Gå til hovedinnhold

Arbeidarpartiet sviktar matprodusentane våre  

481184237_3029374950560443_7615400183206663586_n

At vi har folk som kan og vil produserer mat der det er mogleg i landet vårt, er og forblir ei av Senterpartiet sine viktigaste politiske saker. Alle som et mat, bør vere einige i det.

 

Over tid har talet på matprodusentar i landet vårt gått stabilt nedover. Det er vanskeleg å rekruttere til og drive i ei næring der ein må arbeide meir enn dei fleste, og samstundes tener mindre enn dei fleste. 

Difor er det enormt skuffande at Arbeidarpartiet møter bøndene sitt krav på 2 milliardar kroner i årets jordbruksoppgjer, med eit tilbod om 805 millionar kroner. Med det snur Arbeidarpartiet ryggen til ambisjonane vi stod saman om i Regjering om å auke sjølvforsyningsgraden og å betre boden si inntekt. 

Dei tre siste åra har Senterpartiet sine folk i landbruks- og finansdepartementet levert jordbruksoppgjer som har bidrege til å minske avstanden mellom inntekta til bønder og andre grupper. 

Dei same tre åra har stadig fleire politiske parti blitt stadig meir opptekne beredskap. Alle vil prioritere meir pengar til våpen, militært utstyr og forsvar. 

Merkeleg nok, er det ikkje like brei einigheit om at vi må prioritere det mest grunnleggande behovet vårt, både i kvardag og krisesituasjonar, nemleg mat. 

Norsk matproduksjon handlar ikkje berre om at vi skal ta vår del av ansvar for å sikre mat, som er ei mangelvare globalt, til eiga befolkning.  

Det handlar om klok forvalting av naturressursane våre. 

Det handlar om beredskap i ei usikker verd.  

Det handlar om dei viktige ringverknadane, i form av mellom anna levande bygdesamfunn og viktige arbeidsplassar. 

Kravet på 2 milliardar er mykje pengar. Heldigvis har vi råd til det, i eit av verdas rikaste land. Det vi ikkje har råd til, er å miste fleire av matprodusentane våre. 

No kryssar vi fingrane for at resultatet etter forhandlingane vert eit vedtak i Stortinget som bidreg til eit ytterlegare løft av økonomien i landbruket.  

 

Emma Berge Ness - ungdomskandidat, Sogn og Fjordane Senterparti