Har du studielån? Dette må du lese!
Hei, student! Visste du at du no får sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år – berre ved å bu i ein distriktskommune? Dette gjeld heile Sogn og Fjordane!
Eit gjennomsnittleg studielån frå Lånekassen er på rundt 400 000 kroner. Over 20 år vil det koste deg om lag 650 000 kroner med renter og avdrag. Med studiegjeldsletteordninga vil dette reduserast med opp mot, hald deg fast, 350 000 kroner!
Senterpartiet har kjempa dette gjennom, og for mange unge betyr ho ein stor forskjell når dei skal etablere seg. Det vil ikkje mangle på andre formål å bruke dei pengane på.
Denne ordninga kan stå i fare etter valet. Høgre og FrP har vore kritiske til denne ordninga – og til fleire andre målretta tiltak for å styrke distrikta.
Vil du ha ei framtid med lågare studiegjeld og betre vilkår for å bu i distrikta?
Stem Senterpartiet – for deg, og for heile Sogn og Fjordane!

David Underdal, 6.kandidat til Stortingsvalet - Sogn og Fjordane Senterparti