Gå til hovedinnhold

Sigurd Erlend Reksnes tildelt Senterpartiets Heidersmerke

Sigurd Reksnes

Ordførar i Stad, Sigurd Reksnes, har fått tildelt Senterpartiet sitt heidersmerke for langvarig og særleg fortent innsats for partiet.

 

Fylkesordførar Jon Askeland og tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, overrekte heidersmerket til Sigurd på vegne av partiet.

Dei trakk fram kor fint og ærefullt det var å få takke Sigurd for den unike innsatsen han har lagt ned både som folkevald og tillitsvald over mange år, på lokalt plan så vel som på regionalt plan.

 

-Sigurd har vore ein bauta i fylkespartiet i mange år, seier Jenny Følling.

 

Jon Askeland understreka at Sigurd ikkje berre er ein dyktig politikar med høg arbeidsmoral, men eit medmenneske av dei sjeldne, som ser folka rundt seg på ein heilt eigen måte.

-Sigurd har alltid tid til deg, han tek seg alltid tid, seier Askeland.

 

 

Eit lite utdrag frå begrunninga til heidersmerke kan de lese her:

 

Vi kjenner Sigurd som ein uredd politikar med eit stort og sterkt engasjement for både lokalsamfunnet sitt, fylket, men også som ein politikar med auge for einskildmenneske.

Han har gjennom alle sine verv vore ein tydeleg talsperson for partiet sin distriktspolitikk og har aldri vore redd for å fremje partiet sine standpunkt. Sigurd er kunnskapsrik og dette har kome til uttrykk innafor mange saksområde.

I lokalpolitikken har Sigurd vore ei stor kraft gjennom mange år, og for Stad SP og ikkje minst for Sigurd sjølv var det eit høgdepunkt i den politiske karriera å bli vald til ordførar i 2023. Som ordførar har han vore oppteken av å finne gode løysingar i fellesskap med andre, og han har hatt eit sterkt engasjement for kommunen og lokalsamfunnet sitt. Her har han vore oppteken av å samle alle gode krefter til beste for kommunen.

Det er mange som har sett pris på Sigurd, både som politikar og menneske, og av ord som er nytta for å beskrive han er «politisk krigar», heil ved, pragmatikar, lojal, nytenkande, skvær, medmenneske og til å stole på.