Meny

Rogaland Sp krev lågare bompenger i Ryfast!

Alf Henning Heggheim, Gruppeleiar Strand Sp

På Rogaland Sp sitt fylkesårsmøte i Haugesund 9-10.03 fekk Strand Sp gjennomslag for ein uttale om å kreva lågare bompenger i Ryfast. Strand hadde saman med Hjelmeland, Suldal, Sauda, Stavanger, Randaberg, Sandnes, Sola og Kvitsøy gått saman om ein felles uttale som blei lagt fram på årsmøtet. Det bør koste det same å pendla gjennom Ryfast som det ville ha kosta å pendla med ferje: Kr 2 700 kr pr månad med full rabatt. Den statlege potten på 740 mill. over statsbudsjettet der Ryfast får 55 mill. i 2024 må behaldast og kraftig aukast. Dei auka midlane skal gå til Ryfast som særskild kompensasjon. Me ber også om at reduksjon på taket på 40 passeringar pr. månad må vurderast då det vil gje ei handsrekning til dei som brukar Ryfast mest. 

Strand Sp sa på fylkesårsmøtet at me etter fleire møter med samferdselsdepartementet i løpet av relativt kort tid er utålmodige, og har tydelige forventningar. Viss dette ikkje kjem på plass i revidert nasjonalbudsjett 2024, eller seinast i statsbudsjettet for 2025, vil me kreva ny stortingsbehandling av dei urimelig høge bompengetakstane i Ryfast der staten i stor grad sjølv er skuld i dei høge bomtakstane gjennom endra føresetnader sidan Ryfast blei vedtatt i 2012. Det handlar om politisk vilje til å få dette til! Ein månadleg bompengekostnad på 6 357 kr for dagpendlarar med fossilbil og 4 450 kr for elbil (frå 08.02.24) er altfor høgt! At ein dagpendlar i Ryfast skal bruke 20 % av sin månadsinntekt på bompenger, nesten 5 gonger meir enn snittet av Ferde sine 14 bompengeprosjekt, er ei urettferdig skjeivfordeling. Oversikt frå Samferdselsdepartementet viser at Ryfast er det prosjektet i landet med desidert høgast bompenger.

Aksjonsgruppa «Vi som krever billigere bomtakster i Ryfast» har vind i seila og har samla inn omlag 3000 underskrifter. Det er tillyst folkemøte på Tau Torsdag 18. april med paneldebatt og anledning til spørsmål der blant anna Sigbjørn Gjelsvik som leiar av Transportkomiteen på Stortinget kjem.

Her er uttalen frå fylkesårsmøtet i sin heilhet:

Dei urimeleg høge bompengetakstane i Ryfast har ein alvorleg bismak for prosjektet som er 92 % bompengefinansiert. Ein månadleg bompengekostnad på 6 357 kr for dagpendlarar med fossilbil og 4 450 kr for elbil (frå 08.02.24) er altfor høgt!

Rogaland Senterparti meiner det er på høg tid at Rogaland blir høyrde i kravet om å auke statleg bidrag for å få redusert bompengetakstane. Det kjennest lite rettferdig at Ryfast er den forbindelsen som skal ha landets desidert høgaste bompengar. Vilkåra har endra seg sidan Ryfast blei vedteke i Stortinget.

Ryfast har til hensikt å knyta Ryfylke og Nord-Jæren til eit felles bu- og arbeidsområde. Senterpartiet har aldri sett seg tilbake til tida med ferje, kø og lengre reisetid. For folk og næringsliv er Ryfast eit fantastisk prosjekt som gir innbyggarane i Rogaland moglegheit til å reisa når me vil.

Nyleg har Samferdselsdepartementet utarbeida ei oversikt over bompengeprosjekta i landet. Ryfast har desidert høgast bompengar. Takstane er 20 % høgare enn FV 559 Nordøyvegen (Ålesund) på nesteplass, og heile 60 % høgare enn riksvegprosjektet Hardangerfjordbrua som er nr. 3. 

Skeivfordeling viser også tydeleg i verifiserte tall frå Ferde som Aksjonsgruppa «Vi som krever billigere bompenger i Ryfast» har innhenta når dei samanliknar fjorten bompengeprosjekt i Ferde si portefølje. Netto medianinntekt i landet er 357.500 kr. For dei fjorten prosjekta i Ferde sin portefølje bruker ein dagpendlar 4,63 % av inntekta. For Ryfast så mykje som 20,28 % - nesten fem gonger meir! 

Den statlege bompengekompensasjonen på 740 mill. kr over statsbudsjettet der Ryfast får 55 mill. kr i 2024 må behaldast og kraftig aukast. Det er smotthol i potten der til dømes to bompengeprosjekt i Hedmark har fått auka sitt årlege bidrag ut over 10 % pga. ekstra stor bompengebelastning. Nordøyvegen har fått 160 mill. kr i ei tilleggsløyving grunna høge rentekostnadar. Me ser viktige grunner til at Ryfast skal kvalifisera til ein særskild kompensasjon. Å forlenga nedbetalingstida vil gje ein marginal effekt på dei høge bompengetakstane.

Rogaland Senterparti meiner at:

  • Det bør koste det same å pendla gjennom Ryfast som det ville ha kosta å pendla med ferje: Kr 2 700 kr pr månad med full rabatt.
  • Den statlege potten på 740 mill. over statsbudsjettet der Ryfast får 55 mill. i 2024 må behaldast og kraftig aukast. Dei auka midlane skal gå til Ryfast som særskild kompensasjon.
  • Redusera taket på 40 passeringar pr. månad. Det vil gje ei handsrekning til dei som brukar Ryfast mest.