Meny

Høgre sin ungdomsskulereform

Born spør i gjenomsnitt heile 73 spørsmål kvar dag. Små born er svært nysgjerrige av natur. Dei er skapt for å lære, og sug til seg ny kunnskap som ein svamp når det skjer på deira premisser: I naturleg setting, kor kunnskapen er relevant for dei.

Av Hanne Marte Vatnaland, førstekandidat, Rogaland Senterparti

IMG_2771.jpg

Så skjer det noko. Lærelysta og motivasjonen daler gjennom 5-7. klasse, før den når botn på ungdomsskulen.

Høgre samla tverrpolitisk oppslutning for ein ungdomsskulereform like etter regjeringsskiftet. Det skal dei ha. Sjølvsagt kunne dei ha starta arbeidet iløpet av dei 8 åra dei sat i regjering, kanskje særleg i forkant av nye læreplanar i 2020. Dei nye læreplanane (LK20) er nemlig eit stort steg i riktig retning, meir leikande læring for dei yngste, og meir praktisk læring for dei eldste.

Endring i skulen tek tid, det må politikarar forstå. Særleg når ein skal handtere ein pandemi i tillegg. Gi skulen og kompetente lærarar ro og ressursar til å ta i bruk LK20, så vil dyktige lærarar bruke den til å skape læringslyst, meistring og trivsel. I staden kaster ein fleire velmeinte intensjonar på det byråkratiske bålet.

Slik som Høgre si liste til 80 tiltak i ungdomsskulen. Nokre av desse er strengt tatt å slå inn opne dører. Eg vert i alle fall «øvegidde» om det finst ungdomsskular som ikkje har eit fråværsregister. Dei tiltaka som er nye derimot, viser skarpe skillelinjer mellom Høgre og Senterpartiet i korleis ein gjer ungdomsskulen meir motiverande.

Fleire naturfagtimar, tilnærma bacherloroppgåve etter 10. trinn, meir nasjonale prøvar og eit ekstra år med ungdomsskule. Av alle ting. Meir av det som ikkje fungerer, med andre ord. Løysninga er absolutt, verkeleg, på inga måte ein meir teoritung skule.

Senterpartiet har tru på behovet for meir praktisk og aktiv læring, å styrke laget rundt eleven og gi meir tid og tillit til lærarane. Her er dei politiske skiljelinjene allereie svært tydelege. Eg er difor svært glad for at Senterpartiet har ei hand på rattet i arbeidet som no kjem med ein ungdomsskulereform.