Meny
P4060117

Næringslivet treng strakstiltak for å redusere drivstoffkostnaden

Siste året har vi sett ein formidabel auke i drivstoffprisen.  Berre på diesel har kostnadsauken siste året vore på rundt 50%.

Sogn og Fjordane Senterparti krev at Regjeringa straks set i verk tiltak for ein vesentleg reduksjon i prisen på drivstoff for næringslivet.  Prisnivået vi har no medfører store ekstrakostnader.  Desse kostnadane kjem opp på ein allereie pressa likviditet og står i fare for at mange entreprenørar og deler av transportnæringa kan gå konkurs.

Det er ei likviditetskrise i tungtransporten, særleg i vårt område. Som eit tiltak bør transportbedriftene få lån på gunstige vilkår, slik at dei kan hente inn igjen dårleg likviditet. 

Målretta tiltak som å redusere eller fjerne avgifter vil dempe behovet for å hente inn denne kostnadsauken i marknaden.  Slike tiltak vil slå inn direkte og positivt på botnlinja i næringslivet med umiddelbar effekt og dei vil dempe behovet for å hente inn denne kostnadsauken ute i marknaden og hjå forbrukarane. 

Erlend og Nistad transport (2).jpg
F.v. Arne Nistad (adm. dir. Nistad Transport) og Erlend Haugen Herstad

Fylkesleiar Erlend Herstad har vitja Nistad Transport, og diskuterte i denne samanheng kva tiltak som kunne hjelpe transportbedrifter i Sogn og Fjordane. Aktiv og rask handling frå regjeringa vart etterlyst.