Suldal
Ta heile Suldal i bruk
Senterpartiet vil at heile Suldal skal vera ein god kommune å leva i.
Senterpartiet vil byggja samfunnet nedanfrå. Me vil arbeida for eit samfunn der menneska kan utvikla seg fritt. Samfunnskontrakten skal oppfyllast av myndige menneske som tek ansvar for sitt eige liv, for fellesskapet og for naturen. Verdigrunnlaget til Senterpartiet er den kristne og humanistiske kulturarven. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og menneskeverdet er ukrenkjeleg og overordna andre verdiar.
Senterpartiet meiner at aktiv forvalting og bruk er den beste måten å ta vare på naturen på. Norsk natur har ein verdi i seg sjølv som me må ta vare på for framtidige generasjonar.
Me vil arbeida for å motverka sentralisering og prioritera tiltak som kan skapa folketalsvekst i heile kommunen. Me ønskjer levande bygder og eit sterkt kommunesenter.
Senterpartiet vil ha aktive grendeutval.
Å auka folketalet i kommunen er svært viktig. Dersom me skal lukkast med å oppretthalda tenestetilboda, styrka og skapa ny næringsaktivitet, må me få fleire til å flytta til kommunen.
Å satsa slik at me får fleire til å flytta til Suldal er eit fundament for Senterpartiet sin politikk i kommande valperiode.
Suldal Sp ønskjer busetnad i alle delar av kommunen, og vil ha attraktive tomter i alle grender. Det skal i valperioden etablerast bustadar som skal gjera det enklare å prøvebu i kommunen.
Livslang læring og tilbod gitt lokalt, er viktig for å få tilstrekkeleg og rett kompetanse i regionen. Suldal Sp vil arbeida for å få etablert eit utdanningssenter i Ryfylke som eit verktøy for å sikre dette.
Suldal Sp vil:
- arbeida aktivt for at ungdom og unge vaksne skal finna det attraktivt å koma til kommunen
- arbeida for innovative løysingar for å senke risiko ved å «prøvebu» i kommunen, blant anna gjennom «leiga for å eiga»-ordninga
- leggja til rette for fortetting i etablerte bustadfelt for å få fleire sentrumsnære bueiningar
- arbeida for at alle fastbuande i Suldal skal ha mobildekning og høghastigheitsnett
- framleis ha areal for spreidd bustadbygging i kommuneplanen
- driva aktiv marknadsføring av ledige bustadar og tomter
- arbeida for å gjennomføra tettstadutviklingsprosjekt i alle grender
- at Suldal skal vera ein aktiv part i den vidare satsinga på desentralisert utdanning i Ryfylke
- skapa gode møteplassar
Helse, omsorg og folkehelse
Alle skal vera trygge på at dei får den hjelpa dei treng til ei kvar tid. Suldal kommune har vedteke ein plan for «Framtidas omsorg». Senterpartiet vil arbeida for at denne vert gjennomført.
Tanken er at ein skal bu heime lengst mogleg, det er difor viktig med ei sterk heimeteneste og gode, desentraliserte dagtilbod. Velferdsteknologiske løysingar kan styrkja dei føresetnadane kvar enkelt har for å klara seg sjølv i kvardagen.
Suldal SP vil dra erfaringar frå Distriktssenteret sitt prosjekt om aldersvenlege bustadar og bumiljø, blant anna vurdera modellar for å sikra bygging av aldersvennlege bustadar både i privat og offentleg regi.
Det skal vera eit godt tilbod til personar med psykiske lidingar i alle aldrar. Det skal fokuserast på førebyggjande arbeid. I denne samanheng er ei god skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom og kommunepsykolog avgjerande.
Utfordringar kring rus må ha fokus. Suldal Sp ønskjer at bruk av rusmiddel vert redusert. Det er viktig med godt samarbeid med politikontakten.
Suldal Sp ønskjer:
- at brukarane sjølve skal få vera med å bestemma og slik få eit meir meiningsfylt tilvære
- å leggja vekt på førebyggjande helsearbeid
- å arbeida for at helse- og omsorgstenestene i kommunen vert vidareutvikla
- å sikra eit desentralisert dagtilbod for alle som treng det, og stimulera til eit mangfald i tilbodet
- å støtta rusfrie ungdomsarrangement
- å intensivera det haldningsskapande arbeidet mot narkotika
- å styrkja det tverrfaglege samarbeidet
- å stimulera til auka bruk av Inn på tunet. Dette er også god næringspolitikk
- ei fastlegeordning som sikrar rekruttering
- å arbeida for å oppretthalda ei lokal legevakt
- å vera aktiv for å ta i bruk nye digitale og innovative løysingar i helsevesenet
Oppvekst og ungdom
Skule og barnehage er ein viktig arena for førebyggjande arbeid. Skuledagen skal fremja trivsel og livsmeistring. Kvar enkelt elev skal nå potensialet sitt i eit trygt og inkluderande læringsmiljø kor den enkelte eleven får utvikla seg fagleg og sosialt i eit fellesskap.
