Meny

Båttilbodet i Ryfylke under angrep

Ryfylke fortener eit kollektivtilbod. Det må vera effektivt og brukarvenleg. Då blir hurtigbåt fortsatt det føretrekte alternativet når ein skal reisa innover i Ryfylke. Eit tilbod som blir brukt tener både innbyggarane og fylkeskommunen. 

IMG_9771.jpg

Av Harald Halvorsen Løland

Det betyr noko kven som styrer. H, FrP, KrF og V, har tydelegvis bestemt seg for at hurtigbåt- og fergetilbodet i Ryfylke er den store stygge ulven i fylket sin økonomi. Det må gjerast endringar – og det fort. 

Kva assosiasjonar gir begrepet «buss for tog»? Eg antar dei aller fleste vil tenke på dette som negativt. Kva då med «buss for båt»? 

I budsjettet for 2024 vart det vedtatt at Hjelmelandsruta skal leggjast ned. I tillegg vil fleirtalspartia innføre betaling på ferjene til veglause øyar. Og dette før ein veit når tiltaka i praksis kan innførast med påfølgande usikkerhet om kor mykje faktiske innsparingar det er i 2024. Protestane har vore store frå innbyggjarar, pendlarar, hyttefolk, næringslivet og heilt til statsrådsnivå.

I budsjettbehandlinga vart det også varsla at fleirtalet ville utgreia om hurtigbåtane i Ryfylkebassenget skulle stoppa på Judaberg eller Tau. Og effektiviteten skal ein ikkje klaga på - 17. januar rapporterte blant anna NRK Lokalen at dette arbeidet er prioritert, og FrP sin Leif Arne Moi Nilsen uttaler at utgreiinga «snart er klar». Det mest oppsiktsvekkande er kanskje argumentasjonen – det er miljøaspektet FrP drar fram som kronargument for å erstatte hurtigbåt med buss. Då er det naturleg å minne om at det i same budsjett vert sett av store midlar til ladeinfrastruktur for hurtigbåtar i Ryfylke – allereie i 2024. Miljøargumentet framstår for meg som eit vikarierande motiv.

Kva er då så gale med å etablera Judaberg som stopp for båtane? Først og fremst at det vil medføra lengre reisetid (noko for øvrig Moi Nilsen allereie konkluderte med frå talarstolen i Fylkestinget i budsjettbehandlinga). Med to-tre stopp på vegen Judaberg-Stavanger vil reisetida auke med i beste fall 15 min, sannsynlegvis meir. Vidare vil reisa bli meir utfordrande for eldre og reisande med fysiske utfordringar. Skal du til dømes reisa frå Sauda til sjukehuset i Stavanger, vil du på dei fleste avgangane måtte bytte frå buss til båt til buss til buss/taxi. Dette vil også auke terskelen for å sende ungar åleine til besteforeldra eller på hytta i Ryfylke. 

Rogaland Senterparti viste i vårt alternative budsjettforslag at me også ser behov for endringar i kollektivtilbodet i Ryfylke. Blant anna føreslo me på at Hjelmlandsruta måtte gjennom ei vurdering, men at evt bortfall av hurtigbåtanløp måtte erstattast av t.d nye bussruter. Sjølsagt på vilkår av at rutestrukturen var kjent og alt klart for iverksetjing den dagen båten slutta å gå. Me meiner også at ny utsleppsfri teknologi er framtida for båttrafikken. Men inntil dei motortypane er klare for kommersiell drift bør dagens relativt nye båtpark nyttast. Det er i dag ikkje gode alternativ til diesel på lange ruter som til Sand og Sauda. Difor føreslo Senterpartiet også å avvente investering i ladeinfrastruktur i 2024, dersom t.d det er ammoniakkmotorar som er den naturlege teknologien å nytte på lange ruter om 5 år. 

Me i Senterpartiet håpar det vert gjort ei grundig og nøytral utgreiing av «buss for båt» - utan «forhåndsbestilte» føringar. Buss for båt på strekninga Judaberg-Stavanger medfører eit forringa tilbod og fare for mindre bruk. Då er det naturleg å tenkje seg neste trinn - for lite trafikk - færre ruter.