Rogaland
Senterpartiet vil ha gode tjenester nær folk, et samfunn med små sosiale og økonomiske forskjeller. Jorden er en arv som vi forplikter å forvalte for våre etterkommere. Vi vil ta vår del av ansvaret for å løse miljø- og klimaproblemene, ved å gjøre de fornybare naturressursene til fundamentet i økonomien. Vi mener at vekst ikke er å forbruke mer, men å forvalte bedre.
Grunnsyn
Senterpartiet ser på kvart menneske som unikt og uerstatteleg. Menneskeverdet er ukrenkeleg og overordna andre verdiar.
Senterpartiet sitt verdigrunnlag byggjer på den kristne og humanistiske kulturarva. Senterpartiet vil byggja samfunnet nedanfrå. Me vil arbeida for eit samfunn der menneska kan utvikla seg fritt, kor den private eigedomsretten står sentralt. Samfunnskontrakten skal oppfyllast av menneske som tek ansvar for eigne liv, for kvarandre, fellesskapet og naturen.
Senterpartiet ser på jorda som ei arv me må forvalta godt for dei som kjem etter oss. Det me har i dag, må overlatast i betre stand til neste generasjon enn då me overtok. Me vil at skattane skal fordelast rettferdig og etter evne, og er imot usosiale skattar og avgifter.
Samfunnet skal byggjast nedanfrå
Senterpartiet vil arbeida for eit samfunn der menneske i alle aldrar kan utvikla seg fritt. Trygge og gode lokalsamfunn med små skilnader skal gje folk tryggleik, tilhøve og identitet.
Rogaland skal vera eit fylke der det skal vera godt å bu for alle, uavhengig av alder, kjønn, religion, seksuell orientering og etnisk bakgrunn. Me ønsker tenester nær folk, og eit fellesskap der me tek vare på kvarandre. Det er derfor viktig med eit levande folkestyre der det er nærleik mellom dei som tek avgjersler og dei avgjerslene gjeld.
Ta heile Rogaland i bruk
Rogaland inneheld det meste av norsk natur. Me finn høgfjell, vilt fjordlandskap, frodig jordbruksland, kulturlandskap, naken kyst og hav. Det er eit Noreg i miniatyr.
Senterpartiet ønsker å legga til rette for at me tek heile Rogaland i bruk. Me vil oppretthalde busetting for meir enn 480 000 innbyggjarar i bygder, tettstader, bynære områder og i byane. Alle skal ha tilgang til ein mangfaldig natur.
Me ønsker at tilbod innan kunst, kultur, musikkliv og idrett skal vera tilgjengeleg, og ha gode høve til utvikling og vekst i heile Rogaland, saman med det frivillige organisasjonslivet, som er sjølve grunnmuren i lokalsamfunna i heile fylket.
Senterpartiet vil at det skal vera gode levekår for dei naturbaserte og distriktsbaserte næringane våre. Me vil bruka dei unike naturressursane våre til å skapa norske arbeidsplasser og verdiar. Rogaland må driva ein aktiv politikk for å sikra arbeidsplassar knytt til verdiane i jorda, skogen, fjorden og havet vårt, men og kunnskapen og kompetansen som fylket har. Straumprisen må vera føreseieleg og regulerast for å sikra at norsk industri er konkurransedyktig, og den reine norske vasskrafta må brukast til å vidareutvikla ein grøn norsk føregangsindustri. Energiressursane frå naturen med vasskrafta som bærebjelke skal gi konkurransedyktig straumpris til fastlandsindustrien. Fornybar energi bør hovudsakleg brukast til elektrifisering og nyskaping av ny industri på fastlandet. Det skal byggast ny kraftproduksjon ved elektrifisering av offshoreinstallasjonar, hovudsakleg i form av havvind, sol og framtidig nyvinning knytt til bølgekraft. Overskudd og balansekraft skal forsynast til og frå Noreg.
For at det skal vera likeverdige forhold i heile Rogaland, må gode løysningar for samferdsel vera på plass. Dette må dekka samfunnet sitt behov for transport, noko som er med på å fremja regional utvikling.
Me vil at den digitale utviklinga skal bidra til at det vert utvikla fullverdige og gode digitale forhold for privatpersonar, offentleg sektor og næringsliv i heile fylket. For Rogaland er det viktig at alle har nettilgang med høg fart, og god mobildekning.
Heile Rogaland skal vera ein del av ein skapande region med vilje og moglegheit for vekst og omstilling. Næringsliv og arbeidsliv skal ha gode vilkår slik at det gir grunnlag i heile fylket. Rogaland fylkeskommune skal vera en attraktiv og trygg arbeidsgivar som gir rom for tillit, kompetanse og fagleg utvikling.
Senterpartiet vil arbeida for at det skal vera tilstrekkeleg og nok relevant kompetanse i alle delar av fylket. Dette skal samsvara for behov som næringsliv, arbeidsliv og offentleg sektor har. Me skal gje eit godt og likeverdig opplæringstilbod ved fylkeskommunen sine 25 vidaregåande skular, to skulesenter og Fagskulen i Rogaland.
Utdanningssentra må utviklast i eit samarbeid mellom fylkeskommunen og andre aktuelle partar. Det må tilpassast behovet for kompetanse som finst lokalt, slik at det vert mogleg å tileigna seg kompetanse og livslang læring utan at ein er nøydd til å flytta frå heimstaden.
Fylkeskommunen som planmyndigheit må sikra buareal som støttar opp om variasjon og mangfald, og som sikrar gode ute- og leikeareal.
Senterpartiet vil arbeida for å sikra ein variasjon av bustadtypar og eit godt leve- og oppvekstmiljø. Me ønsker å bidra til ein meir balansert befolkningsvekst i dei ulike delane av Rogaland. Senterpartiet vil arbeida for at bustadfelt skal ha nok uteareal og ei god utforming av uteareal for alle bebuarar. Dette er særleg for at born, eldre og personar med funksjonsnedsetting skal kunne nyttegjera seg av tilboda i sitt nærmiljø.
Miljø og klima
Senterpartiet meiner at menneska er ein del av naturen og naturen er ein del av oss. Framtida vår er avhengig av at produksjonsevna og mangfaldet i naturen vert oppretthalde. Måten me nyttar naturen på er avgjerande. Ein frisk natur er avgjerande for menneskeleg aktivitet, for næringsverksemd og primærnæringane i heile landet. Dette omsynet må vektleggast i all politikk.
Klimakampen er både ein lokal, nasjonal og global sak. Rogaland skal ta sin del av ansvaret for å nå måla i Paris-avtalen.
Gjennom ein aktiv nærings- og distriktspolitikk vil Senterpartiet stimulera til busetnad i heile fylket.
For at me skal klara å redusera klimagassutsleppa og ha rein og frisk luft i byane, er det viktig med ein miljøpolitikk som sikrar ei berekraftig utvikling.
Ei miljøvenleg by- og tettstadsutvikling krev godt samarbeid mellom det offentlege, næringslivet og grunneigarar. I staden for å fokusera på vern av enkeltartar og areal, treng me ein heilskapleg politikk som gir høve til at heile økosystem kan leve i framtida. Naturen vert best verna gjennom å verta brukt.
Senterpartiet vil stimulera og hjelpa lag, organisasjonar og privatpersonar som ønsker å nytta nedbrytbare materiale.