Me i Senterpartiet meiner at det er viktig at elevar kan gå på ein skule nært der dei bur. Om barnetalet gir grunnlag for det, skal ein arbeida for god kompetanse slik at det kan vera skule og barnehage i alle grender.
Ved forslag om endring i struktur skal det sikrast brei involvering i tidlegfase slik at det blir gitt høve til reell medverknad for å sikra grundige, opne prosessar. Blant anna er grendeutvala, foreldre og tilsette naturlege å involvera.
Suldal Sp ønskjer vidareutvikling av Topp Volley og tilbod rundt sandvolleyhallen, i tillegg til utvikling av dei andre regionale idrettsanlegga våre.
Me vil jobbe for utvikling av Rygjatun i samarbeid med Rogaland fylkeskommune og andre aktørar.
Suldal Sp vil:
- ha full barnehagedekning
- arbeida for eit godt grunnskule- og barnehagetilbod
- arbeida for å sikra gode oppvekst- og læringsmiljø i kommunen
- arbeida for ei godt tilrettelagt skulefritidsordning (SFO)
- sikra og vidareutvikla eit vidaregåande skuletilbod i Indre Ryfylke ved å satsa på Sauda vidaregåande skule og Topp Volley Norge
- leggja til rette for at ungdom skal kunna delta i politiske prosessar
- laga rom for eit aktivt ungdomsråd i kommunen
- arbeida aktivt for at ungdom skal finna det attraktivt å koma attende til kommunen
- ha gode møteplassar for ungdom
Kultur
Me ønskjer ein open, mangfaldig kommune med eit kreativt og rikt kulturliv der alle som vil får uttrykka seg. Kultur er viktig for samfunnet, demokratiet, for trivsel og livskvalitet i alle fasar av livet og er avgjerande for bulysta i kommunen.
Kulturhuset, kulturskulen, distriktsmusikarordninga, dei frivillige organisasjonane og dei profesjonelle kunstnarane og kulturarbeidarane er alle hjørnesteinar i det lokale kulturlivet som Suldal Sp ønskjer å leggja til rette for. Desse skal ha gode vilkår i Suldal.
Nynorsk er ein viktig del av kulturen vår, det er viktig å ta vare på skriftspråket vårt.
Suldal Sp vil:
- gi aktiv støtte til lokale lag og organisasjonar
- arbeida for auka kompetanse og medviten bruk av nynorsk i barnehagar og skular i Suldal
- vidareutvikla kulturskulen for barn og unge
- vidareføra distriktsmusikarordninga minst på same nivå som i dag
- stimulera til at profesjonelle kunstnarar ønskjer å bu og virka i Suldal
- støtta opp om kulturaktivitetar i heile kommunen
Samferdsel
Den kommunale infrastrukturen er avgjerande for eit velfungerande samfunn. Me skal ta vare på, vedlikehalda og vidareutvikla kommunale vegar i kommande periode.
RV 13 og FV 46/520 er svært viktige samferdselsårer i kommunen. Hurtigbåttilbodet er ei livsnerve i kollektivtilbodet.
Suldal Sp vil:
- auka løyvingane til vedlikehald av kommunale vegar
- få på plass fleire hurtigladarar i kommunen
- tryggja og rassikra vegane i Suldal, der rassikringsprosjekta Erfjord-Sand og langs Suldalsvatnet er prioritert
- arbeida for snarleg oppstart av lang tunnel i Rødsliane
- halda oppe og vidareutvikla eit godt hurtigbåt- og ferjetilbod i Indre Ryfylke
- jobba for nye kollektivløysingar, t.d. ungdoms- og eldretaxi og «Hent meg»-ordning
- vinna tilslutning til prosjektet Haukelibanen
- arbeida for gul midtstripe på RV 13
- få utbetra vegen mellom Hebnes og Vatlandsvåg
- arbeida for stabilt mobilnett langs vegane
Næringslivet
Suldal er ein stor naturressurskommune. Senterpartiet vil driva ein aktiv politikk for å utvikla eit breitt næringsliv i kommunen med fokus på eksisterande og nye næringar.
Trygge, gode vegar er viktige for både busetnad, besøkande og næringslivet. Det same er eit godt utbygd breiband og mobilnett.
Suldal er den største vasskraftkommunen i landet. Suldal Senterparti vil leggja til rette for industri, gjerne kraftkrevjande, som kan etablera seg og nytta denne energien lokalt. Det er viktig med tilrettelagde og attraktive næringsområde.
Senterpartiet støttar utvikling av industriområda på Berakvam. Planprosessane avklarar og set nødvendige vilkår og rekkefølgjekrav med omsyn til miljø og naturverdiar. Utviklinga skaper moglegheiter for heile regionen og gir grunnlag for leverandørindustri, fleire arbeidsplassar og vekst i folketalet. Suldal SP vil vera ein pådrivar for å sikra at det vert sett krav til utbyggjarane slik at fordelane med tiltaka vert større enn ulempene og at kommunen får langsiktige og varige gode av industrietableringane.
