Distriktspolitikken bør utformast av Senterpartiet!
I eit lesarinnlegg skriv Alfred Bjørlo (V) at Senterpartiet og regjeringa ikkje har satsa på distrikta. Det er ein påstand som ikkje berre er feil – den er òg historielaus. Senterpartiet er og blir garantisten for at heile Noreg skal takast i bruk.
Lista over distriktsvennleg politikk som Senterpartiet fekk gjennomslag for i regjering, er lang. Illustrerande døme er halverte barnehageprisar i alle kommunar i Sogn og Fjordane, sletting av studiegjeld i dei same kommunane, rekordstore jordbruksoppgjer, gratis ferjer på 77 samband og halverte prisar på resten, halverte flyprisar og auka pendlarfrådrag for å nemne noko. Dei fleste av dei vart vedtatt mot Venstre sine stemmer.
Bjørlo sitt Venstre sørgde saman med resten av Solberg-regjeringa ein politikk for sentralisering over ein lav sko. Å vise til at dei flytta ut nokre hundre arbeidsplassar blir meiningslaust når dei sentraliserte mange fleire. Venstre var del av den mest distriktsfiendtlege regjeringa Noreg har hatt.
Det var med Venstre si støtte at tvangssamanslåingar av kommunar og fylke vart gjennomført, at politi og andre grunnleggjande tenester vart trekte bort frå lokalsamfunn og samla i sentrale strøk. Venstre sitt alternative statsbudsjett for 2025 viser partiet sitt sanne ansikt. Ikkje berre har Venstre stemt mot nær sagt alle distriktsgrepa Senterpartiet har innført. Bjørlo sitt parti ønskjer i tillegg auka moms på kjøt, høgare drivstoffavgifter, auka ferjeprisar, auka gebyr på vatn og avløp, kutt i pendlarfrådraget og redusert grunnskoletilskot.
Dette er ein politikk som vil ramme distrikta, både næringslivet og folk sin private økonomi – og samtidig svekke vår sivile beredskap.
Eg vil minne Venstre om at det er Senterpartiet i Regjering som dei siste åra har sørga for å stoppe sentralisering og tvangssamanslåingar, styrke lokaldemokratiet, og forbetre rammevilkåra for små og mellomstore lokalsamfunn. Senterpartiet kjempar kvar dag for at folk skal kunne bu, jobbe og leve gode liv – uansett kvar i landet dei bur.
Det er urimeleg å påstå at det ikkje har skjedd ei reell kursendring i distriktspolitikken etter at Solberg-regjeringa forlét regjeringskontora. Her meiner eg Bjørlo fyrst og fremst må feie for eiga dør, og vere ærleg på at Venstre er eit parti som i praksis ønskjer å flytte ressursar frå bygd til by og makt frå Noreg til Brussel.
Det er mange reelle politiske usemjer mellom Senterpartiet og Venstre, og dei viser ein ting for sikkert: Distriktspolitikken bør utformast av Senterpartiet!
Erling Sande (Sp), leiar av Næringskomiteen og tidligere kommunalminister