Meny
Skjermbilde 2023-03-13 kl. 20.09.21

Folket må ha makta over sjukehusa!

Senterpartiet i Rogaland meiner at sjukehusa igjen må bli til for innbyggjarane og pasientane.

Av Vidar Nedrebø, fylkesleiar i Rogaland Senterparti, og Lisa Marie Ness Klungland, Stortingsrepresentant (Sp)

Målet med sjukehusdrift skal vere å tilby god pleie, omsorg og behandling nær folk. Det er ikkje noko tvil om at Senterpartiet i Rogaland meiner at sjukehusa våre er organisert på feil måte. Me har sidan før innføringa av helseføretaksmodellen vore sterkt kritisk til å setje bedriftsøkonomi og målstyring øvst, frikopla frå folkevald styring. I dag opplevast spesialisthelsetenesta som eit konstruert marknad mellom offentlege aktørar, der pasientar er kundar og behandlingar er varesal.

Helse bør ikkje vera butikk
Leiinga ved SUS har i ein kornokk etterspurd endringar i finansiering av sjukehusbygg. Paradokset ligg i at helseføretaka må følgje rekneskapslova, der drift og investeringar går over same budsjett. Der investeringar må bli finansiert ved kutt i drift eller på anna måte sikre at sjukehusa får økonomisk overskot. Me meiner at poenget med helsetenester ikkje er å gå med overskot. Kunne ikkje Stortinget heller ha betalt for deler av bygginga direkte?

Arbeidet med første byggetrinnet på Stavanger universitetssjukehus (Nye SUS) er godt i gang, og er planlagd ferdig hausten 2024. Sjukehuset vil i etterkant av dette drive med halve drifta på Nye SUS og halve drifta på «gamle» SUS. Dei fleste polikliniske avdelingar vil bli igjen på gamle SUS. Det vil medføra driftsulemper. Byggetrinn 2 skulle etter planen fullførast i løpet av dei neste ti åra. Nå er dette byggetrinnet utsett på ubestemt tid, grunna blant anna pandemien der helseføretaket ikkje har hatt høve til å spara opp nok eigenkapital.

For at sjukehusa skal vera gode arbeidsplassar for dei som jobbar der, må det vera mogleg å pendla til og frå. Utbygging av SUS er sett i gong av staten og helseføretaket, medan dei regionale og lokale folkevalde må ta ansvar for kollektiv, vegutbygging og parkeringsplassar. Ikkje noko av dette var på plass. Fylkeskommunen er ein viktig aktør og Senterpartiet i Rogaland vil ta ansvar for å sikra at alt dette kjem på plass.

Ein ny finansieringsmåte
I dag ligg mange av dei aller viktigaste spørsmåla om sjukehus hos styre og direktørar i helseføretaka. På denne måten blir det politiske ansvaret pulverisert når upopulære avgjersler skal takast, som nedlegging av sjukehus og sentralisering av fødetilbod. Det bør vera dei folkevalde, dei som du kan røyste på eller la vera å røyste på ved val, som bestemmer over helsetilbodet i Norge.

Senterpartiet i Rogaland ønsker å styrka det offentlege helsevesenet, og minska sosiale og geografiske skilnader. Det arbeider me for kvar dag. For oss verkar det som om helseføretaka driv ut frå bedriftsøkonomiske omsyn, og ikkje ut frå kva som er behovet for helsetenester i befolkninga. Målet må vera gode og likeverdige helsetenester i heile landet. Me meiner difor det er på høg tid, slik leiinga i SUS tar til orde for, at sjukehuset blir finansiert på ein måte som sikrar både drift og investeringar.