Sterke primærnæringar er viktige gjennom direkte sysselsetting, ringverknadar i vidareforedling og service, og for busetnad. Eit aktivt landbruk er avgjerande for ivaretaking av kulturlandskapet. Dyrka jord er ein knapp ressurs i Suldal og me må difor ha eit strengt jordvern. Det er viktig å stimulera unge til å overta og driva gardane.
Reiselivet i Suldal har eit stort potensiale og kan vera viktig i utviklinga av Suldalssamfunnet. Senterpartiet vil at reisemål og opplevingar skal utviklast i eit berekraftig perspektiv. Kultur, mat og naturopplevingar er sentrale element i reiselivsutviklinga.
Suldal Sp vil:
- leggja til rette for vekst i eksisterande bedrifter og nyetableringar
- etablera nye næringsområde både for store og mindre initiativ
- støtta industriinitiativa på Berakvam
- oppretthalda kommunen sin status som berekraftig reisemål
- satsa på kraftturisme og marknadsføra Suldal som den største kraftkommunen i landet
- oppretthalda kommunale tilskotsordningar til primærnæringane
- ha ei restriktiv haldning til bu- og driveplikta
- driva næringsutvikling i samarbeid med Suldal Vekst og ved bruk av Ulla Førre Næringsfond
- vidareutvikla næringsforum som eit aktivt samarbeidsorgan med næringslivet
- at Suldal kommune legg til rette for å handla lokalt i så stor grad som råd
Energi og miljø
Klimaet er i endring. Senterpartiet meiner det er viktig at me også lokalt tek klimautfordringane på alvor. Me vil leggja til rette for det grøne skiftet.
Skogen er ein viktig del av løysinga i klimapolitikken. Skog- og jordbruk tek netto opp ei mengd CO2. Aktiv skogpolitikk er ein jordnær, konkret og billig måte å bidra til å oppnå klimamåla på.
Å bruka tre som byggjemateriale er viktig for karbonlagring og for at skognæringa skal vera lønnsam. Me skal alltid vurdera å setja opp nye offentlege bygg i massivtre eller reisverk av trematerialar.
Suldal er den største vasskraftkommunen i landet. Suldal Senterparti vil leggja til rette for industri, gjerne kraftforedlande, som kan etablera seg og nytta denne energien lokalt.
Både i landbruket og næringslivet er det restressursar ein i dag ikkje får utnytta. Potensial for ny verdiskaping er til stades fleire stader i kommunen, blant anna med varme som ressurs. Samarbeid for å utnytta dette i sirkulære verdikjeder er noko ein må søkja å utnytta både for miljøet og for nye arbeidsplassar.
Suldal Sp vil:
- støtta utbygging av miljøvenleg energiproduksjon som t.d. biobrenselanlegg, biogass og småkraft
- støtta effektivisering av eksisterande vasskraftanlegg
- vera ein pådrivar for at både bønder og næringslivet nyttar overskotsressursar inn i nye sirkulære verdikjeder
- oppretthalda kulturlandskapet og vera restriktiv til nedbygging av matjord
- oppretthalda tilskot til straumframføring der dette er særleg kostbart
- arbeida for å auka kapasiteten i linjenettet
- redusera netto utslepp av CO2, - eit aktivt skogbruk er viktig i dette arbeidet
- arbeida for energisparande tiltak og bruk av tre i kommunale bygg
- skifta til LED-lys i veglys og kommunale bygg
- ha lokal forankring ved forvalting av naturressursane i kommunen. Suldal kommune har store utmarksressursar som det er viktig å forvalta på ein god og berekraftig måte
Tilhøve til stat, fylkeskommune og andre kommunar
Suldal Sp vil vidareutvikla interkommunalt samarbeid for å oppnå effektive løysingar som gir gode tenestetilbod til innbyggjarane.
Suldal Sp meiner kommunen skal halde fram med å vera ein aktiv deltakar i regionalpolitiske forum og interesseorganisasjonar, blant anna Ryfylke IKS, Haugaland Vekst og Fjordvegen Rute 13.
Der kommunen får ansvar for oppgåver av stat eller fylkeskommune, vil Suldal Sp jobba for at kommunen må få auka handlingsrom til å tilpassa løysingane til lokale tilhøve.
Kommunen som arbeidsgjevar
Suldal kommune skal vera ein attraktiv arbeidsgjevar med ein personalpolitikk som gir utvikling og trivsel for dei tilsette.
Suldal Sp vil:
- leggja til rette for at tilsette skal få auka kompetanse ved å stimulera til vidareutdanning
- oppretthalda stønad til tilsette som ønskjer ei grunnutdanning innan fag som kommunen har utfordring med å rekruttera til
- satsa på leiarutvikling
- arbeida for ein heiltidskultur
- ta i bruk og vera open for å ta i bruk nye digitale løysingar og verktøy
- at det nynorske skriftspråket skal vera einerådande i heile den kommunale organisasjonen