Gå til hovedinnhold

No ser vi kva Venstre meiner med «distrikts-psykopati»

2021 Erling Sande, Sogn og Fjordane - førstekandidat til stortingsvalget

Måndag denne veka la Venstre fram sitt alternative statsbudsjett for 2025. Her viser partiet kva dei vil prioritere (og prioritere ned) dersom dei får makta saman med FrP og Høgre.

Venstre vil gje folk dyrare straum, auka barnehageprisar og dyrare kjøt. Folk skal betale meir i avgift for vatn og avløp enn det Senterpartiet og Arbeiderpartiet foreslår. Alle ferjestrekningar får dobla pris og Venstre vil kutte gratisferjene. Pendlarane skal få mindre frådrag. Nær sagt alle i Sogn og Fjordane får med dette auka utgifter. I ei krevjande tid der kostnadane har auka for folk, vil Venstre krevje inn 1000 kroner meir i barnehagepris kvar månad frå småbarnsforeldre i Sogn og Fjordane. Det er ikkje til å tru.

Storbyane skal derimot prioriterast med å løfte fram store samferdsleprosjekt, som til dømes fortgang i ny jernbanetunnel gjennom Oslo.

No ser vi for alvor forskjellane på dei politiske partia. For Senterpartiet og Arbeiderpartiet i regjering er det eit mål at vi skal ha levande lokalsamfunn på små og store stader i heile Norge. Difor har vi politikk for å halde avstandskostnadane nede for folk og næringsliv.

Med Senterpartiet i regjering har vi innført gratis eller halvert pris på ferje. Eit viktig tiltak for folk og næringsliv her vest. Det skal ikkje koste unødvendig mykje for dei som er avhengige av ferje i kvardagen, eller for bedrifter for å få varer inn og ut. Vi har auka pendlarfrådraget for vi veit at mange må reise eit stykke for å kome seg på jobb. Vi har halvert prisane i barnehage for alle småbarnsforeldre i Sogn og Fjordane fordi vi vil legge til rette for busetting i distrikta. Vi har halvert maksprisane på flyrutene til og frå fjordfylket. Vi har satsa på breiband og varsla 25 000 kroner i årleg sletting av studiegjeld. Dette er viktige distriktssatsingar.

Det betyr noko for folk i Sogn og Fjordane kven som styrer landet.

Erling Sande,

Senterpartiet