Jakt og fiskerettar må framleis vere på norske hender

Senterpartiet vil sikre at det skal vere lokal forankring av desse rettane også i framtida. Detta i sterk kontrast til Høgre og FrP som ønskjer å liberalisere regelverket for eige av landbruks- og skogbrukseigedomar i Norge. Dersom dei får fleirtal for å gjennomføre denne politikken vil det kunne føre til at folk som bur andre stader i Europa i større grad vert eigarar av areala rundt om i Norge. Det vil bety at jakt- og fiskerettar også i større grad vil kunne kontrollerast av folk som bur i Hellas, Irland og Frankrike. Senterpartiet kjem til å kjempe for lokalt og norsk eigarskap av desse verdiane.
Senterpartiet har gjennom regjeringsdeltakinga vist at vi sikrar nasjonalt eigarskap. I mot Høgre og FrP sin vilje sikra vi norsk kontroll med eit av Noreg sine største eigedomar, Meråker brug i Trøndelag. Eigedomen er på heile 1300 km2. Senterpartiet ønskjer ikkje å opne for bit-for-bit sal av Norge. Bruk stemma di og hjelp oss å sikre at kontrollen med areala, jakta og fisket vert på norske hender også i framtida.
Godt val.
Erling Sande,
Førstekandidat Sogn og Fjordane Senterparti