Over tid har sentralstyringa av kommunane og lokalsamfunna blitt sterkare gjennom stadig meir detaljerte lover, forskrifter og rundskriv. Utviklinga fører til meir byråkrati og mindre handlingsrom for det lokale folkestyret.
Politiet i Vest har i lengre tid jobba med ein større omstillings- og strukturprosess. Eit mogleg resultat er at Sogn og Fjordane politidistrikt forsvinn som eiga eining. Senterpartiet er uroa for kva dette vil bety for tryggleiken til innbyggarane i Sogn og Fjordane.
Noreg skal vere eit trygt land å bu i – også i distrikta. Difor krev vi no ei nasjonal forpliktande responstid for ambulanse, uavhengig av postnummer. Liv og helse skal ikkje avhenge av geografisk busetnad.
Valnemnda i Sogn og Fjordane Senterparti er ferdige med sitt arbeid, og har innstillt Ivar Kvalen frå Luster til ny leiar for fylkesdelslaget.
Noverande fylkesleiar Erlend Haugen Herstad takka nei til attval, og det var dermed tid for eit nytt namn på topp.
I ein stor annonsekampanje slår Venstre-leiar Guri Melby alarm om resultata i norsk skule. Dei er ikkje berre sjokkerande, men også skremmande. Bakgrunnen for uttalane er utviklinga i PISA-tala frå 2018 til 2022. I løpet av desse åra har grunnleggande kunnskapar i matematikk, lesing og naturfag vorte redusert. Derfor trengs det det ei ny regjering, meiner Venstre-leiaren.
For oss som bur i Sogn og Fjordane er distriktsflyplassane heilt avgjerande. Dei bind oss saman med resten av landet, gjer det mogleg å bu og arbeide her, og dei er viktige for både næringsliv, reiseliv og beredskap. Når sjukdom eller ulykker rammar, kan flyplassen vere forskjellen på liv og død.
Haust er jakttid, og gjennom historia har jakt- og fiskerettar vore ein viktig ressurs for lokalsamfunna rundt om i landet, både som matauk og rekreasjon.