Gå til hovedinnhold

Norgespris for ein kvar pris?

2021 Aleksander Øren Heen, Sogn og Fjordane
Senterpartiet har etter forhandlingar forbetra og støtta Norgespris på straum. For oss var det viktig at ordninga vart utvida til 5000 kWt, og at ein sikra framleis straumstøtte til frivillige lag og organisasjonar, landbruk og gartneri. Dette låg ikkje inne i forslaget frå Ap-regjeringa.

Likevel så er me framleis der at bedriftene våre må slite med ein utforutsigbar spotpris, eller fastprisavtalar som stort sett er basert på spotprismarknaden. Kvifor ikkje ta inn bedriftene i Norgespris tenker du? Jo, fordi det blir rekna som ulovleg statsstøtte på grunn av EØS-avtalen. Mange meiner EØS er bra for bedriftene sin marknadstilgang, men baksida er store avgrensingar på å nytte våre naturgjevne konkurransefortrinn slik som rimeleg vasskraft.

 

Me i Senterpartiet meiner Norgespris er eit greitt tiltak for å redusere straumrekninga for oss som privatkundar, men det er meir som eit Norgesplaster på eit mykje større problem. Såret er sjølvsagt krafteksporten med store årer ut av landet til Europa og England, og nokre vindturbinar på land her hjå oss, utan større endringar har like stor effekt som å blåse litt på såret.

 

Noreg har gjennom dei ulike energimarknadspakkane til EU forplikta seg til å delta i ein felles straummarknad. Me gjekk ut av regjering fordi me ikkje ville vere med på ei enda tettare tilknyting til den europeiske straummarknaden.

 

Senterpartiet krev større gjennomslag i kraftpolitikken dersom Jonas skal halde fram, enten me skal vere ein del av regjering etter valet eller stå utanfor. Me har foreslått å sei nei til EU si fjerde energimarknadspakke, stansa vidare elektrifisering av sokkelen, reforhandla avtalane om dei nyaste utanlandskabalane, og å ta tilbake politisk kontroll over Statnett. Alt blir stemt ned av EU-alliansen Ap, Høgre og Venstre.

 

Mest oppsiktsvekkande er det kanskje at Ap no har gått saman med Høgre for å halda fram arbeidet med nye utanlandskablar til Danmark, stikk i strid med Ap sitt eige vedtak på landsmøte. Dette viser at Sp trengst i energidebatten dersom du meiner meir nasjonal kontroll over krafta er viktig. Det hjelp ikkje i lengda med eit større og større Norgesplaster for å dekke over eksportpolitikken til Ap og Høgre.

 

 

Aleksander Heen

Stortingskandidat Sp