Meny
Forslag til budsjett og økonomiplan 2023-2026

Budsjett og økonomiplan 2023-2026

Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti samarbeider om felles forslag til budsjett og økonomiplan 2023-2026.

2023 og følgande periode er ein krevjande periode for Sauda kommune og innbyggarane i kommunen. Det er stor lønns- og prisvekst, noko som gjer at utgiftene til kommunen veks meir enn førespegla i tidlegare vedtekne økonomiplanar.

Sauda kommune har neste år større inntekter frå kraft enn tidlegare år. Mykje av dei ekstraordinære inntektene er det varsla at staten skal inndra over rammetilskotet. Budsjettet tek høgde for dette, og det er avsett totalt 52 millionar kroner. I tillegg er budsjettet justert med ein auke i eigedomsskatteinntektene frå kraftverk etter siste oppdaterte eigedomsskattegrunnlag.

Samla budsjett legg opp til eit brutto driftsresultat på 13,3 % av driftsinntektene og eit netto driftsresultat på 10,7%. Det er forventa eit overskot på over 57 millionar kroner. Overskotet vert avsett til disposisjonsfond.

Sauda kommune har ei drift og eit utgiftsnivå som er langt høgare enn ein kan tillata over tid. Det har vore eit vedtatt mål om å ta ned utgiftsnivået og gjera seg mindre avhengig av kraftinntektene. Samarbeidspartia har over tid hatt fokus på innsparingar og har sett i gong prosjektet Omstilling Sauda 2025. Prosjektet har fokus også i 2023, og det er forventa å sjå resultat ved 1. tertial

For innbyggarane aukar dei kommunale utgiftene. Dette kjem i tillegg til den generelle prisveksten i samfunnet. Folk er forventa å få trongare økonomi. Samarbeidspartia har gjort grep for å dempa veksten i kommunale avgifter i budsjettet. I tillegg vil ein setta fokus på spesielt utsette grupper og utgreia kva kommunen kan gjera for desse.

Det er lagt opp til eit svært lavt investeringsnivå i budsjettet. Ein vil prioritera å fullføra allereie vedtekne prosjekt før ein set i gong nye. Dette vil senke låneramma og renteutgiftene til kommunen.

LAST NED FORSLAGET HER