Arbeidet med nytt gjødselregelverk må gjennomførast på oppdatert kunnskap frå næringa, og på rekneskap og avlingsregistreringer. Dette kan redusera miljøbelastninga i tillegg til å auka den lokale matproduksjonen. Gjennom fleire lokale biogassanlegg på gårds- eller kommuneplan kan ein utnytta næring og energi frå både husdyrgjødsel og anna biorest på ein betre måte. Ein må innretta støtteordninigane slik at det vert enklare å bygga og starta opp biogassanlegg.
Senterpartiet vil:
- Følga dei nasjonale klimamåla, og at dei skal vera styrande for fylkeskommunen sitt klimabudsjett og rekneskap.
- Oppretthalda og styrka arbeidet til Sjøørretprosjektet i Rogaland, og sikra middel til auka gjennomføring, men også til framtidig vedlikehald av gytehabitat for sjøørret og laks.
- Jobba for å vidareutvikla gode støtteordningar som gjer det enno meir økonomisk forsvarleg å gjera energisparande tiltak i private hushaldningar.
- Arbeida for redusert moms for reparasjonar og andre tenester som kan bidra til å auka gjenbruk og ombruk. Også andre tiltak som har som formål å auka gjenbruk og ombruk må sjåast på.
- Jobba for å styrka støtteordningar til landbruk og andre næringar som har særlig fokus på klimavennlege driftsformar.
- At Rogaland skal vera ein føregangsregion, ved å legga til rette for sirkulærøkonomi.
- Støtta biokol, biogassanlegg og andre fornybare kjelder som supplerer norsk kraftproduksjon.
- Satsa på betre bruk av skogen som klimaressurs.
- Auka skogplantinga og bruk av trevirke som ein fornybar ressurs.
- Auka innsatsen på førebygging av klimaskadar som fører til flom, erosjon, ras og sikring av infrastruktur.
- At revisjon for konsesjonsvilkåra for kraftutbygging skal bidra til gode miljøtiltak og mest mogleg mangfald av artar i dei utbygde vassdraga.
- Innføra låg- eller nullutslippsstandard ved kjøp av nye tenestebilar.
- Ha tiltak for å redusera biltrafikken, særleg i byane.
- Ta initiativ til sparing av straum i offentlege bygg, næringsbygg og bustadar.
- Jobba for at nye fylkeskommunale bygg er klimanøytrale, og at eksisterande bygningsmasse vert oppgradert med nær nullenergistandard.
- Prioritera tiltak og investeringar med størst mogleg reduksjon i klimagassutslepp per brukte krone.
- Legga til rette for ein reiselivsbransje som driv verdiskaping utan å øydelegga og forsøpla naturen.
- Skapa betre ordningar for å rydda plast og søppel til havs og i naturen.
- Ha ei forsvarleg rovdyrforvaltning.
- Rekna med skogen i CO2-opptak i klimakalkulatoren for landbruket, og i klimarekneskapen generelt.
Opplæring
Rogalandsskulen ser heile mennesket. Elevane skal få nytta heile potensialet sitt og få vera seg sjølve i eit fellesskap. Opplæringa skal gjera elevane i stand til å nytta styrkane sine for å handtera eigen kvardag, bidra i demokratiet, i samfunnet elles og for å leva eit godt liv.
Eit godt utdanningstilbod i heile fylket er ei svært viktig og framtidsretta investering. Kunnskap og kompetanse er grunnleggjande i livet til kvart enkelt menneske, for utvikling av nærings- og samfunnsliv og gode tenester i heile Rogaland. Fleire utviklingstrekk peiker mot eit samfunn prega av kompleksitet, større mangfald og raskare endringar. Livslang læring er naudsynt for å sikra omstilling i arbeidslivet.
Vidaregåande opplæring
Senterpartiet vil ha ein desentralisert skulestruktur med eit breitt og likeverdig utdanningstilbod der folk bur, uansett om det er i bygd eller by. Me vil legga til rette for eit mangfald av studietilbod tilpassa behovet til samfunnet, offentleg sektor og næringslivet. Skulen må bli meir praktisk og variert. Ei meir praktisk opplæring kombinert med tett samarbeid med arbeidslivet og med fokus på entreprenørskap, er avgjerande for fagkompetansen til elevane. Fleksible utdanningsløp er viktig for å sikra naudsynt og samansett kompetanse for framtida. Kvar enkelt elev skal nå potensialet sitt i eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Det skal fremja trivsel og livsmeistring. Fellesskulen er ein viktig møtestad i samfunnet. Der får den enkelte eleven utvikla seg fagleg og sosialt i eit fellesskap med dei andre elevane.
Utdanning skal vera gratis. Senterpartiet er opptekne av å sikra gode lærings- og arbeidsmiljø i den vidaregåande opplæringa.
Senterpartiet vil:
- Holde fram med det gode arbeidet med et inkluderande, trygt og godt skulemiljø på alle de vidaregåande skulene i fylket.
- Styrka arbeidet mot fråfall i skulen
- Styrka laget rundt eleven ved å satsa på skulehelsetenesta og å få fleire profesjonar inn i skulen.
- Ha eit tett samarbeid mellom skulen og det lokale arbeidslivet.
- Sikra forsvarleg og oppdatert utstyr i den vidaregåande opplæringa.
- Vidareutvikla UngInvest som eit tilbod i heile fylket for elevar som har droppa ut av tilbodet i vidaregåande skule og ikkje er yrkesaktive.
- Styrka satsinga på praktisk og relevant opplæring, som til dømes elevbedrift gjennom Ungt Entreprenørskap.
- Etablera eit tettare samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunen der den vidaregåande skulen ligg.
- At elevar som treng tilrettelagt undervisning og spesialundervisning får dette etter behovet sitt..
- Sikra at alle skular følger krava om universell utforming, for å inkludera alle elevar og tilsette.
- Stilla krav til universell utforming ved innkjøp av digitalt undervisningsmateriale.
- Sikra god oppfølging av elevar som er bortebuande.
- Tilby alle elevar eit gratis og næringsrikt skulemåltid kvar dag.
- Ha meir fysisk aktivitet i den vidaregåande skulen.
- Ha teoriopplæring for sertifikat i skulen.
- Reversere kutta til Nettskolen i Rogaland slik at dei som treng fleksibilitet for å fullføra vidaregåande, eller ta fag som deira lokale skule ikkje tilbyr, får moglegheita til dette.
- Tilby rusførebyggande program for elevar og foreldre på dei vidaregåande skulane.
- At alle vidaregåande skuler i fylket vårt skal verta FN-skuler for at elevane skal få enno meir kunnskap om berekraftsmåla og andre internasjonale saker.
- Gje alle tilsette i skular kompetanseheving knytta til trygge og inkluderande miljø, førebygging mot mobbing, vald, nettrisiko og seksuelle overgrep.
- Utarbeida ein beredskapsplan for skular om korleis dei skal handtera mistankar om vald, skadeleg seksuell åtferd og seksuelle overgrep.
- Sikra skulane gode rammer til elevstøttande og førebyggande arbeid ut frå dei lokale behova.
- Byggja nye Dalane vgs. gitt at Eigersund kommune kjøper den eksisterande skulen.
