Bustadkrise eller distriktskrise – kva er eigentleg problemet i Rogaland?
I den offentlege debatten høyrer me stadig at me står midt i ei bustadkrise, seinast i leiar i Aftenbladet 7. mars. Det blir snakka om skyhøge prisar, unge som ikkje kjem inn på marknaden, og mangel på bustader i pressområda. Men det er ikkje berre ei bustadkrise me står i – det er vel så mykje ei distriktskrise.
For sanninga er at det finst tusenvis av ledige bustader og byggeklare tomter rundt om i landet. I mange distriktskommunar står hus tome og tomter byggeklare, medan prisane i byar som Stavanger, Oslo og Bergen blir pressa til nivå som gjer det umogleg for vanlege folk å etablere seg. Det er ikkje fordi me manglar bustader i Noreg – det er fordi me over tid og i stadig aukande grad konsentrerer både folk, arbeidsplassar og tenester i dei mest sentrale områda.
I Rogaland ser vi dette tydeleg. Bustadbygginga er sterkt konsentrert rundt Stavanger-regionen, medan mange mindre kommunar slit med å få bygd bustader. Demografi og folketalsutvikling i deler av Rogaland er urovekkande. I Suldal, den største kommunen i areal, vart det i 2025 fødd berre 25 barn. Det seier sitt om at vi står i ei distriktskrise, ikkje berre ei bustadkrise.
Når bustadpolitikken blir overlaten til marknaden, blir det bygd der prisane er høgast – ikkje nødvendigvis der samfunnet treng folk. Resultatet er auka press i byområda og svekka utvikling i distrikta. Det rammar både unge, barnefamiliar og arbeidsinnvandrarar som ønskjer å busetje seg utanfor byane. For mange kommunar på Haugalandet, i Dalane og i Ryfylke er dette ei reell bremsekloss for utvikling. Bustadmarknaden fungerer verken i byane eller distrikta.
Senterpartiet meiner løysinga ikkje er å byggje endå tettare i byane, men å ta politiske grep for å ta heile landet i bruk. Skal vi få bukt med bustadpresset i byane, må vi gjere det meir attraktivt å bu og arbeide i distrikta. Når folk får sterkare insentiv til å etablere seg der, vil presset på bustadmarknaden i byane minke.
Difor har vi kjempa for tiltak som sletting av studielån i distriktskommunar, billegare barnehage og ferje, og eit nytt distriktsfrådrag i skatten. Det trengst og økonomiske gulrøter for næringslivet for å oppretthalde og etablere seg i distrikta. Dette er politikk som gjer det meir attraktivt å busetje seg utanfor dei største byane.
Men vi må òg føre ein meir aktiv og stadstilpassa bustadpolitikk. Til dømes må kommunane få større handlingsrom i plan- og byggesaker og Husbanken må brukast der marknaden ikkje strekk til.
Og ikkje minst må bustadbygging koplast tettare til arbeidsplassutvikling, gode samferdselårer og opplevd nærhet til tenester. Kommunane på Jæren med kort tidsavstand og utbygd infrastruktur til Stavangerregionen viser at det er mulig å få folketalsvekst og bustadutvikling også utføre storbykjernen.
Rogaland er eit fylke med store moglegheiter – sterke næringsmiljø, levande lokalsamfunn og folk med vilje til å skape. Skal vi lukkast med å få kontroll på bustadkrise og distriktskrise, må vi sørgje for at det er vilje til å bygga, bu og bli i heile fylket.