Meny
Anda-Lote-ferge-ferje-elektrisk-mai-2018_42579192931_o

Høgre sitt svar på krisene er å kutte i distriktspolitikken

I over eitt år har Høgre hamra laus med kritikk av regjeringa. Stigande meiningsmålingar har gjort at høgrefolka er blitt stadig meir entusiastiske. I førre veke presenterte Høgre omsider sitt alternative statsbudsjett.

Det viser korleis Høgre ville prioritert midlane dersom dei hadde hatt styringa. Budsjettet var interessant lesing. Først og fremst fordi dei i all hovudsak foreslår dei same skatteendringane som regjeringa har foreslått, sjølv om dei utad høglytt har kalla dei «skattesjokk». Men for norske distrikt er Høgrebudsjettet svært skuffande lesing. Budsjettforslaget viser for alvor forskjellen på om det er Senterpartiet eller Høgre som sit i regjering.

 

Senterpartiet har gjennom året gjort viktige grep for å ta ned nokre av avstandskostnadane mange i distrikta opplever. Vi har auka pendlarfrådrag, foreslått reduksjon i drivstoffavgifta og ikkje minst halvert ferjeprisane. Vi har ordna gratisferje på alle sambanda med under 100 000 passasjerar årleg og til øysamfunn. Høgre har markert seg mot dette. I fjor stemte dei mot å redusere ferjeprisane, i år foreslår dei å fjerne gratisferjeordninga. I tillegg foreslår Høgre auke i drivstoffavgiftene i ei tid då drivstoffprisane er rekordhøge. Det er dårleg «timing». Nesten ei krone ekstra for dieselen kjem på toppen av høgre drivstoffprisar for folk og næringsliv som er avhengig av bil. Anleggsdieselen blir nær 1,50 kroner dyrare per liter. I tillegg kuttar dei bygdevekstavtalar, vegvedlikehald og halverer den viktige satsinga på utbygging av breiband og mobildekning.

 

Senterpartiet fører ein politikk for heile landet. Skal vi sikre verdiskaping og busetting og oppretthalde gode tenester nær folk, må vi også bruke pengar på satsingar utanfor dei største byane. I krevjande tider er det endå viktigare kven som står ved roret. Trygg økonomisk styring er viktig for å unngå endå større pris- og rentevekst – men den økonomiske politikken må samtidig sikre at vi ikkje får auka sosiale og økonomiske ulikskapar. Senterpartiet fører ein politikk for heile Noreg!

 

2021 Erling Sande, Sogn og Fjordane - førstekandidat til stortingsvalget (10).jpg

Erling Sande 

Stortingsrepresentant - Senterpartiet