Kvifor flytte til Sogn og Fjordane?

Bremanger kommune har i lengre tid vore berykta som ein NEI-kommune. Vi ropar høgt om alt vi ikkje vil ha og ting som vi trur øydelegg bulysta.
Kven ropar ut om alt vi har som er bra? Kven reklamera for alle godene vi har, som er med på skape bulyst og som er gode grunnar til å flytte hit? Det er ikkje mange. Alle som bur her har ansvar for å bidra til at folk skal få lyst å flytte hit og å skape den bulysta som vert etterlyst.
Kva er det vi har her i kommunen vår då, som kan vere med på å lokke innbyggjarar hit? Jo det er mykje, og her er berre nokre eksempel:
- Nedbetaling av studielån
Vi bur i den regionen som gjer at dei som har studielån får nedbetalt 25 000kr i året på lånet sitt. Noko som i løpet av dei fem åra utgjer 125 000 kr.
- Bustad tilskot på 200.000 kr
Dei som investera i bustad for første gong, restaurera eller bygger nytt, får 200.000kr i tilskot.
- Gratis barnehage
SP har jobba for gratis barnehage, noko som vi etter mykje jobbing fekk gjennomslag for og vart innført frå 1.august 2024. For dei som har to barn i barnehagen utgjer dette
33 000 kr pr. år.
- Fritidskort
Kommunen har innført fritidskortet. Dette gjeld for born frå og med 6 år og til og med 18 år. Der alle får 2100 kr i året, som dei kan bruke på ulike fritidsaktivitetar.
- Fritidsaktivitetar
Vi har ein kulturskule som er av den aller beste sorten, vi har aktive idrettslag med veldig variert tilbod, eit turlag som arrangera flotte turar for alle aldrar, vi har møteplassar for ungdom, kommunen arrangerar open skule og vi har mykje meir.
Vi har ein fantastisk natur, der 95 % av den er urørt. Her kan du nyte fjord og fjell på same dag. Flotte badeplassar og nydelege sandstrender der du kan ta eit forfriskande bad.
Dei vi ikkje har i kommunen vår, har vi tilgang på ikkje langt unna. Vi treng ikkje reise lenger enn til Nordfjordeid, Måløy, Florø eller Førde så har vi det vi treng.
Kor mange er det som skryt og snakkar opp kommunen vår?
Folketalsutviklinga har snudd siste året, vi har tilflytting og folketalet har stege.
La oss i lag få denne utvikinga til å fortsette. Framsnakk kommunen og dei som bur her og skryt av det vi har og får til her hos oss. Så kan vi i lag snu negativiteten og skape bylyst for alle.
Vibeke Kjerpeseth Os
4.kandidat på stortingslista til Senterpartiet i Sogn og Fjordane