Meny

Dei vil ha omkamp og Forsand til Strand

Les brevet frå Magnhild Meltveit Kleppa, Arne Bergsvåg og Odd Arild Kvaløy her 

 

Design uten navn (3).png

Til styret i Senterpartiet i Rogaland.

Eit representantforslag frå Olaug Bollestad om grensejusteringa mellom Nye Sandnes og Strand kommune ligg no til handsaming i Stortinget, og kommunalkomiteen vil leggja fram si innstilling 22. november.

Det gir ei ny mulighet for Senterpartiet til å ta omsyn til eit nytt viktig  moment som ligg på bordet sidan juni då kommunal- og regionalministeren kunngjorde regjeringa sin konklusjon.

Det er større usikkerhet omkring kva ferjetilbod som vil bli over Høgsfjorden, med dei følgjer det får for kvardagskontakten mellom Sandnes og tidlegare Forsand kommune.

Det er kjent at Sp i Rogaland, Sp sine stortingsrepresentantar frå Rogaland saman med resten av stortingsgruppa, og fleirtalet i fylkestinget etter initiativ frå Sp, er mot regjeringa si avgjerd.  Me ber difor med dette fylkesstyret i Senterpartiet engasjera seg inn mot stortingsgruppa for å sikra ein historisk, geografisk og logisk kommunestruktur i samsvar med folkeviljen.

Det sjeldan eit regjeringsparti røystar for eit forslag frå opposisjonen. Dette er ei slik sak, etter vårt syn. Her er ei ny mulighet for å sikra eit Ryfylke som held.

Me høyrer til eit parti som har i si grunnhaldning å lytta til folk. Leiaren i Senterpartiet er vel kjent med kaffikoppen som reiskap. Me er i eit parti som med sterkt engasjement forsvarar intensjonane i konsesjonsvilkåra for vasskraftutbygginga  om økonomisk kompensasjon til lokalsamfunna som har desse ressursane.  Ei grensejustering vil sikra at desse intensjonane blir ivaretekne. 

Denne saka bidreg dessverre til at biletet av Sp som forsvarar av nærleik og lokaldemokrati er i ferd med å falma. Me har difor ei innstendig oppfordring til Senterpartiet i Rogaland om å ta denne saka på største alvor inn mot partiet si stortingsgruppe.

Senterpartiet kan ikkje, og må ikkje bli partiet som tvingast til å sikrar Frp og Ap fleirtal for ei tilråding som på alle sentrale punkt er i strid med partiet sine grunnhaldningar.