Meny

Har kommunalministeren i realiteten avgjort at Forsand skal til Strand?

Det er gledeleg å lese at me har ein kommunalminister som er oppteken av viktige lokaldemokratiske prinsipp! Fredag 17. Juni uttalte Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik til mediene at han står fast i synet om gjennomføre ei innbyggjarundersøking i dei gamle kommunane Søgne og Songdalen. Kommunalministeren ønskjer med dette å høyre kva innbyggjarane meiner om lausriving frå Kristiansand kommune, - som dei var slege sama med frå 1. Januar 2020.

Kommunalpolitisk talsperson i Senterpartiet, Heidi Grini slår fast at regjeringas vedtak om innbyggjarundersøking er endeleg og kjem til å bli gjennomført. Vidare seier ho at «..for regjeringa er det viktig at folk i Søgne og Songdalen får sagt si meining. Vi vil lytte til det som er flertallet der, uansett hva det måtte gi av resultat». Dette samsvarer godt med synet SP-leder Trygve Slagsvold Vedum gjev uttrykk for i Aftenposten den 20. Juni. Vedum er overraska over reaksjonane i saka om kommunedeling i Kristiansand og seier at reaksjonane hopper over det viktigaste – nemleg at folk skal bli lytta til, og at det skal være en folkeavstemming».

Me som har venta på avklaring av om Forsand skal være ein del av Sandnes kommune, eller om Forsand og Strand skal gå saman vidare som ein kommune, er svært glade for denne prinsipielle avklaringa frå regjeringa! Me legg sjølvsagt til grunn at same tydelegheita vert gjort gjeldande i grensejusteringssaka knytt til Forsand, som no ligg til avgjersle på kommunalministeren sitt bord. Innbyggjarundersøkinga i Forsand som statsforvaltaren i Rogaland la fram i vinter, gav eit tydeleg fleirtal for at Forsand går saman vidare med Strand, – som og vart statsforvaltaren sin konklusjon etter grundig utgreiing. Det er og verdt å nemnte at eit solid fleirtal i Rogaland fylkesting gjorde følgjande vedtak den 15. Juni: «Fylkestinget i Rogaland ber regjeringen vedta grensejustering mellom Sandnes og Strand kommune, i tråd med ønsket til et klart flertall av innbyggerne i gamle Forsand kommune og som Statsforvalteren i Rogaland har tilrådd».

 Så i sum vil det være svært overraskande om forholda statsforvaltaren la vekt på i sin konklusjon, inkludert resultatet frå innbyggjarundersøkinga og uttalen frå Rogaland fylkesting vert overprøvt av regjeringa. Det vil i så fall gjere regjeringa si bruk av omgrepet «lytte til» vanskeleg å forstå.

For desse sørlandskommunane er det tale om å gå tilbake til gamal kommunestruktur, og slik ei reversering av det mange meiner var ei tvangssamanslåing. Når det gjeld Forsand, er det tale om ei grensejustering, då det ikkje er tale om å gå tilbake til gamal kommunestruktur og Forsand som eigen kommune. Gamle Forsand kommune vil få ein ny kommunestruktur om dei vert slegen saman med Strand kommune og det grensa mellom Strand og Sandnes som eventuelt vil bli endra. Dette inneber at det ligg til kommunalministeren sitt mandat å gjere vedtak om kven forsandbuane skal gå saman med vidare!

Og når staten først vel å spørje innbyggjarane til råds i form av innbyggjarundersøkingar eller folkeavstemmingar, oppfattar me at regjeringa tydeleg avklarar at dei stiller seg bak det gode demokratiske prinsippet det er å lytte til råd gjeve frå innbyggjarane. Om ei regjering skulle velgje å sjå vekk frå råd som vert gjeve frå innbyggjarane, vil det innebere at ein tek steg i retning av å uthole instituttet med innbyggjarundersøkingar/folkeavstemmingar som viktige demokratiske kompass.

Så om kommunalministeren og regjeringa han er ein del av skal stå fram som prinsippfast og truverdig, så har han i realiteten avgjort at Forsand skal gå saman med Strand!

Irene Heng Lauvsnes (H) – Ordførar Strand Kommune

Alf Henning Heggheim (SP), Kommunestyrerepresentant, gruppeleiar

Geir Tomasgard (AP), Kommunestyrerepresentant, leiar Strand AP