Yrkesfag
Ei av dei viktigaste oppgåvene til fylkeskommunen er å sikra at det er nok yrkesfagleg utdanning til å møta behovet. Rogaland er leiande når det gjeld å få elevar ut i lære. Målet er at alle lærlingar skal få tilbod om læreplass. For å få til dette, må det satsast på å etablera tette og forpliktande samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunane og næringslivet.
Senterpartiet vil:
- At alle elevar på yrkesfag skal få tilbod om læreplass.
- Tilby fleksible utdanningsløp på yrkesfag, til dømes veksling mellom skule og arbeid.
- Ha meir praksis på yrkesfag.
- Arbeida for at utstyrsstipendet dekker dei faktiske utgiftene.
- At lærlingar skal ha dei same rettane som elevar, til dømes studentrabatt.
- At lærlingar skal kunne ta deler av læretida i utlandet.
- Etablera internat på Øksnevad vgs. og vidareutvikla skulen til ein spydspiss innan området sitt, med dyrehald som tek i bruk moderne og innovativt utstyr i tillegg til oppdatert oppstalling med høgt fokus på dyrevelferd
- Gjera Øksnevad, Strand, Jåttå, Bryne, Karmsund vgs. og Vinterlandbruksskulen til strategiske skulesatsingar, og særleg knytta desse til utviklinga av matfylket Rogaland.
- Satsa på naturbruk både på land og til havs for å styrka posisjonen til Rogaland som matfatet i Noreg.
- Jobba for at Nasjonalt senter for yrkesfag vert etablert i Rogaland.
- Etablera eit eige lærlingeråd.
- Jobba for at agronomutdanninga får fagbrev med 3 år i skule og 1 år i lære/godkjend praksis.
- Gjera ordninga med full opplæring i bedrift betre kjent for dei som vil verta lærling rett etter ungdomsskulen.
- Sikra god opplæring av rettleiarar og prøvenemndene.
Læraren
Læraren er den viktigaste enkeltfaktoren for læringa til eleven. Ein god relasjon mellom dei er avgjerande for å auka motivasjonen til å gjennomføra skuleløpet til eleven. Senterpartiet har tillit til læraren som profesjonsutøvar, og me vil lytta til og gje læraren handlingsrom. I tillegg til læraren er det behov for sterke og faglege team rundt elevane.
Senterpartiet vil:
- Sikra rekruttering av lærarar til heile vidaregåande skule.
- Øyremerka auka kontaktlærarressurs
- Arbeida for auka vaksen- og lærartettleik.
- Arbeida for ei avbyråkratisering i skulen for å gje læraren meir tid i lag med elevane.
- Syta for at fleire yrkesfaglærarar får moglegheit til å ta ei treårig yrkesfaglærarutdanning.
- Tilby alle lærarar etter- og vidareutdanning i digitale ferdigheiter og pedagogisk bruk av digitale verktøy.
- Gje tilsette i Rogalandsskulen moglegheit til fagleg påfyll ut frå behov.
Vaksenopplæring
Senterpartiet vil legga til rette for livslang læring, som skal skje gjennom styrking av varierte vaksenopplæringstilbod i hele fylket.
Senterpartiet vil:
- Sikra vaksenopplæring som er relevant og av høg kvalitet.
- Tilby vaksenopplæring som er betre tilpassa livet til og fleksibiliteten til vaksne elevar.
- At skulen må ha tett samarbeid med næringslivet for å utvikla læreplassar for vaksne.
- At Rogaland Fylkeskommune skal vera ein betre partnar for kompetanseutvikling for vaksne i næringslivet, i det offentlege og i samarbeid med NAV. Dette vil vera i samspel med vidaregåande skular, fagskulen og høgskular/universitet.
- Vidareutvikla det modulbaserte prosjektet for vaksenopplæring i til resten av VO-sentra i fylket.
- At utdanning tatt i andre land raskt vert vurdert, alternativt med tilbod om tilleggsutdanning for å kunna jobba innan same yrkesfeltet i Noreg.
Høgare utdanning
Senterpartiet i Rogaland meiner det er viktig å styrka og utvikla studiesentra i regionane. Kompetanse er avgjerande for næringslivet i distrikta. Studiestadane må tilby relevante tilbod som er ettertrakta for kommunane og næringslivet i heile fylket. Det er viktig å tilby både heiltids- og deltidsstudium.
Senterpartiet vil:
- Styrka samarbeidet mellom utdanningssentra, UiS og HVL slik at fleire får moglegheita til desentralisert høyere utdanning.
- Styrka fagskulen og sikra han føreseielege rammer i utviklinga som nasjonalt senter for senter for høgare yrkesfagleg utdanning.
- Arbeida for at universitet og høgskular utviklar fleire modulbaserte utdanningsløp, og at institusjonane tilbyr desse desentralisert, gjerne ved bruk av teknologi og virtuelle læringsopplegg.
- Vera ein pådrivar og stønad opp mot satsinga til Universitetet i Stavanger (UiS) på grøn omstilling.
- Vera ein partner og bidragsyter inn mot nye utdanningar innanfor batteriteknologi og energi.
- Støtta opp om ei kompetanseutvikling til energiomstilling i Rogaland.
- Støtta opp om ei utvikling av utdanningsløp som støttar opp under ei ressurseffektivisering og sirkulære løysingar.
- Arbeida for at Rogaland skal utdanna fleire legar på UiS og HVL i Haugesund.
- Arbeida for psykologutdanning til UiS.
- Jobba for yrkesbachelor på Fagskulen, spesielt innan helsefagutdanningane.
- Styrka attraktiviteten til Stavanger og Haugesund som studentbyar.
- Styrka rolla til fylkeskommunen som tilretteleggar og støttespelar i FoU-arbeid.
Ung i Rogaland
For Senterpartiet er det viktig at born og unge vert høyrde i alle spørsmål som gjeld dei sjølve, og at dei slepp til der avgjerda vert teke. Opprettinga av Ungdommens fylkesråd er ei satsing for å styrka moglegheita til ungdomen til å påverka kvardagen sin. Senterpartiet meiner at samfunnet vert bygd nedanfrå. Me vil forsetja å styrka Ungdommens fylkesråd og elevråda som demokratiske arenaer på dei vidaregåande skulane.
Den psykiske helsa til born og unge må prioriterast gjennom konkrete tiltak. Relasjonskompetanse, motivasjon og tid til kvarandre er nøkkelord for å bygga god psykisk helse. Me vil halda oppe trykket med fokus på å hindra mobbing og utanforskap på dei vidaregåande skulane. Senterpartiet meiner det er ei særs viktig oppgåve å sikra gode oppvekstvilkår for alle og gje alle likeverdige moglegheiter.
Senterpartiet vil ha fleire unge gründerar i Rogaland. Den vidaregåande skulen speler ei nøkkelrolle i å motivera og byggja kunnskap om å driva eiga verksemd. Det er derfor viktig å satsa på entreprenørskap.
Rogaland er blant fylka med flest nynorskelevar i skulen, og det gir fylket eit ekstra ansvar for å sikra at nynorskelevane sine rettar vert ivaretekne.
Senterpartiet vil:
- Sikra ungdomen i Rogaland innverknad på egen kvardag, gjennom planprosessar, elevrådsarbeid, ungdommens fylkesråd og andre arenaer for medverknad.
- Styrka kompetansen og opplæringa om psykisk helse, gjennom konkrete tiltak i vidaregåande opplæring. Det inneber mellom anna å styrka skulehelsetenesta og å bygga opp livsmestringskurs etter lokale behov.
