Senterpartiet seier nei til overnattingsskatt – ja til pilotprosjekt

I fleire år har lokale aktørar – gjennom kommune, regionråd, Visit Sognefjord og fleire andre – arbeidd for å få høve til å teste ut eit reisemålsbidrag i område som opplever utfordringar knytt til masseturisme. I samarbeid med mellom anna Lofoten har vi utvikla ein modell der turistane betaler ei avgift for å reise inn i verdsarvområdet.
Diverre valde regjeringa ei lettvint løysing, og opna for at kommunane kan innføre ei avgift på overnatting. Ei slik ordning er usolidarisk, sidan éi næring då må bere kostnaden åleine. Endå verre er det at dagsbesøkande – som ofte legg att minst – slepp unna.
Aurland kommune har vore ein pådrivar for å få på plass eit reisemålsbidrag, men skriv likevel i sitt høyringssvar at dei ikkje kjem til å innføre overnattingsavgifta. Også resten av regionen stiller seg kritisk til ordninga.
Heldigvis har stortingsgruppa til Senterpartiet vedteke å gå imot forslaget. Dermed får det ikkje fleirtal i Stortinget og vert ikkje innført.
Regjeringa har i fleire år lova å leggje til rette for at pilotprosjekta i Lofoten og Verdsarvfjordane skal få lovheimel til å teste ut lokale reisemålsbidrag. Dette støttar Senterpartiet. No må det kome eit grønt lys. Vi treng ikkje fleire lettvinte løysingar.
David Underdal
lokallagsleiar, Aurland Senterparti
valkampleiar, Sogn og Fjordane Senterparti