Gå til hovedinnhold

BEREDSKAP ER IKKJE MEG OG MITT. DET ER VI OG OSS.

Måndag kveld vitja justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl Florø. Der deltok ho på eit folkemøte i regi av Kinn Senterparti med tittelen "Nasjonal kontroll, sikkerheit og beredskap. Korleis rustar vi oss for den nye sikkerheits-situasjonen?" 

Styremedlem i Kinn Senterparti, Elisabeth Halsne, deltok på møtet, og deler her sine tankar kring dette viktige temaet og besøket. 

BEREDSKAP ER IKKJE MEG OG MITT. DET ER VI OG OSS.

Beredskap er det å være forberedt til innsats for å møte uventede kritiske situasjoner. Beredskap er ikkje meg og mitt. Det er vi og oss.

Beredskap favner om mykje. Militær beredskap og sivil beredskap. Lokal beredskap og nasjonal beredskap. Redningsberedskap, oljeberedskap, forsvarsberedskap og matberedskap. Frivillige aktørar som driv beredskap, eller beredskapsansvar som kviler på kommune eller stat.

Korleis rustar vi oss i dag? Kinn er ein liten del av Norge, som er ein liten del av Europa, som er ein del av verden. Kva beredskap er viktig for oss både lokalt og nasjonalt i dag, og kor er fokuset?

Mandag 9.januar kunne vi høyre justis-og beredskapsminister Emilie Enger Mehl snakke om dette. Kantina på Florø hamn var full av lyttande engasjerte.

Frå pressen var kun NRK tilstade, noko som gav utteljing då ministeren kunne fortelje at Cell Broad Cast, alarmvarslling på mobiltelefonen,var på trappene. Pressemeldinga om naudvarsel på mobil var planlagt allereie dagen etter.

Men justis- og beredskapsministeren hadde meir på hjarte. Ho hadde mykje å fortelje, alt frå kva oppdrag hennar departementet har, til kva hennar departement og Støre- regjeringa har jobba fram, og Storting vedtatt.

Det er klart at beredskap er brennande heitt i tida vi har no. Der er krig i Europa, og den påverkar oss. Beredskap er meir i fokus i kvardagen, både lokalt og nasjonalt.

I tillegg har ringverknadane av krigen gitt prisauke i heile samfunnet, og utfordringa på varelevering.

 Enger Mehl starta innlegget sitt med å fortelje om salet av Bergen Engines som vart stogga. Rolls Royce ville selje til kjøpere i Russland. Den gang sat Mehl i opposisjon, og var pådriver til å rette spørsmål om salet til regjeringa. Som kjent, stogga regjeringa dette salet. Saka satte nasjonal sikkerhet på dagsorden. Norsk eigarskap på bedrifter er viktig. Å sikre nasjonal eigarskap er viktig. Som til dømes å sikre datalagring på nasjonalt nivå.  Å prioritere beredskap er viktig. Ei hending kjem plutseleg. Også digitalt. Det å ha ei digital motstandskraft må prioriterast, det å stå imot digitale angrep.

Ministeren drog fram døme frå Østre Toten kommune, som vart råka av dataangrep. Heile IT låg nede, ringverknadane gjekk over helsa til folket då ingen hadde tilgang til journaler hjå lege eller sjukeheim. Det er viktig å tenke digital sikkerhet, difor er det bevilga meir penger til kommunane.

Å alltid vere i beredskap skal det vere fokus på. Regjeringa har no satt ned ein totalberedskapskommisjon. Utvalet skal levere sitt arbeid i juni i år.

For justis- og beredskapsministeren er det viktig å ha beredskapsaktørar i nærleiken av der ein bur. Difor bygger dei no opp att politiet, gjenoppretter kontor og stillingar der folk bur. Politireformen sendte mykje ressurser inn sentralt. Å snu denne trenden er noko vår justis- og beredskapsminister no vil. Førebygging er viktig, det å ha synleg politi bidrar til dette.

Publikum fekk til slutt høve til å stille ministeren spørsmål på folkemøtet. Mange gode innspel frå Florø kunne mininsteren ta med seg videre i arbeidet om beredskap.

Kinn Sp

v/styremedlem Elisabeth Halsne

 

received_616283223635588.jpeg
Styremedlem i Kinn Sp, Elisabeth Halsne, her saman med justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl og nestleiar i Kinn Sp, Anita Eikevik. 

​​​​​​foto: Magne Bakke