- Fortsetja det gode arbeidet med å hindra mobbing på dei vidaregåande skulane.
- Styrka det førebyggjande arbeidet mot rus på dei vidaregåande skulane, mellom anna gjennom samhandling mellom politi, skule, skulehelseteneste, helsevesen og andre støttetenester.
- Arbeida for at eigenmelding er gyldig ved sjukdom i den vidaregåande skulen. Føresette bør kunne melda inn fråvær for elevar under 18 år. For elevar over 18 år må det gjelda same reglar for eigenmelding som det allmenne regelverket i arbeidslivet.
- Gje elevane i vidaregåande skule høve til å ta teoridelen av lappen og trafikalt grunnkurs som valfag, og jobba for at køyreopplæring skal verta gyldig fråvær.
- Prioritera folkehelsearbeid i samarbeid med frivillige organisasjonar, der ein spesielt legg vekt på arbeidet med born, unge og minoritetsspråklege. For prosjekt som har vist seg å fungera godt over tid, er det viktig at ein sikrar vidare finansiering.
- Vidareføra samarbeidet med Ungt Entreprenørskap.
- Bruka ungdomsbedrift aktivt som undervisningsform i den vidaregåande skulen.
- Få ordningar for ungdom som ønsker å etablera ei eiga verksemd med vekt på kapitaltilgang og kompetansebygging.
- Styrka samhandlinga mellom den vidaregåande skulen og næringslivet, til dømes gjennom arbeidspraksis og utplasseringar.
- Etablera lærlingeråd
- Innføra opplevingskort med reduserte prisar på kulturopplevingar for ungdom.
- Ha «Heim for ein 50-lapp» i alle kommunar.
- Vidareføra rimelege månadskort for kollektivtransport for born og unge under 25 år, og for alle studentar.
- Arbeida for å flytta russetida til etter eksamen.
- Arbeida for ei trygg og inkluderande russefeiring.
- Følge opp at Rogaland fylkeskommune legg press på Staten for sikra nynorskelevane digitale og ikkje-digitale læringsressursar på eige skriftsspråk, både gjennom Opplæringslova og andre vedtak.
- Tilstrebe at skriveprogram som vert brukte i Rogalandsskulen må støtta både nynorsk og bokmål.
Integrering og inkludering
Senterpartiet sitt mål er at me skal ha eit samfunn der alle skal ha moglegheit for å verta inkludert og integrert. Fleire føler dessverre dei kjem til kort både på skule, i arbeidsliv og i sitt eige liv. Dei som fell utanfor, er ei samansett gruppe. Fleire familiar lever under fattigdomsgrensa. Utanforskap, arbeidsløyse, store sosiale skilnader og manglande integrering og inkludering gjer stor skade. Inkludering og integrering er dessutan viktig for å motvirke radikalisering og ekstremisme. Senterpartiet vil ha eit samfunn som aksepterer og inkluderer alle menneske uavhengig av alder, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Integrering er blant anna avhengig av at nye innbyggarar får høve til å kome raskt i arbeid, ta utdanning, verta ein del av lokalsamfunnet sitt. Den beste integreringa skjer først og fremst gjennom fast bustad, skule og arbeid.
Senterpartiet vil:
- Prioritera folkehelsearbeid i samarbeid med frivillige organisasjonar der ein spesielt vektlegg arbeidet med born, unge og minoritetsspråklege.
- Ha ein innvandrings- og integreringspolitikk som set menneskeverd i fokus kor enkeltmennesket sine rettigheitar og plikter kjem til uttrykk.
- At Rogaland framleis skal vera fylket med høgast gjennomføring for elevar med minoritetsbakgrunn.
- Auka talet på læreplassar blant vaksne med minoritetsbakgrunn.
- Tilby karriereveiledning så tidleg som mogleg for nyankomne flyktningar slik at kvar enkelt kan ta gode valg om kvalifisering, utdanning og arbeid.
- Støtte samarbeidet med næringslivet for å gi fleire innvandrere innpass på arbeidsmarkedet.
- Arbeida for at minoritetsspråklege med utdanning frå heimlandet raskt får utdanninga si vurdert, eventuelt med tilbod om tilleggsutdanning for å kunne jobba innan same yrkesfeltet i Noreg.
- Løfta fram gode døme frå kommunar og næringslivet på god integrering og arbeid mot utanforskap i fylket
- Styrka stønaden til integrering i regi av frivillige lag og organisasjonar.
- Styrka fylkeskommunen sitt arbeid mot negativ sosial kontroll.
- Revidera regionalplan for inkluderande samfunn.
- Sikra at alle skular følger krava om universell utforming, for å inkludere alle elevar og tilsette.
- Arbeida kontinuerleg for trygge og gode elevmiljø, for å fremje trivsel og inkludering for alle elevar.
- Jobba aktivt for at innvandrarar skal verta ein naturleg del av det frivillige arbeidet.
- Gi vaksne arbeidsledige yrkestilpassa opplæring der ein legg vekt på teori, praksis og norsk.
- Halde fram med det gode arbeidet mot mobbing på alle dei vidaregåande skulane våre.
Kultur, idrett, folkehelse og frivilligheit
Idrett, kultur og frivillig innsats sikrar folkehelsa, skapar trivsel, meistring, identitet, tilhøyrsle og stoltheit. Det er viktig i eit kvart lokalsamfunn.
Kultur
For å skapa gode lokalsamfunn, er det naudsynt med eit rikt og variert kulturtilbod. Det må leggast til rette for eit mangfald av kulturaktivitetar og kulturutrykk for at alle innbyggjarar skal kunne ta del i kunst- og kulturlivet. Dette bør fyrst og fremst skje gjennom eit lokalt kulturløft, lokale kulturinstitusjonar og kulturaktivitetar.
Kulturminne, kulturmiljø, museum og arkiv er viktige delar av det me kallar den kollektive hukommelsen i samfunnet. Kulturarva kan medverka med kunnskap, forteljingar og opplevingar. Difor skal samfunnet som heilskap ha ansvaret for å ta vare på han. Fylkeskommunen har eigarskap i ein stor variasjon av museum, men Senterpartiet meiner at det er plass til fleire. Regional filmverksemd og tilskot til denne medverkar til auka konkurranse, større mangfald og betre kvalitet i norsk film gjennom spreiing og regionalisering av filmpolitikken.
Senterpartiet vil:
- Arbeida for at dei fylkeskommunale støtteordningane vert delt i to pottar slik at amatørar og profesjonelle utøvarar ikkje skal søka på dei same støtteordningane.
- At kulturlivet i fylket skal ha tilgang til gode og tilpassa lokale.
- At digitale tenester og programvare skal vera tilgjengelege på begge målformer.
- Styrka dei regionale musea.
- Arbeida for at Akropolisvisjonen, ei unik samordning av kultur, kunst og byutvikling, vert realisert.
- Arbeida for at Rogaland får ta del i prøveordninga med utvida TT-kort sånn at eldre og menneske med nedsett funksjonsevne får betre moglegheit til å delta på kulturelle hendingar på tider då kollektivtilbodet er fråverande.
- At ledsager på fritids- og kulturtilbod i fylkeskommunal regi få fylgja gratis.
