Meny
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Folkerøysting om Vestland fylke

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Senterparti vedtok samrøystes 11. og 12. mars 2022 fråsegn "Folkerøysting om Vestland fylke".

Publisert: 14.03.2022 #Sogn og Fjordane

Folkerøysting om Vestland fylke

I 2020 blei 19 fylke slått saman til 11 regionar.

Då fleirtalet av politikarane i Sogn og Fjordane fatta vedtak om Vestland var det klare føresetnader om at det skulle kome ei rekke nye viktige oppgåver til fylka. Få nye oppgåver har kome til og den viktigaste premissen for samanslåinga er vekke.

Denne våren er det i fleire regionar gjennomført demokratiske prosessar der folk har sagt meininga si om den framtidige fylkesstrukturen. Unntaket er innbyggarane i Vestland.  Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti meiner innbyggarane må få seie meininga si om vi skal gå vidare som Sogn og Fjordane og Hordaland eller som Vestland i framtida.

Sogn og Fjordane Senterparti meiner at også ungdom mellom 16 og 18 år skal ha røysterett i folkerøystinga. Ungdomen har vist eit stort engasjement kring Sogn og Fjordane og dette er det viktig at fylkestinget lyttar til. Ungdomen må få seie sitt, då det trass alt er dei som skal vidareutvikle heimfylket sitt.

Sogn og Fjordane Senterparti meiner:

  • At folk i Sogn og Fjordane må få seie si meining om vi skal gå vidare som Sogn og Fjordane eller Vestland i framtida.

  • At fylkestinget må respektere resultatet av folkerøystinga.

  • At alle som fyller 16 år eller meir det året folkerøystinga blir halden, skal ha stemmerett.