Senterpartiet i Sauda sitt valgprogram 2023-2027
VIL DU AT ASBJØRN SKAL FORTSETTA SOM ORDFØRAR NESTE PERIODE? DÅ ER SENTERPARTIET DET RETTE VALET!
Senterpartiet har i åtte år hatt ordføraren i Sauda og styrt Sauda i positiv retning i lag med dei andre partia i kommunestyret. Me ønsker å vidareføra eit godt samarbeid med andre parti og samarbeidspartnarar, selga Sauda ute i verda og skapa vekst i åra som kjem. I Senterpartiet sitt nasjonale program er partiet opptatt av å bygga samfunnet nedanfrå. Senterpartiet arbeider for eit samfunn med små sosiale, geografiske og økonomiske skilnader, med rettferdig fordeling, gode levekår og sosial tillit. Senterpartiet vil jobba for at arbeidsplassar, infrastruktur, velferdstilbod, tryggleik og moglegheiter finst over heile Noreg og med det arbeida mot sentralisering. Dette er verdiar me i Senterpartiet i Sauda legg til grunn for arbeidet vårt.
NÆRINGSUTVIKLING
Senterpartiet har hatt fokus på nye næringsareal, realisering av strategisk næringsplan og reiselivsutvikling med mellom anna satsinga i Svandal og prioritert ressursar til næringsarbeidet. Fleire store næringsaktørar viser interesse for Sauda, og me har jobba tett opp mot regjering og verkemiddelapparat for å få utvikling i Sauda.
Senterpartiet meiner at ei av dei viktigaste oppgåvene framover blir å sikra og vidareutvikla eksisterande arbeidsplassar samt legga til rette for nye. Me vil styrka kommunal satsing på næringslivsutvikling i nært samarbeid med eksisterande næringsliv. Senterpartiet vil legga meir til rette for å driva med jord- og skogbruk. Me ønsker fleire reiselivsaktørar, ny industri som oppdrettsanlegg og ammoniakkfabrikk og vekst i eksisterande bedrifter som kan gi fleire arbeidsplassar. Kommunen skal fortsatt ha ei offensiv tilnærming for å selga Sauda ute i verda.
HELSE OG VELFERD
Med Senterpartiet i posisjon har ein samla ressursane rundt Åbøtunet, utvida Sauda DMS, etablert nye lokal til Barnevernet, endra ordning for nattevakt, starta arbeidet med Livsgledeheim og etablert frivilligstrategi.
Senterpartiet vil ha ei brei vurdering av korleis ein skal imøtegå kommande behov for meir eldreomsorg og arbeida for realisering av eit tilbod som står i stil til behovet. Me vil vidareutvikla Åbøtunet med fleire institusjonsplassar og oppgradering av hage- og uteområdet og støtta opp om å få til eit levande godt felleskap både ute og inne. Senterpartiet vil bygga fleire bueiningar i Torsvegen. Me vil også jobba for aldersvenlege og inkluderande nærmiljø, fleire gode sentrumsnære aldersvenlege bufelleskap og legga til rette for møte på tvers av generasjonar og ulike grupper.
Me ønsker stabil drift av legekontor og legevakt for å sikra innbyggarane forutsigbare og trygge tenester. Senterpartiet vil ha ei brei evaluering av legekontor og legevakt for å få på plass ei løysing som gir stabil legedekning.
Senterpartiet vil støtta opp om det fantastiske frivillige arbeidet som blir gjort i Sauda og som er avgjerande for trivselen til heile bygda. Me ønsker å setta meir fokus på frivillig arbeid for og av eldre. Denne gruppa har mykje å bidra med, og frivillig arbeid gir betre helse og økt livskvalitet ikkje berre for mottakarane, men vel så mykje for dei som utfører arbeidet.
Me vil også jobba for vederlagsfrie lokale til frivillige grupper, lag og foreiningar som til dømes i kinosalen og foajeen på rådhuset.
Senterpartiet vil ha større fokus på psykisk helse og vil vera ein pådrivar for at bevisstgjering om dette startar tidlegare i grunnskulen.
BARNEHAGE OG SKULE
Dei siste åtte åra har me prioritert skule- og oppvekstsektoren i budsjetta og investert i bygg og uteområde.
Senterpartiet meiner det ikkje er tid for ny debatt om skulestruktur i kommunen vår. Det er ikkje økonomisk forsvarleg å bygga ny stor skule, og alternativet med tredeling som er foreslått er ikkje ei god pedagogisk løysing. I Saudasjøen er to nye bustadfelt ferdig planlagt, og me vel å ikkje planlegga for nedgang i folketalet.
