Distriktsflyplassane er livsnerven i Sogn og Fjordane

Senterpartiet har alltid stått på for kortbanenettet og dei regionale flyplassane. Vi veit at utan eit godt flytilbod i distrikta, blir avstandane for store og moglegheitene færre.
Difor har vi i regjering halvert maksprisane på FOT-rutene (dei statleg kjøpte flyrutene), og vi har gjort det billegare å reise med fly i distrikta. Dette har ført til auka etterspurnad og vist kor viktig desse rutene er for folk flest.
Men vi stoppar ikkje der. Senterpartiet vil:
- Sikre drift og utvikling av kortbanenettet og dei regionale flyplassane – også dei som ikkje er ein del av Avinor-systemet.
- Styrke rutetilbodet i distrikta og halde fast ved ordninga med statlege rutekjøp, og utvide ordninga.
- Leggje til rette for framtida ved å gjere flyplassane klare for elektrifisering og nullutsleppsfly.
- Skrinlegge planane om tredje rullebane på Gardermoen, fordi vi vil satse på heile landet – ikkje berre på meir vekst rundt Oslo.
For Sogn og Fjordane betyr dette at flyplassane våre ikkje berre skal overleve, men utviklast. Vi skal ha eit flytilbod som gjer det mogleg å bu her, drive næring her og reise trygt ut i verda – og heim att.
Senterpartiet vil utvikle flytilbodet over heile Noreg. For oss er det ikkje berre eit spørsmål om samferdsel, men om livskraftige lokalsamfunn, beredskap og like moglegheiter for folk – uansett kor dei bur.
