Erling Sande sit per i dag som statsråd for kommunaldepartementet. Aleksander Øren Heen er stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Sp, og Emma Berge Ness er første vara til Stortinget.
Erling Sande frå Gloppen har fått 15 innspel, senterungdomskandidat Emma Berge Ness frå Viksdalen hakk i hel med 14 innspel og Aleksander Øren Heen frå Sogndal med 11 innspel i første innspelsrunde for Senterpartiet i Sogn og Fjordane.
Leiar i nominasjonsnemnda, Karen Marie Hjelmeseter, er nøgd med engasjementet i lokallaga i partiet, der mange av laga har nytta høve til å sende inn sine ynskje.
-Dei noverande listetoppane har stor oppslutnad, seier Karen Marie.
Nemnda har allereie kalla inn til ei innspelsrunde nummer to, og tek sikte på å ha listeforslaget sitt klart før jul.
Den endelege lista til stortingsvalet vert vedteken på Sogn og Fjordane Senterparti sitt nominasjonsmøte på Skei 1.mars 2025.
Topp 10 av namn som har blitt spelte inn er som følgjer:
Namn | Lokallag | Antal innspel |
Erling Sande | Gloppen | 15 |
Emma Berge Ness | Sunnfjord / Sul | 14 |
Aleksander Øren Heen | Sogndal | 11 |
Gunn Åmdal Mongstad | Solund | 9 |
David Underdal | Aurland | 6 |
Pernille Nedrebø | Fjaler / Sul | 5 |
Jonas Haugsbø | Høyanger / Sul | 4 |
Stine Fjellkårstad | Styn / Sul | 4 |
Steffen Fjellestad | Gloppen / Sul | 4 |
Kristin Rundsveen Bøthun | Sogndal | 4 |