Høgreregjeringa si regionregionreform er i full oppløysing. Det er allereie klart at Troms og Finnmark gjennoppstår. Til helga vert det klart om det i framtida skal heite Buskerud, Akershus og Østfold og ikkje lenger Viken. I Vestfold og Telemark har no dei fleste kommunane tilrådd oppløysing, og mykje tyder på at fylkestinget vedtek deling 15.februar. I Innlandet skal det vere folkeavrøysting om saka, og også her tyder det på at mange vil gå inn for å gjenopprette Hedmark og Oppland.
Det er fleire grunnar til at dette skjer. Det viktigaste er den folkelege motstanden mot reformen til Høgreregjeringa. Felles for alle fylka vi nemner ovanfor, og også for Hordaland og Sogn og Fjordane, har vore at det heile tida har vore stor folkeleg motstand mot dei nye regionane. Reforma var pressa ovanfrå og ned, mot det som var folk sin vilje. Folk var kritiske fordi den auka avstanden mellom dei som skulle fatte viktige politiske avgjerder, og dei som skulle forhalde seg til dei. Større avstand mellom folk og politikarar, reduserer lokalkunnskapen, sentraliserer makt og svekker lokaldemokratiet.
Då fleirtalet av politikarane i Sogn og Fjordane fatta vedtak om Vestland var det klare føresetnader om at det slik den førre regjeringa hadde varsla, skulle kome ei rekke nye viktige oppgåver til fylka. Men så snart Høgrepartia hadde fått endra grensene fekk pipa ei anna låt. Oppgåvene var ikkje så viktige lenger. No veit vi fasiten: Lite eller ingenting av nye oppgåver har kome til dei nye fylka. Dei gamle fylka hadde handtert desse oppgåvene og fleire til heilt utmerkt. Den viktigaste premissen for samanslåinga er vekke. Og no gjer politikarar i heile landet vedtak om å gjenopprette dei opprinnelege fylka.
Gjennom denne våren blir det gjennomført demokratiske prosessar der folk får seie si meining om den framtidige fylkesstrukturen i fleirtalet av dei opprinnelege fylka anten gjennom uttalar i kommunane eller folkeavrøysting. Unntaket er innbyggarane i Vestland. Det meiner vi er feil. Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner folk må få seie si meining om vi skal gå vidare som Sogn og Fjordane og Hordaland eller som Vestland i framtida no når heile regionreforma dett frå kvarandre.
Sigurd Reksnes,
Fylkesleiar Sogn og Fjordane Senterparti
Erling Sande
Stortingsrepresentant for Senterpartiet