Meny
Bilde - Fra Strand VGS Mandag 7 August - Strand Sp møte med Rogaland Sp sine fylkestoppar

Ryfast, buss tilbudet, GS til Nordmarka, rassikring og Strand VGS var tema i møte med SPs fylkestoppar

Av Strand Senterparti, v/Alf Henning Heggheim, Linda Asbjørnsen og Arild Gjerde

Rogaland Senterparti sine fylkestopper med listetopp Hanne Marte Vatnaland og Ryfylkes kandidat Harald Halvorsen Løland i spissen var Mandag 7. august på rundtur i Ryfylke. Frå Strand Sp møtte Linda Asbjørnsen, Arild Gjerde og Alf Henning Heggheim. 

I Strand var me på besøk på Strand VGS som me er veldig stolte av, og blir rekna som ein av dei beste videregåande skulane i fylket. Rektor Erik Danielsen, like entusiastisk og engasjert som alltid, kunne fortelle om rekordsøking. 729 primærsøkerar der stadig fleire elevar frå Stavanger velger Strand VGS. Å få fram det beste i kvar enkelt elev er drivkrafta. Skulen skal utvidast for ca 350 mill. Det er også eit sterkt ønske om ein ny idrettshall. Etterpå fekk me ei god omvisning i akvahallen. Det betyr utrulig mykje å ha ein slik fremoverlent utdanningsinstitusjon i kommunen og regionen vår! 

Etter besøket på Strand VGS var me på Skjeggebusten på Tau kai og hadde ein god middag og drikke. Tid til god drøs med fylkestoppane blei det og. Strand Sp tok opp dei urimelig høge bompengetakstane i Ryfast, og behovet for å auka det årlige statlige bidraget, og sjå det i samanheng med å forlenge nedbetalingstida, redusera det månedlige passeringstaket og at trafikkregulerande tiltak bør vurderast på Bybrua ved Hundvåg. 

Me tok også opp viktigheten av å få på plass gang- og sykkelsti langs fylkesveien frå Torgerkrossen til Nordmarka næringsområde, og samtidig ga me skryt til fylkeskommunen for gang- og sykkelstien frå Solbakk til Grønevoll som blei åpna i juni.

Busstilbudet internt i kommunen tok me opp. Her er det forbedringspotensial. Me syns det er urimelig at sommarrutene følger skulerutene og varer til ca midten av august med redusert busstilbud og mange ruter der mange må stå på bussen gjennom Ryfast. Mange er avhengig av buss for å komme seg til/frå jobb. Me tok også opp urimeligheten med at me må betale over to takstssonar frå Ryfylke. Eit eksempel. Dei som arbeider på Rosenborg på Buøy må betale to takstssonar. Reiser me frå Buøy/Hundvåg til Bryne betaler me ein takstsone. Det er også ønske om ein bussavgang frå Stavanger til Solbakk kl 01.00, spesielt i helgene. I dag går det kl 00.00 og 02.00. 

Me tok også opp viktigheten av å få på plass rassikring Rødsliane i Suldal med lang tunell. Dette er viktig for heile Ryfylke!