Erling Sande listetopp for Senterpartiet
Nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Senterparti er klar med sitt framlegg til stortingslista for valet 2025.
På topp finn ein kommunal – og distriktsminister Erling Sande frå Gloppen. Hakk i hel kjem Aleksander Øren Heen frå Sogndal, som i dag sit på Stortinget for Sogn og Fjordane Sp. Senterungdomskandidat Emma Berge Ness frå Sunnfjord har tredjeplassen.
Leiar i nominasjonsnemnda, Karen Marie Hjelmeseter, seier seg nøgd med ei solid liste med dyktige senterpartistar, ei liste med ti unge namn.
-Me gjentek suksessen med topp 3 frå førre val, men legg til fleire unge og nye namn denne gongen.
Me er nøgde med å ha sikra ei ung og god liste med flinke senterpartistar som vil stille til val for Sogn og Fjordane.
Me tykkjer lista speglar fylket vårt på ein god måte, med kandidatar frå alle regionane våre, frå dei inste fjordane til kysten i Bremanger, seier Hjelmeseter.
Erling Sande er klar for å jobbe vidare for Sogn og Fjordane i dei komande åra.
-Eg tykkjer det er stor stas å få tillit frå nominasjonsnemnda til å vere listetopp for Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Dei tre åra i regjering har vi fått til mykje ny politikk som er viktig for folk og næringsliv i fjordfylket. Den jobben ønskjer eg å halde fram
Listeforslaget i si heilheit ser slik ut:
1.Erling Sande – 46 år– Gloppen
2.Aleksander Øren Heen – 35 år - Sogndal
3.Emma Berge Ness – 26 år - Sunnfjord / Senterungdomen
4. Vibeke Kjerpeseth Os – 49 år - Bremanger
5. Stine Fjellkårstad – 25 år - Stryn / Senterungdomen
6. David Underdal – 35 år - Aurland
7. Erlend Haugen Herstad – 37 år - Sunnfjord
8. Jonas Haugsbø – 26 år - Høyanger / Senterungdomen
9. Pernille Nedrebø – 24 år - Fjaler / Senterungdomen
10. Oddmund Hoel – 56 år - Luster