Meny
P5080064

Sigurd Reksnes takkar nei til attval som fylkesleiar i Senterpartiet

Sigurd Reksnes har gjeve valnemnda i Sogn og Fjordane Senterparti melding om at han ikkje ynskjer å stille til attval som fylkesleiar.  Reksnes har vore fylkesleiar i seks år og var før det nestleiar i fylkespartiet.

-Det har vore ei ære og ei glede å vere fylkesleiar desse seks åra.  Vi har i fellesskap oppnådd svært mykje, og vi har fått fleire av dei beste valresultata i Sogn og Fjordane Senterparti si historie i denne perioden. Det har vore veldig kjekt å vere leiar for eit slikt flott lag.  

Reksnes seier han vil halde fram å arbeide for Senterpartiet.  -Sjølv om eg gjev meg som fylkesleiar, så er eg framleis topp motivert for å bidra til Senterpartiet, og  eg  har ingen planar om å gje meg i politikken.  No kjem eg til å prioritere verva mine som fylkestingsrepresentant i Vestland, og sentralstyremedlem i Senterpartiet framover. 

Senterpartiet sitt fylkesårsmøte skal vere i Sogndal 11. og 12. mars 2022.