- Framleis satsa på den "Kulturelle spaserstokken" for å gje dei over 70 kulturtilbod i eigen kommune
Idrett og folkehelse
Ulike typar idrettsarenaer er viktige i førebyggjande folkehelsepolitikk. Det er og viktig at ein er med og legg til rette for den uorganiserte delen av idretten og friluftslivet. Difor er oppbygging av lågterskeltilbod som til dømes utbygging av turløyper, ballbingar og andre nærmiljøanlegg viktig. Det er også tilrettelegging og trygging for bruk av sykkel både som framkomstmiddel og trening. Fylkeskommunen må stimulera kommunar gjennom spelemidlar til å gå saman for ei utvikling og drift av strategiske viktige anlegg slik som blant anna Folkehallane.
Me vil gjera Rogaland til eit føregangsfylke innan friskt liv og folkehelse. Innbyggjarane i alle aldre skal kunna vera aktive kvar dag, etter eigne ønske og føresetnader. Gjennom samarbeidet mellom det offentlege og idretten kan me redusera utfordringar i folkehelsa, som livsstilsjukdommar og lettare psykiske lidingar. Å kjenna seg einsam utfordrar folkehelsa. Tiltak for einsame eldre under pandemien var vellukka. Desse bør vidareførast, og ein må nytta dei erfaringane ved å hjelpa andre einsame. Folkepulsen, ein samarbeidsavtale mellom fylkeskommunen og idretten, vil vera sentral for å skape auka fysisk aktivitet for målgruppene inaktive unge og vaksne, nye landsmenn- og kvinner og menneske med funksjonsnedsettingar.
Målet til Senterpartiet er ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse og motverkar sosiale helseskilnader. Gode førebyggjande helsetenester er viktig folkehelsepolitikk. Me vil bruka skulen som førebyggingsarena.
Rus, alkoholbruk og fysiske konfrontasjonar mellom ungdom bidreg til enkelte utrygge ungdomsarenaer. Det er viktig å sjå på tiltak for å gje ungdommane våre gode stader å vera og å styrka informasjonen om verknadene av rus. Desse forholda er avgjerande for den seinare fysiske og psykiske helsa til ungdomen.
Senterpartiet vil:
- At fylkeskommunen gjennom ordninga med spelemiddel stimulerer kommunane til betre samarbeid om felles strategisk viktige idrettsanlegg.
- Vidareføra samarbeidet med idretten gjennom Folkepulsen.
- Auka støtta til friluftsråda.
- At fylkeskommunen skal styrka samarbeidet med kommunane for å legga til rette for at folk i alle aldre kan delta aktivt i kultur og friluftsliv.
- Legga til rette for samanhengande turstiar og friluftsområde.
- Ha meir fysisk aktivitet i dei vidaregåande skulane.
- At det skal vera krav til eit sunt og godt mattilbod i kantinene på dei vidaregåande skulane.
- At dei vidaregåande skulane i Rogaland skal ha fokus på farar ved rus og alkohol, og på ferdigheiter i handtering av konfliktar.
- At kultur- og fritidstilbod skal vera viktige satsingsområde for dei som har psykiske lidingar.
- Hjelpa einsame til meiningsfylte aktivitetar.
- Bidra til lokale lågterskeltilbod tilknytta opplæring i digitale ferdigheiter for å motverka digitalt utanforskap for eldre
- Legga til rette for eit demensvenleg fylke.
Frivilligheit
Frivillig engasjement har stor verdi. Frivillig sektor er også ein uunnverleg del av fellesskapet, og medverkar til at mange viktige oppgåver i samfunnet vert løyst. I tillegg veks eliteutøvarane og mange opplevingsverksemder ut frå det frivillige feltet. Det er difor viktig å satsa på kultur og frivillig innsats på alle delar av det mangfaldige og breie feltet. Frivilligheita og dugnaden treng eit løft etter pandemien. Det er nå tyngre å mobilisera og rekruttera frivillige. Dette treng fokus.
Frivillige organisasjonar er viktige i lokalsamfunna. Dei tilbyr opplevingar og aktivitetar på tvers av sosiale skiljelinjer, og skaper viktige fellesskapsarenaer. Dei yter viktige økonomiske bidrag til samfunnet gjennom tenesteproduksjon og omfattande ulønt innsats. Dei frivillige er og viktige for kommunane i arbeidet med å integrera nye innbyggarar. Både dei som kjem som tilflyttarar frå ein annan stad i landet, flyktningar eller arbeidsinnvandrarar som kjem åleine eller med familie.
Senterpartiet vil ha eit spesielt fokus på eldre. Dei eldre er ein viktig del av samfunnet og må reknast med, med sine ressursar og behov for gode kvardagar.
Senterpartiet vil:
- At fylkeskommunale bygg skal kunna nyttast av frivillige lag og organisasjonar.
- Økonomisk styrking av frivillig sektor si viktige rolle i gjennomføringa av folkehelsetiltak.
- Halda fram arbeidet med å forenkla og avbyråkratisera tilskotsordningane for frivillig sektor.
- Gje frivilligheita og dugnaden eit løft ved å sjå på verkemiddel kommunane kan nytta.
- At festivalar skal få støtte òg for dagsarrangement.
- Ha ein heilheitleg frivilligheitspolitikk med spesielt fokus på å engasjere seniorane til frivilligheit
Helse
Målet med Senterpartiet sin helse- og velferdspolitikk er å skapa helsefremjande samfunn, førebyggja sjukdom og jamna ut geografiske og sosiale helseskilnadar. Alle skal sikrast tilgang til naudsynte helse- og velferdstenester, uavhengig av kvar dei høyrer til sosialt, kulturelt, språkleg eller geografisk.
Senterpartiet vil ha eit sterkt offentleg helsevesen som garanterer likeverdige tenestetilbod i heile fylket. Ideelle aktørar må vera ein integrert del av dette, medan private kommersielle tilbydarar skal vera eit supplement. Helsetenestene våre skal vera offentleg finansierte, og eigendelar skal haldast låge. Uavhengig av kvar ein bur eller kor mykje ein tener skal ein ha lik tilgang til grunnleggjande helsetenester.
Marknadstenking og privatisering av helsetenester svekkjer det offentlege tilbodet og aukar sentraliseringa av tenester. Senterpartiet meiner at anbod og stykkprisfinansiering er lite eigna i helse- og omsorgssektoren.
Det å sikra nok og god fagkompetanse i primærhelsetenestene er heilt naudsynt. Me ser at det er eit aukande press på fastlegane, og heile fastlegeordninga er truga. Det er òg eit aukande behov for fleire sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og anna helsepersonell. Meir bruk av desentralisert utdanning av sjukepleiarar er ønskeleg, saman med medisinutdanning på sjukehusa i Stavanger og Haugesund.
Alle innbyggjarane i Rogaland skal ha tilgang til offentlege tannklinikkar innan akseptabel reisetid. Tannhelsetenesta har vorte for sentralisert, og det skapar utfordringar for brukarane.
Senterpartiet vil:
- Oppretta fleire tannhelseklinikkar.
- Arbeida for god rekruttering av sjukepleiarar og helsefagarbeidarar ved å stimulera til meir desentralisert utdanning der folk bur og der behovet er.
- Arbeida for at helsepersonell får kompetanseheving og moglegheiter for vidareutdanning.
