Erling Sande listetopp for andre gong

Erling Sande vart vald til førstekandidat på nominasjonsmøtet til Sogn og Fjordane Senterparti i dag.
Heile listeframlegget til nominasjonsnemnda vart valde ved akklamasjon.
Møtet gjekk føre seg på Thon Hotel Jølster på Skei, og samla over 100 delegatar frå heile gamle Sogn og Fjordane.
Erling vart vald inn på Stortinget ved førre stortingsval, i 2021. Sidan då har han både vore stortingsrepresentant og statsråd.
Erling er takksam for tilliten partiet har gjeve han.
Hakk i hel kjem sogningen Aleksander Øren Heen, som det siste halvtanna året har vore vararepresentant på Stortinget.
På tiande plass, og «heidersplass», finn vi Oddmund Hoel, som nett gjekk av som statsråd for forsking og høgare utdanning.
Lista er i tillegg spekka med unge, engasjerte og dyktige senterungdomar. Dette viser at partiet har trua på nye og yngre krefter, og ynskjer å la desse sleppe til.
Den fullstendige lista til Stortingsvalet frå Sogn og Fjordane Sp vart dermed sjåande slik ut:
1.Erling Sande – 46 år– Gloppen
2.Aleksander Øren Heen – 35 år - Sogndal
3.Emma Berge Ness – 26 år - Sunnfjord / Senterungdomen
4. Vibeke Kjerpeseth Os – 49 år - Bremanger
5. Stine Fjellkårstad – 25 år - Stryn / Senterungdomen
6. David Underdal – 35 år - Aurland
7. Erlend Haugen Herstad – 37 år - Sunnfjord
8. Jonas Haugsbø – 26 år - Høyanger / Senterungdomen
9. Pernille Nedrebø – 24 år - Fjaler / Senterungdomen
10. Oddmund Hoel – 56 år - Luster