Meny

Ryfast – På høg tid at Ryfylke blir høyrde nå i 2024!

Av Strand Senterparti v/ Alf Henning Heggheim, gruppeleiar og Linda Asbjørnsen, lokallagsleiar

Det er 4 år sidan Ryfast åpna og ga Ryfylke fastlandsforbindelse. Strand Senterparti har aldri sett oss tilbake til tida med ferje, kø og lengre reisetid. For folk og næringsliv er Ryfast eit fantastisk prosjekt som gjer oss friheten til å reisa når me vil.

Men, dei urimelig høge bomtakstene har ein alvorleg bismak for prosjektet som er 92% bompengefinansiert. 1. juli 2022 blei takstane prisjustert med 6,15 %. Frå 08.02 kl 12 blir takstane igjen auka med ytterligare 10 % - til månedlig bomkostnad på 6 357 kr for fossilbil og 4 450 kr for elbil. Det er nå på høg tid at Ryfylke blir høyrde i kravet om auke statlig bidrag for å få redusert bomtakstane - nå i 2024! Til nå har det vore mykje snakk og lite handling frå våre fremste tillitsvalgte i regjering og storting.

Kor er rettferda i at det er Ryfast bilistane som skal betala mest bompenger i landet? Sjøl om me set stor pris på verdien av å kunne setta oss i bilen og kjøyra til byn når me vil, og er villig til å betala mykje for den, handlar saka om kva som er eit rimelig likhetsprinsipp for brukarbetaling mellom innbyggjarane i landet for å kunne bruka offentlig vei.

Årsmøtet i Strand Senterparti blir provosert av å høyra samferdselsministeren i Stortingets spørretime 10.01 svara som han gjere når me har blant landets høgaste bomtakstar, og der konsekvensene for brukarane ikkje blir teke meir på alvor. For dei av oss som kjenner historia, vert tilliten til våre fremste tillitsvalgte svekka med ei slik arrogant haldning. Du treng ikkje vere rakettforskar for å forstå kvifor regjeringspartia slit på meiningsmålingane. 

Men, årsmøtet i Strand Senterparti meiner alle partia på Stortinget har eit felles ansvar. Derfor er det ikkje grunn til å slå noko politisk mynt, eller drive eit politisk spel. Me treng ei tverrpolitisk løysing på dei høge bompengetakstane - ei løysing som folk og næringsliv kan leva med. Me vil ha reffterd. Skiftande regjeringar og storting har sidan Ryfast blei vedteke i 2012 endra føresetnadene vesentlig undervegs. Utan å kompensera, men berre sendt rekninga til brukarane i form av auka bompenger. Då blir det også noko hult når nokre også argumenterer med at det kunne vore verre. Ja, det versta var om Ryfast ikkje blei bygt! Me meinar Stortinget spring frå ansvaret dei har med å rydda opp i problema dei sjølve har skapt. Det er ein god leveregel å rydda opp i feil ein har gjort, eller når ein har rota det til. Det bør og gjelde for Stortinget. Det handler om politisk vilje! 

Årsmøtet i Strand Senterparti er glad for at alle partia i kommunestyret i Strand arbeidar saman opp mot våre eigne partifeller på både rogalandsbenken, og sentralt hald. Dessverre har me ikkje blitt høyrde så langt. Men, me gir oss ikkje, og vil fortsetja «kampen». Eit auka press frå eit samla Ryfylke, fylkeskommunen Stavanger, Næringsforeningen og andre alliansepartnerar vil gje enda større tyngde inn mot tigerstaden i arbeidet med å få redusert dei urimelig høge bomtakstene. 

Årsmøtet i Strand Senterparti heier på aksjonsgruppa «Vi som krever billigere bompenger i Ryfast». Ei tydeleg markering med godt frammøte på Solbakk 30.12.23 på 4 års dagen for åpninga, var ein god start for aksjonsgruppa som nylig er starta, og der medlemstalet aukar. Når me ikkje blir høyrde må andre verkemiddel vurderast i kampen for rettferd. Aksjonsgruppa er allerede godt i gang med planlegginga av neste aksjonar som vil merkast. Klistremerker og kjør sakte aksjonar gjer oppmerksomhet. Eit nytt stortingsval nærmer seg der gjenvalg står på spel. Det må leggjast ein strategi for vegen vidare. Dei ulike partia må utfordrast på kva dei vil gjera for å redusera bomtakstene. Årsmøtet i Strand Senterparti meiner at det ikkje er urimelig å kreva at det statlige årlige bidraget blir kraftig auka. Dei enorme kostnads overskridingane på Follobanen og gjelda på Gardermobanen blei som kjent dekka av staten. Det er stor forskjell på by og land, og kjøtvekta rår - dessverre. 

La oss sjå litt nærare på kva føresetnader som er endra. Då Ryfast vart vedteke 12.06 2012 blei bompengesatsane samanlikna med ferjebilletten. Det var eit mål å halda satsane på linje med billetten på Tau-ferja. Trafikktala har kvart år vist vesentlig høgare passeringstal enn prognosane på årsdøgnstrafikk på 4200 som blei lagt til grunn. Det er statlige styresmakter med skiftande regjeringar og storting som har endra føresetnadene undervegs sidan 2012:

  • Premisset var at både Tau sambandet og Høgsfjordsambandet skulle leggast ned. Me kjenner den historia.
  • Me skulle få autopass rabatt på 50 %. Denne blei seinare endra til 20 %.
  • For å auka bruken av elbilar når det kom på dagsorden, innførte staten med gode grunnar fordelar ved kjøp og bruk av elbil. Desse fordelane som t.d elbilrabatten ved bompasseringer skulle fasast ut seinast i 2017, men blei av gode grunnar videreført. Men, poenget er at Stortinget ikkje har kompensert for dette. Tvert om har berre elbilandelen naturligvis auka (38 %) i takt med auka inntektsbortfall.
  • Ryfast gjekk glipp av ferjeavløysingsmidler på ca 120 mill. som blei innført i 2016.
  • Bommen på bybrua frå Hundvåg blei snudd.
  • Utenlandske kjøretøy kjører i stor grad gratis gjennom Ryfast fordi bompengeselskapa manglar avtaler med mange europeiske land.
  • Stortinget har sidan 2021 også gradvis redusert ferjetakstane, og auka støtta til ferjeavløysingsprosjekter.
  • Frå 2013 blei også fritaket for moms på 25 % på offentleg vei og bane oppheva med auka kostnader som blir påført prosjektet.

    Det er altså på høg tid at Ryfylke blir høyrde i kravet om auke statlig bidrag for å få redusert bomtakstane i Ryfast - nå i 2024!