- Arbeida for å styrka fastlegeordninga, og sikra nok fastlegar ved å utdanna fleire legar her i Rogaland.
- Arbeida for å få profesjonsutdanning i psykologi til UiS.
- Styrka tilbodet innanfor barne- og ungdomspsykiatrien.
- Medverka i arbeidet for å redusera talet på sjølvmord, og auka løyvingane for å gjennomføra handlingsplanen.
- Jobba for å betra samhandlinga mellom ulike fagområde for å sikra godt samarbeid mellom alle funksjonar og gje så godt tilbod som mogleg for brukarane og pårørande
Sjukehus
Senterpartiet vil avvikla helseføretaksmodellen, og ta sjukehusa tilbake til folkevald styring og offentleg forvalting. Senterpartiet meiner at sjukehus må finansierast på same måte som andre velferdsområde, gjennom rammefinansiering ut frå behov. Rogaland treng dei nye sjukehusa, og Senterpartiet vil arbeida for at bygginga skal koma i mål ved hjelp av meir statlege midlar.
Senterpartiet vil:
- Arbeida for å avvikla helseføretaksmodellen og innføra ein forvaltingsmodell for folkevald styring av norske sjukehus.
- Arbeida for å styrka dei offentlege sjukehusa.
- Motarbeida sentralisering og privatisering av tilbodet.
- Arbeida for ein god helseberedskap i heile fylket.
- Sikra eit godt kollektivtilbod til og frå nye SUS.
- Sikra nok parkering til både besøkande og tilsette ved SUS og Haugesund sykehus
- Legga til rette for den statlege tillitsreforma innan mellom anna helsesektoren.
Samferdsel
Målet for Senterpartiet sin samferdselspolitikk er eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvenleg transportsystem. Det må dekka behova i samfunnet for transport, og fremma næringsutvikling og busetjing i heile Rogaland. Senterpartiet har vore premissgivar for å auka nybygging og vedlikehald av vegar i inneverande periode. Senterpartiet vil arbeida for å følga dette opp gjennom prioriteringar i dei årlege budsjetta.
Bompengefinansieringa var i utgangspunktet tenkt å vera eit spleiselag mellom stat, fylke, kommunar og trafikantar, men har nå utvikla seg til å verta hovudfinansieringa. Bompengar er ei usosial skattelegging, som i tillegg har ein sentraliserande effekt. Senterpartiet vil jobba for at staten skal ta meir av kostnadane.
Senterpartiet vil:
- Jobba for at oppstart på strekningane Seljestad – Røldal og Bakka – Solheim på E134 vert realisert.
- Jobba for oppstart på ny Karmsund bru og ny Eigerøy bru.
- Arbeida for å realisere Sauda - E134.
- Sikra framdrift på kyststamveg, E39 Kristiansand – Trondheim, og framskunda og snarleg få på plass strekninga Hove- Ålgård og Smiene - Harestad.
- Forskottera rassikringsprosjektet i Rødsliane i Suldal. Arbeida for at det er rassikringstunnelen i vedteken reguleringsplan (lang tunnel), som vert realisert.
- Sikra vidare rassikring og utbetring av Rv13.
- Sikra eit høgt nivå på investeringar for rassikring, og at Rogaland får sin del av den nasjonale satsinga.
- Jobbar for eit samanhengande riksvegnett til sentrale hamnar og flyplassar.
- Forlenga Jærbanen til Moi. Utbetring av Drangsdalen og vidareutvikling av Jærbanen med kryssingsspor.
- Arbeida for togstopp på Lura, Kviamarka, Helleland og Ualand.
- Fortsetta arbeidet med høgfartsbane.
- Arbeida for gode tilførselsvegar i samband med bygging av E39.
- Arbeida for at krav til sykkel og gangsti vert redusert og bygging vert rimelegare.
- Sjå på moglegheiter for kollektivtransport på Ålgårdsbanen.
Kollektivtransport
Senterpartiet vil arbeida for eit godt kollektivtilbod i Rogaland. Me ynskjer eit samordna billettsystem for tog, buss, hurtigbåt og ferje. Senterpartiet vil arbeida for å halda oppe eit godt rutetilbod.
Senterpartiet vil:
- Arbeida for ei overgang til null eller låge utslepp på ferjer og hurtigbåtar.
- Gjera kollektivtrafikk, sykling og gange til den mest attraktive reisemåten i sentrale område.
- Arbeida for at trafikkopplæring for sykkel vert eit tilbod i heile fylket.
- Forbetra kollektivtilbodet og pendlarruter som gjer at folk kan bu i distrikta og pendla inn til byen.
- Styrka direkteruter til UiS, SUS og Forus.
- Stilla krav om «Parker og reis» ved kollektivknutepunkt, og arbeida for nye knutepunkt.
- Styrka kollektiv i tilskotsordninga for betre kollektivtilbod i distrikta (KID), til dømes «Heim for ein 50-lapp».
- Sikra at dagens gratis ferjer framleis er gratis, og jobba for at fleire vert gratis.
- Utvida «Heim- jobb – heim»-ordninga til fleire kommunar.
- Arbeida for ei betre samordning av billettsystem for tog, buss, hurtigbåt og ferje.
- Arbeida for eit godt hurtigbåt- og ferjetilbod i heile fylket.
- Arbeida for å sikra taxitilbodet i distrikta.
- Arbeida for betre tilrettelegging for sykkel på kollektive transportmiddel.
- Arbeida for gode og brukarvenlege kollektivløysingar, og at det skal vera høve til å betala med ikkje-digitale løysingar
- Arbeida for å få Rogaland inn i den nasjonale TT-ordninga.
- Ha lik barnebillett for tog, buss, hurtigbåt og ferje.
- Arbeida for at ungdomsbillett, månadskort o.l. kan brukast på ekspressbussar.
- Tilby gratis kollektivreiser for skuleklasser i skuletida.
- Legga til rette for auka bruk av sykkel ved å byggja meir sykkelinfrastruktur innanføre eksisterande vegareal, og korta ned tidsbruken i planleggingsfasen.
Fylkesvegar
Fylkeskommunen har ansvaret for 80% av vegnettet i fylket. Senterpartiet meiner at vedlikehaldet må aukast for at me skal kunne ta igjen etterslepet. Me vil arbeida for at det vert utarbeidd ein heilskapleg nasjonal plan for skred- og rassikring av riks- og fylkesvegar. Senterpartiet har nullvisjon for drepne og hardt skadde i trafikken.
Senterpartiet vil:
- Følga opp prioriteringane i vedteke handlingsplan for fylkesvegane.
- Arbeida for å ta igjen etterslepet på vedlikehaldet av fylkesvegane.
- Arbeida for å auka rammene for investeringar i fylkesvegprosjekt.
- Omklassifisere naudsynte fylkesveg-strekningar og fjerna flaskehalsar for å sikra hensiktsmessig næringstransport.
- Arbeida med finansieringsmodeller for å realisera dei tre vegprosjekta Vassøy bru, Øyfast, og omkøyringsveg FV44 Egersund sentrum.
- Auka midlar til trafikksikring.
- Auka satsinga på gang- og sykkelvegar.
- Sikra elevar med trafikkfarleg skuleveg gatelys langs vegen.
Anna kommunikasjon
Eit godt utbygd høghastigheitsnett og mobilnett er viktig både for næringslivet og innbyggjarane, slik at me får levedyktige lokalsamfunn.
