Meny
Design uten navn (3)

Me treng ei storstilt kvinnehelsesatsing

Den siste tida har det blitt store reaksjonar på at estetisk pleie har blitt fronta og marknadsført i kvinnehelsa sitt namn.

Av Hanne Marte Vatnaland og Lisa Marie Ness Klungland

Me kan først og fremst stadfesta at dette overhovudet ikkje heng saman. Skjønnheitspleie kan ikkje lindra dei fysiske plagene me har med hormonelle påverknadar og lidingar som kjem frå reproduktive organ (ja, det blir framleis kalla det). Muskel- og skjelettplagar treng ei heilskapleg tilnærming, ikkje ein stol som ristar.

Lite forska på
Heldigvis har mange viktige og evidensbaserte debattar blitt løfta dei siste åra når det kjem til kvinnehelse. Den nemnte skjønnheitsklinikken har òg skapa eit stort engasjement i det norske samfunnet. Helseplagar- og lidingar som særskild kvinner får er lite forska på, me har lite kompetanse og kunnskap. Det har rett og slett blitt underprioritert.

Kvinnehelseutval
Den førre regjeringa sette ned eit kvinnehelseutval, som skal levera sin rapport 8. mars neste år. I haust utvida vår regjering dette utvalet med ein fastlege, ei jordmor og ein sjukepleiar frå fagrørsla. I tillegg vil me i Senterpartiet og Arbeiderpartiet at rapporten skal resultera i ein heilt ny strategi for kvinnehelse, samt at seksuell og reproduktiv helse og belastningsskadar blir trekte fram som viktige tema. Arbeidet til fastlegen blir lagt særleg vekt på i møte med kvinnesjukdomar. Difor er det å styrka fastlegeordninga svært viktig i dette arbeidet.

Satsa på og prioritera
Me har ein lang veg å gå. Sp/Ap-regjeringa er den første regjeringa som nemner kvinnehelse i sitt program – og det var i 2021! Tiltaka som kjem er sterke og vil endra korleis kvinner sine helseutfordringar blir møtt. Først og fremst slår me fast at å satsa på og prioritera kvinnehelse skapar likeverdige helsetenester. Me skal satsa på kunnskap om og betre utgreiing, behandling og oppfølging av kvinnehelse i helsetenesta.

Abortlova
I vår sette me ned utvalet som skal sjå på abortlova, oppfølginga av kvinner som opplev svangerskapsavbrot og sjå på alternativ til dagens abortnemnder. Me skal legga til rette for eit fagleg forsvarleg val mellom medikamentell og kirurgisk abort, og styrka oppfølginga etter ein abort for kvinner som har behov for det. Vidare vil me styrka kvinnehelseforsking og forbetra informasjonsarbeidet og tilbodet innan seksuell og reproduktiv helse. Avslutningsvis vil me nemna at finansieringssystema me har i sjukehusa våre og for fastlegane gjer det lite lønsamt for dei med fødande kvinner og å behandla og følgja opp typiske kvinnesjukdomar. Dette vil me og må me endra.