Me vil snarare satsa på barnehage og skule i Sauda - med tenester nær folk. Me vil prioritera tidleg innsats gjennom å fortsetta det gode BTI-arbeidet i kommunen og styrka helsestasjonen. Gjennom førebyggande arbeid vil me betra folkehelsa og spara samfunnet for store utgifter. For Senterpartiet er det viktig å sikra god kvalitet og forsvarleg drift i oppvekstsektoren på lang sikt.
Me vil etablera eit tverrfagleg, ambulerande team med ressurspersonar som kan gå inn i skule og barnehage og bidra der det trengst mest. Med eit slikt team vil tilsette ha moglegheit for å få hjelp utanfrå i situasjonar der ting kjennest vanskeleg, og klassar og grupper vil kunna få rask hjelp av til dømes spesialpedagog.
TRIVSEL OG MILJØ
Med Senterpartiet i posisjon har me satsa på utbygging av fjernvarmenettet og fått på plass eit nytt renseanlegg som tilfredsstiller dagens krav. Me har satsa på utvikling av Sauda som ein bu- og reiselivsdestinasjon gjennom vedtak av ny kommuneplan.
Nøkkelen til vekst i innbyggartal er å jobba for eit lokalsamfunn med høg bu- og næringsattraktivitet. Me ønsker å legga til rette for eit levande sentrum, god aktivitet på Folkets Hus og Saudahallen, eit rikt frivillig organisasjonsliv, turløyper og løypekøyring, attraktive hus- og hyttetomter og eit interessant reiselivstilbod.
Sauda har med sine korte avstandar gode føresetnader for gåing og sykling, noko me vil legge meir tilrette for med å fortsetta å utvida gang- og sykkelnettet i kommunen.
Senterpartiet ønsker å fortsetta utbygginga av fjernvarmenettet slik at me på best mogleg måte kan bruka overskotsenergien til å skapa ny grøn industri og halda energikostnadene nede. Det er viktig å halde oppe trykket på utbygging av VA-nettet for å få nettet opp til forskriftsmessig standard. Eit oppgradert nett vil i framtida redusera vedlikehaldskostnader og kommunale avgifter.
SAMFERDSEL
Senterpartiet har løfta fram Saudatunnel, sikra hurtigbåttilbodet, fått fylkesvegprojekt inn i handlingsprogram og satsa på utfartsvegar.
For å få til nyetableringar og folkevekst er me avhengige av rask og god tilkomst til og frå Sauda. Dagens vegar inn og ut av Sauda må haldast ved like og utbetrast, og me vil arbeida vidare med vegtilknyting til E134 gjennom Saudatunnelen. Dette vil bli ein viktig heilårsveg, som vil knyta Sauda tettare til Haugalandet, Sunnhordaland og Hardanger.
Me er også avhengige av gode offentlege transportmiddel og vil arbeida både på fylkesnivå og nasjonalt nivå for å styrka dagens kollektivtilbod med buss og hurtigbåt. Utfartsvegane våre er viktige for fastbuande og besøkande, og me vil prioritera oppgradering av utfartsvegar den kommande perioden. Senterpartiet vil halda trykket oppe på arbeidet for å få bygd høgfartstog over Haukeli.
BEREKRAFTIG ØKONOMI
Senterpartiet har satt i gang eit omstillingsarbeid som skal sikra ei bærekraftig utvikling av økonomien. Ein meir robust økonomi gjer oss betre i stand til å tilby gode tenester og skapa eit godt lokalsamfunn som er attraktivt for både oss som bur her og tilflyttarar.
Senterpartiet vil arbeida for ei sikker og kontrollert økonomistyring for å kunna levera gode velferdstenester innan helse, skule, barnehagar og samfunnsutvikling. Sauda kommune må bli mindre avhengig av kraftrelaterte inntekter. Omstillingsarbeidet Sauda 2025 skal sørga for å etablera ei framtidsretta drift av kommunen.
UNG I SAUDA
Senterpartiet vil satsa på framtidas vaksne. Det er viktig å legga til rette for gode tilbod som gjer at ungdommen blir verande eller kjem tilbake til Sauda.
Me vil arbeida for breiare involvering av ungdomsrådet i kommunale prosessar. Senterpartiet vil arbeida for eit betre tilbod til unge i alderen 15-18 år på kveldstid, og me vil arbeida for ei løysing med offentleg badeplass med stupefasilitetar i Saudafjorden.