Senterpartiet vil:
- Arbeida for fullverdig mobil- og breibanddekning i heile fylket
- Arbeida for eit statleg ansvar for at alle har mobil- og høghastigheitsnett
Næringsutvikling
Senterpartiet vil føra ein næringspolitikk som legg til rette for eit livskraftig næringsliv og verdiskaping i heile fylket. Det er eit offentleg ansvar å føra ein aktiv næringspolitikk, og å stå ansvarleg for utbygging, vedlikehald og drift av infrastruktur, som igjen sikrar næringslivet gode rammevilkår. God nærings- og klimapolitikk heng saman. Gjennom satsinga på ny teknologi, bioøkonomi og meir sirkulærøkonomi kan me bidra til å forma verdiskaping og arbeidsplassar for framtida.
Tilgang på arbeidsplassar som gir høve til å bruka forskjellig kompetanse og utdanning, er viktig for å oppretthalda og utvikla gode lokalsamfunn i heile fylket. Menneska som bur i fylket er den viktigaste ressursen for verdiskaping og for fleire arbeidsplassar i fylket. Det er viktig at me får brukt vår kompetanse og arbeidsevne der me bur. Som eit ledd i å skapa attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar vil Senterpartiet aktivt jobba for stadsuavhengige statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar i Rogaland.
Me vil legga til rette for auka forsking og utvikling av fornybare produkt og tenester med utgangspunkt i land-, skog- og havbruk. Dette fordi potensialet for framtidige arbeidsplasser og verdiskaping er stort.
Rogaland er eit stort maritimt fylke. Rogaland skal vera eit godt fylke å drive rederi og maritim verksemd i. Ei sterk maritim næring bygger på den maritime kompetansen som sjøfolka har. Senterpartiet vil derfor styrka posisjonen til norske sjøfolk. Senterpartiet støttar at det er eit krav om norske løns- og arbeidsvilkår på alle skip som seglar langs kysten eller på sokkelen.
Senterpartiet vil:
- Utvikla og styrka Matfylket Rogaland.
- Arbeida for å auka Rogaland sin andel av nasjonale investeringsmidlar i landbruket.
- At Rogaland er ein aktiv deltakar i kystskogbruket.
- Bidra til å vidareutvikle energifylket Rogaland.
- Arbeida for å styrka Oljedirektoratet i Stavanger til eit "sokkeldirektorat" og Sjøfartsdirektoratet i Haugesund til eit "havdirektorat" for å ta hand om nye vekstnæringar som for eksempel mineralutvinning og havvind.
- Sikra rammevilkår og utviklingsmoglegheiter for kraftkrevjande industri og mineralnæring.
- Utvikla ny industri og næring basert på eksisterande kompetanse, kultur og ressursar.
- Satsa på reiseliv og arrangementsturisme.
- Forenkla anbodsprosesser slik at prosjekt vert meir økonomiske for fylkeskommunen, og betre legg til rette for små og mellomstore tilbydarar.
- Legga til rette for gründerar og entreprenørskap.
Matfylket Rogaland
For å styrka Matfylket Rogaland, må me føra ein aktiv jordvern- og arealpolitikk. Me må sikra eit aktivt landbruk i heile fylket som gir sikker og trygg mat. Matproduksjonen bidreg til å ivareta det flotte kulturlandskapet som me har. For å auka verdiskapinga innanfor landbruket, vil Senterpartiet at verkemidla vert lokalt tilpassa. Gjennom ein framtidsretta landbrukspolitikk vil Senterpartiet at fylkeskommunen skal bidra aktivt med løysningar og verkemiddel for å redusera klimautsleppa frå landbruket. Rogaland med sine gras- og utmarskressursar kan bidra med løysingar for kortreist og berekraftig mat- og husdyrproduksjon. Senterpartiet vil arbeida for at oppveksande generasjonar har kunnskap om matens opphav. Grunnleggande kunnskap om produksjonsmetodar og kretsløpet frå jord til bord.
Senterpartiet vil legga til rette for arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien. Dette gjennom å fokusera på sirkulærøkonomi, i tillegg til mangfaldet av arbeidsplassar denne næringa byr på.
Havbruksnæringa innanfor kystfiske og oppdrett er ei betydeleg næring i Rogaland. Fylkeskommunen må stimulera kommunane og næringa til å samarbeida for å legga til rette for næringsutvikling av havbruk og auka sjømatproduksjon. Senterpartiet ønsker ei berekraftig utvikling av hav- og oppdrettsnæringa, på land og sjø, og i fiskeforedlingsindustrien. Me vil ha fokus på gode hamnar, infrastruktur og føreseielege rammevilkår.
Senterpartiet vil:
- Gje landbruks- og havbruksnæringa høve til utvikling og vilkår som skapar framtidsoptimisme og tryggleik.
- Fokusera på kortreiste landbruksprodukt og lokal foredling av fisk.
- Arbeida for at vertskommunar for havbruksnæringar skal verta sikra stabile årlege inntekter for bruk av areal og for tilrettelegging av nytt areal.
- At havbruksnæringa sin produksjon skjer innanfor tålegrensa, er miljøvenleg og økonomisk berekraftig.
- Stimulera ungdom til å ta fagbrev innan matfag.
- Støtte fagmiljøa innan mat, restaurant og kokk.
- Ta initiativ til ein innkjøpsstrategi for lokalprodusert mat for offentleg sektor.
- At fylkeskommunen saman med kommunane skal styrka haldningsskapande arbeid for å redusera matsvinn.
Energifylket Rogaland
Rogaland er eit viktig energifylke og sentrum for norsk olje- og gassverksemd. Senterpartiet vil bidra til at denne posisjonen vert tatt vare på. Samstundes vil me legga til rette for at fylket framleis skal vera leiande i det grøne industriløftet og auka tilgangen på ny fornybar energi og nye energikjelder. Senterpartiet ønsker å legga forholda til rette og vera pådrivar for etablering av framtidsretta prosjekt som gjer at hydrogen, ammoniakk og andre grøne drivstoff vert tilgjengeleg i vårt fylke. Dette vil komma heile transportnæringa til del, og spesielt på sjø.
Me har blant dei største vasskraftverka i landet og har potensial for å auka produksjonen. Senterpartiet vil vera pådrivar for gode rammevilkår for den kraftkrevjande industrien med langsiktige, konkurransedyktige og føreseielege kraftavtalar basert på fornybar kraft. Kort avstand mellom produksjon og energikrevjande industri gir òg mindre naturinngrep og mindre energitap.
Vidare vil vindkraftsatsinga, hovudsakleg til havs, styrka posisjonen som energifylke. Senterpartiet vil bidra aktivt til at Rogaland får ein vesentleg del i verdikjeda for vindkraft - både produksjon av komponentar, i utbyggingsfasen og med tilrettelegging for industriareal - slik at krafta kan brukast til ny verdiskaping i fylket. Senterpartiet er tydeleg på at kommunale vedtak skal lyttast til.
Senterpartiet vil:
- Satsa på miljøvenleg og berekraftig energiproduksjon og energibruk der energisparing og energieffektivisering er ein del av løysinga.
- Stimulera til etablering av fleire grøne arbeidsplassar.
- Betre utnytta kraftressursane innan eksisterande, små og gamle kraftverk.
