Meny
Kaffe og Kursportalen

AUKE I STUDIERINGTIMAR FOR SOGN OG FJORDANE SENTERPARTI 2022

Det er god studieaktivitet i Sogn og Fjordane Senterparti, etter at rapporteringa av studietimar er samla inn frå alle lokallaga viser det at nesten fem hundre timar med studiearbeid er gjennomført i mellomvalåret 2022.

Liste over avslutta studieringar 2022 er sett opp i tabellen nedanfor. Det er godkjent totalt 462 studietimar i 2022. Det er ein auke på 19 timar frå 442 timar i 2021. Timane er fordelt på 27 studieringar, mot 22 i 2021. Studieringane er utført av 11 lokallag, mot 8 lokallag i 2021. I dei 11 lokallaga er også fylkesdelsaget rekna med i år. I år er det Hyllestad SP som toppar lista med 77 timar og bak dei Sogndal SP med 64 timar.

Studiearbeidet er viktig for partiet sitt politiske og orgnanisatoriske arbeid, og det gjev velkomne kroner i lokallagskassane, Totalt er det utbetalt kr 46 100,- i tilskot for dette arbeidet, med 100 kr per time.

Studiearbeid er eit prioritert arbeid frå fylkestyret si side og det er gledleg at vi ser ei auke i 2022.

Fram over håpar vi å få endå fleire lokallag pensla inn på studiearbeid sporet. Det vil gje oss ei endå betre politiskslagkraft og styrke organiasjonsarbeidet. Ei ekstra gulrot i 2023 er at det vert utbetalt 135 kr per studietime! Dette er ekstraordinær ordning for 2023, men det bør gje ekstra motivasjon til å gjennomføre studiearbeid.

 

Lokallag

Antal ringar

Total antal timar

Bremanger

4

45

Fjaler

2

29

Gloppen

2

35

Hyllestad

6

77

Lærdal

2

34

Sogn og Fjordane

4

36

Sogndal

2

64

Stad

3

49

Stryn

2

32

Sunnfjord

1

19

Vik

1

41

Totalt

27

461

Tala er henta frå SpS sin tabell over godkjente studieringstimar for 2022. Vedlagt i mailen ligg heile tabellen med oversikt over kva studieringar som er gjennomførte for alle fylka.

 

Karin Tonning Hatløy, fylkesstudieleiar Sogn og Fjordane Senterparti

Tlf: 90985389

Erlend Haugen Herstad, Fylkesleiar Sogn og Fjordane Senterparti

Tlf: 91644740