dag er det vanskeleg å oppretthalde ein brei tilbodsstruktur, samstundes som bedrifter slit med å få tak i nok arbeidskraft med rett kompetanse. Dette kjem berre til å verta vanskelegare i åra som kjem. Det er viktig at vi førebur skulen for det som kjem og tek grep som fungerer på sikt, slik at ein slepp ostehøvel-kutt og kan ha eit føreseieleg tilbod.
Vi veit at dersom dei vidaregåande utdanningstilboda vert borte vil fråflyttinga med stort sannsyn auke. Normann-utvalet konkluderte med at til lenger ein held ungdomane på heimstaden, til større sannsyn er det for at dei kjem attende etter avslutta utdanning. Eit breitt studietilbod i ein desentralisert skulestruktur er difor eit viktig verkemiddel for å sikre utvikling i distrikta. For å få til dette ynskjer vi å lansere Innlandsmodellen. Denne modellen går ut på at skulane skal få utvikle eigne valfag som tek utgangspunkt i regionale fortrinn. På denne måten kan ein sikre lokal kompetanse som er naudsynt for næringslivet.
Fylkestinget har vedtatt å prøve ut ein pilot for ny opplæringsmodell på yrkesfaglege utdanningsprogram. Denne er basert på eitt år i skule og tre år i bedrift med digital supplerande undervisning frå skulen i programfag. Dette er eit grep for å sikre læreplassar i fag som elevar ønskjer utdanning i, men som det med dagens modell er vanskeleg å tilby nær der eleven bur. Modellen vil kunne gi betre rekruttering til bedrifter som treng arbeidskraft. For at dette skal lykkast vil det vera viktig med tett dialog og godt samarbeid mellom kommunar, fylkeskommune og næringsliv.
Det er viktig med kvalitet, kompetanse og eit godt læringsmiljø for å lykkast som utdanningsinstitusjon. Fokus på trygge arbeidsplassar er derfor naudsynt for å sikre kompetanse og kvalitet. I tillegg er det naudsynt at fylkeskommunen har arbeidsgjevaransvaret for dei som er tilsette som helserådgjevarar og i oppfølgingstenesta. På denne måten sikrar vi eit likeverdig tilbod til elevane på alle skulane våre.
Det er spesielt finansieringa og normtal-modellen som er naudsynt å endre.
I staden for at skulane skal finansierast etter elevtal, meiner vi at skulane burde få tilskot per klasse. På denne måten sikrar vi at distriktsskulane, som ikkje får fylte klasser, får eit likt økonomisk utgangspunkt som dei andre. Samstundes er det viktig at vi vidareførar og styrkar dagens ordning, der ein gjer særleg tilskot til skular med fleire skulestader, skular med høg grad yrkesfag og små skular med eit breitt tilbod.
Normtal-modellen gjev føringar for kva vidaregåande utdanningsprogram og programområde som skal setjast i gang, basert på søkjartal. Oppland Senterparti meiner ein bør sjå på endringar innan denne modellen, slik at den vert meir fleksibel og tilpassa ulike demografiske område.
Etter vidaregåande er det mange som tek eit år på folkehøgskule. Folkehøgskulane er viktige for lokalsamfunna og formar elevane livet ut. Dette er institusjonar det er viktig å sikre. Difor meiner vi at fylkeskommunen skal ta attende ansvaret for drift og gje driftstilskot til dei folkehøgskulane dei har hatt ansvaret for tidlegare.
Oppland Senterparti vil
- Innføre Innlandsmodellen, der ein gjev skulane valfridom til å utvikle eigne valfag som tek utgangspunkt i lokale fortrinn
- Legge meir av smal yrkesfagleg opplæring i bedrift, for å sikre at elevane og næringslivet får den utdanninga og kompetansen dei ynskjer
- Betre samhandlinga mellom vidaregåande skular, elevar og næringsliv, med mål om at alle skal ha moglegheit til å gå direkte inn i lære
- Innføre klassefinansiering i vidaregåande skule, i tillegg til dagens særfordelingskriteriar
- Gjere normtalsmodellen meir fleksibel og tilpassa for ulike demografiske område
- Inntektssystemet må sikre at fylkeskommunane får ansvaret for helserådgjevarar og oppfølgingsteneste. Før dette blir endra må fylkeskommunen bidra til at desse tilboda er like gode ved alle vidaregåande skular
- Jobbe for at det skal byggast fleire og større internat ved dei skulene som tilbyr særeigne studieretningar
- Balansere bruk av ny teknologi og fjernundervisning med tradisjonell undervisning, for å sikre eit breiare utdanningstilbod for alle elevar
- Verne om retten til reell gratis utdanning
- At fylkeskommunen framleis skal drifte og gi driftstilskot til tidlegare fylkeskommunalt drifta folkehøgskular
- Sikre gode avtaler mellom fylkeskommunane, slik at elevar på vidaregåande skular kan søke seg til nærskular på tvers av fylkesgrensene
- Arbeide for at «nasjonalt senter for yrkesfag» blir lagt til Raufoss
Vedtatt av fylkesårsmøtet til Oppland Senterparti 2022