Meny

GRENSEJUSTERINGSSAKA i FORSAND, ROGALAND

Frå Kommunerådsmøte i Strand SP 28.juni 2022

Til Senterpartiet ved partileiar Trygve Slagsvold Vedum
Senterpartiet ved Parlamentarisk leiar Marit Arnstad
Stortingsgruppa

GRENSEJUSTERINGSSAKA i FORSAND, ROGALAND – Senterpartiet går på akkord med kjerneverdiene sine

«Tiden for overkjøring av lokalsamfunn er over. Ingen kommuner eller fylker skal oppleve verken tvang eller press om å slå seg sammen. Lokalsamfunn skal bestemme mer selv», står det i Hurdalsplattforma.

Avgjerda frå regjeringa, offentleggjort 22.juni 2022, sende derfor «sjokkbølger» gjennom heile Ryfylke – og store deler av Rogaland.

Regjeringa valde å sjå heilt bort frå alle demokratisk gjevne tilrådingar, om å grensejustera Forsand-delen av Sandnes til Strand. Likeså Statsforvaltaren i Rogaland si klare tilråding, etter gjennomført innbyggjarundersøkjing. Her sa 54% JA til Strand, 44% sa JA til Sandnes.

Denne unisone støtta til «Ja til folkeviljen, nei til tvangssamanslåing» sin søknad, syner at regjeringa si overprøving, manglar totalt legitimitet. Vedtaket kan såleis ikkje bli ståande.

Kommunesamanslåings prosessen for Forsand vart aldri god. Sakshandsaminga og kartet bekreftar dette. Resultatet blei dessverre eit splitta Ryfylke.

Me er alle innforstått med at i politikk, når ein ikkje alltid fram. Det me i Ryfylke reagerer sterkast på her, er den totale mangelen på «heilskapeleg vurdering» og demokratisk forankring. Me har – og vil i framtida – alltid stå for at politiske avgjerder må ha demokratisk støtte og legitimitet.

Når ein har trødd feil – er det inga skam å snu. Senterpartiets partiprogram og Hurdalsplattforma er ei god rettesnor for korleis dette burde vore løyst.

Me har sett i media at stortingsrepresentant Olaug Bollestad i Krf, har varsla eit representantforslag i Stortinget. Me vil sterkt tilrå – og forventar – at Senterpartiet støttar eit slikt initiativ. Uansett utfall, vil ei slik politisk avklaring tena Forsandbygda og Ryfylkeregionen på lang sikt.

Måten Forsand saka er avgjort på frå regjeringa, er utvilsomt øydeleggjande for både veljarane sin tillit til lokaldemokrati og politiske prosessar. Ikkje minst demotiverande for lokale tillitsvalgte.

Som ei avslutning viser me til eit sitat frå Hurdalsplattforma: «Etter åtte år med økte forskjeller og sentralisering skal regjeringen flytte makt til vanlige folk på alle områder i samfunnet».

4100 Jørpeland, 28. juni 2022.
Med venleg helsing. Strand Senterparti
Arild Gjerde – lokallagsleiar 988 61 864
Alf Henning Heggheim – gruppeleiar 482 78 857