Meny
P5080059

Erlend Haugen Herstad er innstilt som ny fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti

Erlend Haugen Herstad (35) frå Naustdal i Sunnfjord er innstilt som ny fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti etter at Sigurd Reksnes takka nei til attval. Herstad er i dag 2. nestleiar i Sogn og Fjordane Senterparti.  Leidulf Gloppestad frå Gloppen er innstilt som 1. nestleiar og Sidsel Fænn Kongsvik er innstilt som 2. nestleiar.

I tillegg til å vere nestleiar i Sogn og Fjordane Senterparti er Herstad folkevald i Sunnfjord kommune der han er nestleiar i Utval for Oppvekst og han er medlem i Hovudutval for Næring i Vestland Fylkeskommune. Herstad har lang fartstid i Senterpartiet og har tidlegare vore leiar i Sogn og Fjordane Senterungdom. Til dagleg arbeider Herstad som kokk på sjukehuset i Førde. 

Per Jarle Myklebust har vore leiar i valnemnda og seier at -valnemnda har lagt vekt på å få fram kandidatar med ulik røynsle og kompetanse innan organisasjonsarbeid og arbeidsliv i tillegg til at vi har vektlagt samarbeid og lagspel som viktige faktorar når vi har sett saman eit nytt fylkesstyre.  Valnemnda er trygge på at dette laget vil gjere ein svært god jobb for Sogn og Fjordane Senterparti framover og vi er glade for at folk stiller seg til disposisjon for å gjere ein jobb.

-Valnemnda sitt framlegg er samrøystes på alle plassar avsluttar Myklebust.

Valnemnda sitt framlegg til nytt fylkesstyre i Sogn og Fjordane Senterparti:

  • Erlend Haugen Herstad (Sunnfjord) – leiar
  • Leidulf Gloppestad (Gloppen) – 1. nestleiar
  • Sidsel Fænn Kongsvik (Kinn) – 2. nestleiar
  • Karin Tonning Hatløy (Hyllestad) – studieleiar
  • Bente Sønsthagen (Sogndal) – styremedlem
  • Rune Hegrenes (Sunnfjord) – styremedlem
  • Geir Helge Østerbø (Høyanger) – styremedlem
  • Nina Hjartholm (Sunnfjord/Senterungdomen) – 1. vara
  • David Underdal (Aurland) – 2. vara
  • Rune Myklebust (Stryn) – 3. vara
  • Gunn Karin Sande (Stad) – 4. vara