Meny

Suldøl på jakt etter fleire moglegheiter for Ryfylke

Det er inga naturlov at alt skal sentraliserast. Ryfylke er klar for nye næringar, fleire arbeidsplassar og verdiskaping for framtida, seier Harald Halvorsen Løland (48), Rogaland Senterparti sin 4. kandidat til fylkestingsvalet. 

AY3A4713[5].jpg

Harald bur i Suldal, men jobbar i Sauda kor han er konstituert dagleg leiar i næringsutviklingsselskapet der. Den opphavlege yrkestittelen hans, moglegheitsutviklar, er kanskje endå meir dekkande for det han brenn for – nemleg å skapa vekst for distrikta. 

For moglegheitene står i kø, ikkje minst i denne delen av Rogaland. I samband med det grøne skiftet, til dømes. Kommunane har kraft, kortreist energi, så det held. 

Senterparti-politikaren er stolt over industrihistoria i denne delen av Rogaland, og trekker fram fisk og landbruk i Hjelmeland, bergverk og landbruk i Suldal og dei rike industritradisjonane i Sauda. 

-Vasskrafta kom 50-60 år før olja, og slik sett var Rogaland eit energifylke allereie den gong. Det er dette som er sjølve grunnsteinen i fylket vårt. Ta Sauda som døme. Her har folk gjennom over 100 år skapt levebrødet sitt basert på det krafta har gitt oss, seier han. 

No handlar det om å visa fram Ryfylke og distrikta – og alle moglegheitene her. 

-Me må synleggjera oss på andre måtar enn det meir sentrale delar av fylket gjer. Der går ting i større grad av seg sjølv. Det gjer det ikkje hos oss, anten me bur og arbeider i indre Ryfylke, deler av Haugalandet eller i Dalane. 

Det handlar om avstandar, om helsetilbod, skule og utdanning, sjukehus og kor langt du ofte må reisa om du skal besøkja eit offentleg kontor eller regionale styresmakter. Har du ungar som skal til reguleringstannlege, går det fort ein dag. Ingen tvil om at det er fantastisk å bu i flotte omgivnader, slik Harald og familien gjer i Vanvik i Hylsfjorden, men det har òg utfordringane sine. 

Derfor er gode vegar kanskje den viktigaste føresetnaden for vekst og utvikling. Det må vera trygt for folk å senda ungane i skulebussen fram og tilbake kvar dag. RV. 13 og Rødsliane har i årevis vore ei kampsak for folk i denne delen av Ryfylke. Omsider skjer det noko her, og Harald både håpar og trur på oppstart på arbeidet for ein tryggare veg i 2024/2025. 

Som fylkespolitikar er han oppteken av å halda oppe og styrkja viktige, lokale tilbod. Vidaregåande skule og desentralisert utdanning, vegnettet og kollektivtilbod inkludert hurtigbåt, er blant føresetnadene for vidare vekst. Det vil auka sjansen for at dagens unge vel heimstaden i Ryfylke når dei er vaksne, skal stifta familie å få seg jobb. 

-Skal du driva med politikk i delen her, må du ha visse eigenskapar. Noko av det viktigaste, er tolmod og kondisjon. Skal me få gjennom saker, må me stå på gasspedealen og ikkje gi slepp, seier 48-åringen heimehøyrande i Vanvik. 

Her bur han og familien. Her er han sauebonde, eller «litt sauebonde», slik han sjølv seier det. Her er folk nær alle store opplevingar. Det er ikkje meir enn ein halv time mellom tur på fjorden eller topptur i vakker natur like i nærleiken. Ski. Jakt. Ingenting er umogleg i Hylsfjorden. 

-Her er det godt å bu. Kven flyttar nokon gong frå noko slikt, spør Harald Halvorsen Løland.