Eit skjebneval for sosial utjamning, velferd og inkludering

I år meiner Magnhild Meltveit Kleppa, Arne Bergsvåg, Odd Arild Kvaløy og Bjarne Undheim at valet er viktigare enn nokon gong.
I ordets vidaste forstand handlar det om verdiar, slår dei fire fast.
Geografisk og sosial utjamning, velferd og inkludering. Og den politiske retninga folket vel, vil avgjera utviklinga for landbruket, matproduksjon og beredskap, busetjing og verdiskaping i distrikta.
Det handlar om framtida for Rogaland og landet elles, meiner firkløveret.
«Ei stemme til KrF, er ei stemme for eit endå sterkare FrP. Det er tankevekkjande i ei tid der vi treng eit ope samfunn og inkludering», seier Magnhild Meltveit Kleppa. Med lang erfaring frå regjering og som tidlegare statsråd i tre departement, er ho ein nestor i norsk politikk.
I samband med årets val er ho òg oppteken av viktige, regionale saker.
Eit framleis sterkt matfylke er ei av dei.
«Rogaland treng Geir Pollestad på Stortinget», slår ho fast.
For Arne Bergsvåg handlar valet om eit rekneskap som, anten vi vil eller ikkje, må gå opp. Som tidlegare fylkesvaraordførar og ordførar i kommunane Vindafjord og Ølen, etterlyser han uredde politikarar som tør stå ved at store skattekutt og naudsynt satsing på helse og omsorg, skule og politi, ikkje går i hop.
«Å sjå verkelegheita i augo, krev politisk mot. Det har Geir Pollestad og den øvrige Senterpartilista i Rogaland», seier han.
«For heile Noreg, mot sentralisering», er ei fanesak for tidlegare fylkesordførar Odd Arild Kvaløy. Han meiner Rogaland treng Geir Pollestad som ei sterk stemme på tinget, og trekkjer fram Senterpartiet som utvilsamt har løfta temaet.
«Vi snakkar om investeringar – i prioritering, pengar og kunnskap.
Eit verdival med følgjer for landet vårt i generasjonar framover», seier han.
Som tidlegare leiar i Norsk Bondelag, er Bjarne Undheim oppteken av det positive rekneskapet bøndene, ikkje minst i Rogaland, har sett dei siste åra. Samstundes åtvarar han.
«Ein landbrukspolitikk å leva av, kjem ikkje av seg sjølv. Valet står om ein sterk næring med drift over heile landet. Eit politisk frislipp av tollvern, overføringar og marknadsregulering vil vera dramatisk. Mi oppmoding til bøndene er difor å tenkja seg godt om ved årets val», seier den tidlegare bondelagsleiaren.