- Auka vasskraftproduksjonen gjennom effektivisering av eksisterande anlegg, og opne for bygging av ny produksjon (og i verna vassdrag etter grundige konsekvensutredningar).
- Legga til rette for forsking og utvikling innan berekraftig energiproduksjon som til dømes hydrogen og ammoniakk, bølgekraft, kjernekraft og vindkraft til havs.
- Arbeida for auka forsking innan alternativ energi.
- Stimulera til lokal produksjon, lagring og deling av strøm.
- At fylkeskommunen har ei aktiv rolle i utbygging av straumnettet for å sikra tilstrekkeleg energiforsyning.
- Søka felles traseløysingar for infrastruktur ved fornying og utbygging av kraftlinjer.
- At kommunar med konsesjonskraft ved omlegging frå elektrisk oppvarming til anna miljøvenleg oppvarming får dette godkjent som alminneleg forbruk slik at dei ikkje taper konsesjonskraft.
- Arbeida for ordningar som sikrar at kommunane vert kompensert ved utbygging av vindkraft.
- Arbeida for omlegging av skattepolitikken slik at vertskommunen får meir igjen av verdiskapinga.
- Gje investeringstilskot til varme- og bioenergi.
- Legga til rette for vidareforedling innan skognæringa og auka bruk av tre i fylkeskommunale bygg.
- Fjerna flaskehalsar på fylkesvegnettet for å unngå omlasting av tømmer og dyretransport.
- Sikra utskipingskaier for skognæringa.
- Ta i bruk skog- og trenæring sitt potensiale for verdiskaping og sysselsetjing i heile Rogaland.
- Auka løyvingane til blant anna skogsvegar, skogplanting og ungskogpleie.
Reiseliv og arrangementsturisme
Rogaland er eit viktig reiselivsfylke. Fjella, kysten og det øvrige landskapet gir unike moglegheiter for å auka verdiskapinga innanfor denne næringa. Senterpartiet vil byggja reiselivet rundt kultur, mat og naturopplevingar. Me vil at fylkeskommunen skal delta i utviklinga av eit berekraftig reiseliv i tett samarbeid med kommunane, reiselivsorganisasjonane og næringa sjølv.
Senterpartiet vil:
- Vidareutvikla reiselivet i heile Rogaland gjennom auka satsing på kompetanse og kvalitetssikring.
- At fylkeskommunen skal støtte og delta aktivt i destinasjons- og utviklingsselskap.
- Oppretthalda støtte til Magma UNESCO Globel Geopark
- Arbeida for gode og brukarvenlege kollektivløysingar for turistane.
- Utvikla produkt der lokal matkultur er ein naturleg del av reiselivsopplevinga for turistane.
- Styrka samarbeidet mellom landbruket og reiselivsnæringa for å oppretthalda arbeidsplassar og kulturlandskap.
- Legga til rette for auka bruk av beitedyr for å halde kulturlandskapet i hevd.
- Legga til rette for næringsutvikling med utgangspunkt i lokale handverkstradisjonar som ledd i å ta vare på og utvikla norsk kulturarv.
- Ha ein regional strategi for lokal kulturutvikling og vekst i kreative næringar.
- Styrka den regionale filmsatsinga.
- Auka fokuset på arrangementsturisme.
- Utvikla reisemål og opplevingar i eit berekraftig perspektiv.
Entreprenørskap
Nyskaping og entreprenørskap er med på å skapa arbeidsplassar i framtida. Senterpartiet vil legga til rette for at det skal vera godt å vera gründer i Rogaland.
Senterpartiet vil:
- Auka midlane til regional utvikling i regi av fylkeskommunen.
- Styrka «Ungt Entreprenørskap» og legga til rette for innovasjon og entreprenørskap i den vidaregåande skulen.
- Støtta opp om næringshagar, lokale næringsklynger og regionale bransjeklynger.
- Styrka etablerartenesta for nyetablering av verksemder.
- Ha ei samordning av næringspolitiske verkemiddel der målet er å berre ha «ei dør».
- Jobba for at det vert utvikla lokale og regionale klynger, der lokalt næringsliv og spel-bedrifter kan samlokaliserast, slik som til dømes Hamar Game Collective.
- Arbeida for økt opplæring og innovasjon innanfor AI (artificial intelligence) i Rogaland.
Jordvern
Vern av matjorda er ein føresetnad for mattryggleik. Me ønsker difor ha ein nullvisjon som jordvernsstrategi. For å nå målet ved en nullvisjon, treng me å setja bonden i fokus, slik at me i framtida har fagfolk til å ta vare på matsikkerheita. Landbruksareal som går ut av drift er ei stor utfordring. For å hindre tap av matjord, må landbrukspolitikken styrkast slik at me held oppe landbruket i heile fylket.
Dyrkbar jord er ein knapp ressurs i heile verda. Matjorda er under så stort press at ho treng eit strengare lovvern. Omsynet til utbygging av industri, hytter, infrastruktur og bustadar må balanserast betre mot det langsiktige omsynet til matproduksjonen. Meir matjord må derfor dyrkast opp, og mindre matjord må byggjast ned. Eit kulturlandskap som følge av eit variert jordbruk, skaper eit rikt artsmangfald. Å verne matjorda, er eit viktig vern av naturverdiar.
Senterpartiet vil ha ein samferdselspolitikk som tek omsyn til dyrka mark. Omsynet til jordvernet skal avklarast så tidleg som mogleg i planprosessen. Det må vektast høgt når ein vel trase. Ved val av standard på vegen og traseen, må det kome fram alternative løysningar til nedbygging av landbruksjord.
Senterpartiet vil:
- Auka lønnsemda for norsk matproduksjon.
- Krevja nullvisjon som jordvernsstrategi.
- Styrka lovverket for å sikra matjord eit sterkare vern
- Følga opp Stortinget sitt jordvernmål og gå inn for ein samla nasjonal plan for jordvern.
- Arbeida for å grunnlovsfesta at matjord skal disponerast langsiktig og ivaretakast for komande generasjonar.
- Lovfesta moglegheita for varig vern av matjord.
- Sikra matjord sterkare vern enn utmark.
- At jord som vert nedbygd skal gjenbrukast som matjord.
- At jordvernet skal vektast tyngre i planprosessar ved bruk av regionale planføresegner.
- At det skal nydyrkast minst like mykje matjord som det vert omdisponert til anna formål.
- Endra dagens nasjonale retningslinjer for samordning av bustad-, areal- og transportplanlegging slik at jordvern får høgare prioritet ved utbygging i pressområda.
- Jobba for at jordvernlova skal ha høgare rang enn desse retningslinjene.
- Ha full openheit om opsjonsavtalar som omhandlar jordvern
- Arbeida for at det vert søknadsplikt på opsjonsavtalar som gjeld jordbruksareal.
- Tillata dyrking av myrjord
- At verdifulle landbruksareal i byutviklingskorridorane skal vernast for framtidig matproduksjon
- Arbeida for statlege finansieringar av arkeologiske utgravingar.
- Gjennomgå dagens regionalplanar og arbeida for å endra utbyggingsretningar.
- At det skal gis økonomisk støtte til å opparbeida ny dyrkamark.
- Jobba for statleg støtte til riving av gamle driftsbygningar i landbruket.
- Arbeida for en desentralisert utbygging. Me erfarer at presset er størst på områder med god landbruksjord i sentrale områder.